søndag 31. mars 2019

Gamle vinduskarmar får nytt liv på «Jøsenfjord»


Trond Laugaland, Paul Sverre Fyljesvoll og Steinar
Warland i full sving med teaken som skal pryda
«Jøsenfjord». Foto: Tor Olav Følgesvold.


Dei gamle vinduskarmane av solid, gammaldags teak frå Næringslivets Hus i Stavanger havna ikkje på bossdungen. Tvertimot. Nå blir dei reinska for gummilister, beslag, skruar og spiker og pussa opp etter beste evne i eit tidlegare hønshus på Randøy i Hjelmeland. Den gamle teaken skal få eit nytt liv på fronten av styrehuset og som kledning utanpå salongen på veteranbåten «Jøsenfjord».

Olavsgården i Stavanger blei til Næringslivets hus.
Foto: Stavanger byarkiv.
Byggefirmaet som renoverte Næringslivets hus, rekna med at det ville vera stor interesse for den gamle teaken. Slik var det ikkje. Den blei liggjande like til «Jøsenfjord»-entusiastane fekk nyss i den gamle, gode teaken som dei kunne få slå kloa i. Denne slags materiale er det ikkje råd å oppdriva i dag,

10 pallar med gamle glaskarmar blei henta hjå byggjefirmaet og kjørt til Felleskjøpet sitt anlegg i Hillevåg. Derifrå er nå vel halvparten frakta til Randøy der ein dugnadsgjeng på seks-sju mann nå har jobba fleire helger i vinter med å gjera teaken klar for sitt nye liv på «Jøsenfjord».
«Jøsenfjord» som DSD-båt etter 1975. Foto: Kåre Lindboe.

- Det gjenstår mykje arbeid før all teaken er reinska. Difor blir me glad viss det er fleire som kan tenkja seg å gjera ein innsats når me går i gang igjen etter påske, seier Tor Olav Følgesvold som er styremedlem i veteranbåtlaget og ein av dei som har vore med på det meste av dugnadsarbeidet.

Lars Randa viser fram den fornya teaken og ein del av
avfallet som er plukka av dei gamle vinduskarmane.
Foto: Jone Laugaland.
«Jøsenfjord» står nå i tørrdokka til Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter i Kristiansand. Her pågår arbeidet med å fornya stålskroget. Alle dårlege plater blir skifta ut. Ein er ferdig med forskipet. Nå er ein kommen til maskinrommet. Her har ein ikkje berre skifta plater. Vasstanken, dieseltank og lydpotter er tekne ut. Maskinsylindrane ser ut til å vera i tipp-topp-stand. Det er ikkje sikkert at ein må til med stempelsjau, er meldinga frå dei sakkyndige.

Riksantikvaren har hatt stor sans for arbeidet å setja «Jøsenfjord» i stand. Til nå har han bevilga mellom 10 og 20 millionar kroner til arbeidet. Det ser ikkje ut til at arbeidet i Kristiansand blir avlutta før i 2021.

Når «Jøsenfjord» kjem tilbake til Stavanger skal overbygninga gjerast ferdig. Styrehuset blei teke av før båten blei taua til Kristiansand i 2015. Det er ferdig restaurert med unntak av fronten som manglar teaken.

- Mykje godt arbeid gjenstår. Alle som kan tenkja seg å vera med, er velkomne, seier Lars Randa som er styreleiar i veteranbåtlaget.

Fakta: «Jøsenfjord» kom tilbake til Ryfylkefjordane for eigen maskin 20. april 2011 etter over 30 år i Nederland. Båten blei bygd ved Christiansands Mek. Værksted i 1886 for Actieselskabet Dampskibsselskabet Lindesnæs og fekk navnet «Lindesnæs. I 1930 kjøpte Jøsenfjord Rutelag dampbåten. I 1934 blei dampmaskinen teken ut og erstatta med ein Wichmann dieselmotor på 300 HK. Denne motoren står stadig i båten og skal vera den einaste igjen av denne maskintypen. I 1962 blei «Jøsenfjord» ombygd og påsett bildekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar