onsdag 6. november 2019

Rekordjakt og nye tider på Ombo




Verda er i endring. Ombo også. Frå årsskiftet forsvinn den nest største øya i Rogaland inn i Stavanger kommune. Koss skal det gå?

- Ny rekord på Ombo, står det å lesa i lokalavisa Øyposten. Det har ikkje vore så mange fyrsteklassingar på Eidssund skule på mange år. Åtte nye elevar starta på skulen nå i haust. Alle dei håpefulle er avbilda og ser både glade og trivslege ut. Dei fryktar tydelegvis ikkje ei framtid som byfolk.

Sjølv om Ombo er stor, har øya aldri vore eigen kommune. Fram til 1965 var den delt mellom Sjernarøy, Jelsa og Hjelmeland. Etter1965 har Finnøy og Hjelmeland hatt kvar sin del. Frå årsskiftet blir heile øya ein del av Stavanger. I 2016 var det 236 innbyggjarar på Ombo. Vel 70 av desse bur på på Hjelmeland-sida. 

Ombobuane har vore samde om at dei burde tilhøyra same kommunen. Men ikkje kaffor ein. På Finnøy-sida ville dei tilhøyra Finnøy, medan fleirtalet på andre sida heldt på Hjelmeland. Dette snakka dei om i årevis fram Stavanger brått kom på banen og overtok heile øya, for å seia det enkelt.  

- Me er nøydde til å fylgja med i tida og omstilla oss, seier ombobu og kaptein Gunstein Aukland på ferja«Hjelmeland».


- Om det er Stavanger, Hjelmeland eller Finnøy, er Ombo ein utkant uansett, seier kaptein Gunstein Aukland på ferja «Hjelmeland». 42-åringen bur likevel svært sentralt i forhold til arbeidsplassen sin. Han og familien har berre nokre få hundre meter å gå frå ferjekaien på Skibavik til heimen sin. Kapteinen kan sjå heim heile tida medan han seilar fram og tilbake over Hjelmelandsfjorden. Han har vore på denne ferja sidan 2015.

Dei to barna i Aukland-familien går på skule på Hjelmeland. Dei har så kort veg til ferja at dei har ikkje bruk for annan skyss. Det er to familiar som bur så nær kaien at dei heller går på skulen på andre sida av fjorden. 

- Våre ungar kjem til å gå på skulen på Hjelmeland til dei er ferdige, Koss dette blir i framtida, veit me ikkje ennå.  Men det ville bli svært tungvint dersom det seinare skulle bli aktuelt å senda ungane frå vår del av øya over til andre sida på skule og så vidare til ungdomskule på Finnøy. seier Gunstein Aukland som reknar med at dette vil gå seg til.

Nede ved sjøen på Skår budde det over 50 menneske fordelt på sju husstander i etterkrigstida. Nå er det berre Kari
 og Kaare Skaar som bur her heile året.


På Skår budde det i etterkrigsåra over 50 sjeler fordelt på sju hustandar. I dag er Kaare Skaar og kona Kari dei einaste fastbuande igjen heilt nede ved fjorden. Dei andre husa her nede er omgjort til feriebustader. På heile Skår bur det seks menneske i dag.

- To av våre barn har skaffa seg sommarhus her og vårt hus vil også bli feriehus når den tid kjem. Det er alt avgjort, seier Kaare Skaar som er 79 år og pensjonert lærar.

I feriar og helger er det liv og røre på Skår, men det er meir stille vinterstid.

- Me ville helst høyrt til Hjelmeland, seier Kaare Skaar og peikar mot
kommunesenteret i Hjelmelandsvågen.
- Me ville vore hjelmelandsbuar viss me kunne bestemt, men det blir vel ikkje dramatiske endringar for oss som bur her nå. Eg reknar med at me kan bruka legekontoret og dei andre kommunale tenestene på Hjelmeland som før. På denne sida har me ikkje eigen kyrkjegard. I alle år har gravplassen vår med kyrkjegarden på Hjelmeland, seier Kaare Skaar.

I 1968 kom han tilbake til heimbygda som lærar i Vestersjø skulekrins. Elevtalet varierte. Ein periode var skulen stengd og Skaar blei lærar på Jøsneset til barnetalet tok seg opp og dei starta skulen igjen. Etter nokre år, i 1997, brann skulen ned og då blei ungane som ikkje budde nær ferjekaien, sende til skulen på Eidssund. Kaare Skaar avslutta sin karriere som lærar på skulen på Randøy.


- Så får me sjå koss det blir å vera ein del av Stavanger. Dette har jo alltid vore byen for oss, seier Kaare Skaar som var heime åleine då eg var innom på Skår. Kona var ein tur i byen. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar