fredag 8. november 2019

Her kan du leva av å selja straum og husa turistar!





- Det blir jo vemodig å flytta frå Fossane, meiner Kari og Sven Egil Sørensen. Dei har visning på garden sin i morgon, søndag. Ein spesiell gard med eigen kraftstasjon og tre eldre hus som blir utleigd til turistar på sommarstid.


Kan du tenkja deg? Den flotte garden på Fossane i Hjelmeland er for salg. Akkurat nå er dette ein snakkis i Hjelmeland og tilliggjande, herlege bygder. Garden har eigen kraftstasjon stor nok til å forsyna 50-60 husstandar med lys og varme. Dessutan er det tre gamle, moderniserte hus som blir utleigde til turistar. Hendige og sosiale menneske ville kunna leva godt av å passa på kraftstasjonen og vera gjestfri med turistane.

- Alderen pluss alvorleg sjukdom gjer oss nøydde til å selja garden nå. Me har tre ungar, to guttar og ei jente, men det passa ikkje for nokon av dei å ta over på Fossane. Då sel me. Vemodig er det sjølvsagt, men me er ikkje triste. Ungane våre, Sindre, Sølvi og Bjarte, har gode jobbar som dei likar. Ingen bør tvingast til å overta ein slektsgard, seier Kari (70) og Sven Egil (72) Sørensen.

Krunebrur nr.1:Sigrid frå Røldal
 og Bjarne frå Hjelmeland
gifta seg i 1945.
Kari er fødd og oppvaksen på Fossane, men dette er ingen gammal slektsgard. Faren, Bjarne Bjelland, kom frå garden Bjelland, ein liten gard som ligg høgt oppi bakkane opp frå Breilandsvatnet mellom Vormedalen og Hjelmeland. Den nygifte Bjarne kjøpte Fossane i 1947 og flytta dit med kona Sigrid, dottera Sylvia og foreldra Siri og Nils. Kari er fødd i 1949. 

Sigrid var frå Røldal. Koss kunne ein mann frå Fjellet skulekrins i Hjelmeland få tak i ei kone frå ein så eksotisk plass som fjellbygda omtrent på Haukeli?

Forklaringa var slik: På Fjellet hadde dei mykje geiter i tidlegare tider. Kvar vår dreiv dei geitene over Suldalsheiane til Haukeli. Dei leigde vekk geitene til røldølene. Geitene frå Ryfylke leverte mjølka som blei omgjort til geitost på stølane rundt Røldal. Den unge Bjarne frå Hjelmeland møtte budeia Sigrid Hellerslien på Haukeli og dei blei eit par.

Dei måtte jo ha ringar av gull når dei skulle gifta seg. Men dette var under krigen og gull var nesten umulig å få tak i. Men Sigrid greidde det. Ein turglad gullsmed frå Oslo kom forbi. Han hadde gull og skaffa ringar til Sigrid og Bjarne. Pengar hadde han nok av. Ein geitost fekk han som betaling for ringane.

Budeia Sigrid i arbeid med geitene på Haukeli.

Familien Bjelland var ikkje åleine på Fossane. Her budde Hartvig Vikedal og kona Ane i eit hus på nabobruket. Johne Fundingsland og systera Kristina budde i eit anna hus og ungkaren Olav Fossane i tredje.

Dette flyfotoet viser koss det såg ut på Fossane på 1960-talet. Heile Bjelland-familien budde i det låge, grå huset
midt i bildet fram til det nye gardshuset var ferdig i 1954. Siri og Nils fekk deretter det gamle huset for seg sjølv. I dag
er dette huset sett i stand som feriebustad.


Det var tradisjonell gardsdrift på Fossane. Bjarne Bjelland hadde mjølkekyr og sauer på garden. Men i tillegg blei det laga kraftstasjon for ein stor del av Vormedalen på Fossane i 1950. Det var Bjarne Bjelland som hadde tilsynet med drifta av kraftstasjonen. I tillegg tok han på seg å brøyta fylkesvegane både til Kleivaland og Fundingsland. Når han hadde tid, gjekk han også på anna arbeid.

Krunebrur nr. 2. Kari og Sven Egil Sørensen gifta seg
i 1972. Dottera deira, Sølvi, var krunebrur nr. 3.
Kari og Sven Egil Sørensen gifta seg i 1972. Dei budde i Ålesund i eit par års tid. Sven Egil arbeidde som maskiningeniør på eit skipsverft der.

