torsdag 7. november 2019

Omboplomma kom med gamle Adam



Kaare Skaar hadde ikkje hausta mykje Ombo-plomme i år.  Dei gule plommene smaka godt for eit par dagar sidan. 


Med gamle Adam kom Ombo-plomma til den største øya i Ryfylke. Han var kasta ut av Paradis og var på veg til garden Jørstad på Ombo for å bli dreng der. Rett før han var framme på Jørstad tømte han lommane for plommesteinar som han hadde hatt med seg frå Edens hage.

Som du kanskje veit, blir det ikkje fullverdige frukttre av plommesteinar som blir kasta i terrenget og rotar seg og blir til tre. Dette er forklaringa på at denne plommesorten aldri har blitt den heilt store suksessen og i dag er i ferd med å bli forsømt og gløymd både på Ombo og i resten av Ryfylke.

Dei gule var gode nå i november.
Omboplomma er den seinaste plommesorten. Den er ikkje moden før i oktober og treng ei frostnatt for å bli søt. Då er dei gule og ganske gode på smak. Men det er jammen på tide å plukka dei også. Viss ikkje, blir dei brune og stygge og dett ned av seg sjølv.

I dag ser du Omboplomme-tre både her og der i distriktet vårt. Dei blir ofte ståande utan at nokon tek seg bryet med å henta frukta. Dei er hardføre og greier seg i det lengste sjøl om dei korkje blir gjødsla eller sprøyta.

- Eg meiner at Ombo-plomma er undervurdert i dag. Du kan laga godt syltetøy av denne frukta sjølv om ikkje kvaliteten er heilt på høgde med dagens foredla plommetre, seier 79-årige Kaare Skaar som har budd på Ombo det meste av sitt liv.

Under krigen var denne plommesorten viktig i bygdene her. Folk plukka den og mange brukte små-tønner som dei fylte opp og sende til byen. Den gav viktige inntekter til folk som ikkje hadde allverda å leva av på den tida.

Kaare Skaar har eit Omboplomme-tre i sin eigen hage. Heilt ut ved vegen står treet. Og sjølv han som skrytte av denne plomma, hadde knapt nok rørt frukta i år.

Han delte denne oppskrifta med meg. Den må du notera deg!

- Du proppar eit Norgesglass med Omboplomma og sukker. Til slutt tømmer du 60 % sprit på glasset. Så skruar du lokket godt igjen. Til jul får du ein drikk som slår ut alle kjøpte likørar, forsikrar den pensjonerte læraren.
Gamle Adam tjente på garden Jørstad på Ombo for lenge sidan, blir det fortalt.
 Minnesmerket er plassert på hjelmelandssida av øya. Nå blir Adam siddis.

Det var Kaare Skaar som fortalde meg om Adam og Omboplomma. Det gjorde han med eit smil om munnen. Så eg trur vel at sjøl han tvilar på om dette er den fulle og heile sanning. Men gamle Adam har alltid stått sterke i dagleglivet på øya. Når dei har snakka om noko skikkeleg gammalt har dei alltid sagt: Det var i den tida Adam tjente på Jørstad.

For nokre år sidan skaffa Vegvesenet ombobuane eit minnesmerke over Adam. Det står på den delen av Ombo som til denne tid har høyrt til Hjelmeland. Men nå blir gamle Adam siddis!

2 kommentarer:

  1. Kjekk artikkel Jone!
    Da kan jeg også nevne at Christen Christensen Klubben, som var båtsmann ombord i ROGALAND det meste av tiden den gikk i rute hadde et fast uttrykk.
    For når noe var virkelig langt tilbake i tid, da sa Christen: "Det var den gang da Adam var dreng på Ombo"!

    SvarSlett
  2. Og jeg kan fortelle at vi har Omboplommer i ei steinrøys utfor hekken, og i et villniss hos naboen. Vi plukket en pose i dag. Jeg skriver fra Nordre Strand.

    SvarSlett