Men Kari hadde møtt ein mann som kunna tenkja seg å overta garden på Fossane. Sven Egil var også bilmekaniker og oppvaksen på gard. Frå 1. januar 1975 har ekteparet Sørensen dreve garden på Fossane der det nå berre var eit gardsbruk igjen.

Garden blei driven i same spor med kyr, sauer og snøbrøyting. Sven Egil tok også på seg vedlikehald av mjølketankane på gardane som sokna til Årdal Meieri. Mjølkekvoten blei seldt i 2000. Nå var det sauer og salg av fôr.

Kari er utdanna sjukepleiar og var styrar for aldersheimen på Hjelmeland i ti år frå 1981.
Kraftstasjonen på Fossane blei nedlagt i 1969. Då kom det kraftlinje med Lyse-straum til Vormedalen. Stasjonen blei brukt litt sporadisk i åra etterpå. Etter at den blei endeleg nedlagt, overtok Kari og Sven Egil ansvaret for det anlegget som sto igjen.

Frå år 2000 blei det bygd opp ny kraftstasjon i den gamle bygningen på Fossane. Ny røyrgate og nytt maskineri kunne produsera 1,2 GWH eller 1,2 millionar kilowattimar. Nok straum til å forsyna 50-60 husstandar. Sjølv om Sven Egil har hatt ein god del hjelp av fagfolk både for å byggja opp og driva kraftproduksjonen, har han med sin bakgrunn mindre behov for å leiga hjelp enn mange andre ville hatt.

Sven Egil Sørensen står med den svære utrangerte maskinen i kraftstasjonen. Ein av dei nye og effektive står rett bak. Den
tek ikkje store plassen. 

Vormedalsvassdraget blei freda i samband med Ulla-Førre-utbygginga. På grunn av at det hadde vore kraftproduksjon her i mange år, fekk dei likevel lov til å driva kraftproduksjon vidare på Fossane. Dei har lov å bruka 15 prosent av gjennomsnittleg vassføring i fossen til å produsera straum. Normal vassføring er 4500 liter i sekunder. Til kraftproduksjonen går det med 700 liter i sekunder når dei tre kraftaggregata er i full drift. Dei leverer 160 KW tilsaman. Akkurat nå er det lita vassføring. Dermed er det berre ein maskin i drift.

- Under ein storflaum i 1992 rann det 60.000 liter vatn i sekundet i fossen, seier Sven Egil Sørensen.

I fjor tjente dei 350.000 kroner på kraftstasjonen etter avskrivningar, men før skatt.

- Mange av sommargjestene våre har blitt gode venner,
seier Kari Sørensen.
Kari og Sven Egil Sørensen har hatt meir å bala med. I 1989 kvitta dei seg med grisene og satsa på turistar. Dei sette i stand eit av dei gamle husa på garden slik at turistane kunne flytta inn. I 1996 var det neste restaurert og klar for utlendingar som søkte fred og ro og eit liv i pakt med naturen. Til slutt flytta dei det gamle folgehuset på Bjelland, høgt over Breilandsvatnet, til Fossane der det glir så fint inn at du kunne tru at det hadde stått der i alle år.

- Du blir ikkje rik av driva med turisme, men det har gjort oss i stand til å halda husa i stand. Det viktigaste er den menneskelege kontakten me har fått. Mange venner over heile verda, seier Kari og Sven Egil som står på reisefot når dei har seldt garden.

28. november skal dei vera med på ein stor fest i Wien. Eit tysk ektepar som har vore faste gjester på Fossane i alle år, skal feira at dottera deira er ferdig utdanna lege. Denne jenta var fast gjest i Vormedalen kvar sommar frå ho var fire år.

- Me har vore på besøk hos tidlegare gjester i mange land. Dei har blitt vennene vår. Dessutan er det ein god del av gjestene våre som har blitt kjende med kvarandre og utvikla vennskapsforhold, fortel ekteparet som har visning av gardsbruket i morgon.

Kari og Sven Egil Sørensen bur stadig på Fossane. Dei har kjøpt leilighet på Hjelmeland. I slutten av februar skal den vera klar til innflytting.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar