fredag 15. mars 2019

Fullstappa fjordabåtar med bilar på bakken, lasterommet og bildekket

«Sauda» med ei folkevogn oppe på bakken ved kaien på Austre Åmøy. Fire-
fem bilar kunne dei ha der på sommarstid i Haugesund-ruta. Bildet tilhøyrer
Helge Askildsen.


- Bortimot 20 bilar greidde me å pressa om bord i «Sauda» viss me var heldige. Fire-fem på bakken, fire i lasterommet, fire-fem på fordekket og resten på akterdekket, fortalde Erling Olsen til meg. Mosterøybuen kom raskt om bord i «Sauda» som ung styrmann etter at han begynte i Stavangerske i 1955.

«Sauda»  med bilar på fordekket og akterdekket. 
«Sauda» gjekk mange år i Haugesund-ruta som supplement til flaggskipet «Haugesund» som gjekk frå Stavanger kvar morgon og returnerte på kvelden. «Sauda» gjekk i den motsette ruta frå Haugesund om morgonen og returnerte på kvelden til sildabyen på kvelden. Midt på sommaren blei det stadig større biltrafikk og mange bilturistar ville kryssa Boknafjorden. Det var liv og røre på Strandkaien i Stavanger då «Sauda» lasta bilar.

Bilar var ikkje for kvensomhelst på 1950-talet. Det var rasjonering på den slags luksus. I 1960 var det 11 menneske for kvar norsk bil. Det var 171.000 bilar i Norge i mai i 1959.

Berre dei som kunne dokumentera at dei hadde bruk for bil for å  gjera arbeidet sitt, kunne få løyve til å kjøpa seg ny moderne bil. Sjølv om det var få bilar på vegane, var dei mange nok til å gi hovudbrot for styrmenn og matrosar på fjordabåtane om somrane når folk drog på bilferie.

Situasjonsrapport i Aftenbladet 17. juli 1956.


«Fjorddrott» som blei sett inn i rutetrafikk på Haugesund og Sauda i 1939, var den fyrste fjordabåten som hadde bildekk akterut. Der skulle det vera plass for opptil 14 personbilar. 


«Haugesund» som ny fullstappa med folk og bilar.
Då den ombygde ubåtjagaren «Haugesund» blei sett i fart i 1947, blei det andre boller. På dette bildekket var det plass til 22 bilar. Her var det også ei dreieskive på bildekket slik at bilar kunne svingast i den retninga som mannskapet om bord ønska for å utnytta plassen på dekket best mogeleg. Ikkje uvanleg på den tida at bakendane på bilar, bussar og lastebilar stakk ut frå dekket. Det var ikke så strengt om ein ikkje greidde å lukka igjen sidedørar og portar for å få plass til dei største bilane.

«Haugesund» gjekk berre ein dagleg rundtur mellom Stavanger og Haugesund i 1950-åra. Den gjekk frå Stavanger etter at nattoget frå Oslo var komme og returnerte frå Haugesund slik at folk kunne reisa vidare til Oslo med nattoget.



«Tonjer»


Denne dreieskiva var så spektakulær at den blei kopiert då Haugesund Dampskipsselskab fekk sin nye «Tonjer» i 1953 sjølv om den berre hadde plass til 10 bilar som ny.

Stavangerske og Haugesund Damp dreiv samseiling i dagruta mellom Haugesund og Stavanger. «Sauda» gjekk i fleire år i denne ruta fleire dagar i veka. Dei andre dagane gjekk «Tonjer» eller ein av dei andre båtane til Haugesund Damp. Det var ein god del strid om Haugesund-rutene. I nabobyen i nord følte dei seg overkjørte av Stavanger-interessene. Det var ikkje rart at kronprins Olav ikkje kunne reisa fram og tilbake med Stavangerske sin båt då han skulle åpna brua over Karmsundet i oktober 1955. Eg fann denne notisa i Aftenbladet:



1955 var eit stort år i vår lokale samferdselshistorie. Brua over Karmsundet blei åpna av kronprins Olav. Dette gav auka biltrafikk og «Haugesund» fekk nytt dekk over bildekket. Dermed blei det plass til 12 ekstra biler i "andre etasje". Desse bilane måtte løftast med vinsj opp og ned. Bilane sto i det som blei kalla eit skrev då dei blei blei løfta opp frå kaien.


«Haugesund» lastar bilar i Kopervik. Foto: Aftenbladet.

Aftenbladet 1. august 1958.
Det skjedde ting med «Tonjer» også i 1955. Den blei forlenga frå 40,35 meter til 42,75 meter. Då fekk den plass til to-tre bilar ekstra.

«Tonjer» gjekk både mellom Haugesund og Stavanger og mellom Haugesund og Bergen i den ytre leia på vestsida av Bømlo. Den forsvann frå Stavanger-trafikken og Strandkaien etter at Haugesund damp sette inn  bilferja «Tre Måker»  i ruta i 1964.

Dei fleste bilturistane ville ikkje reisa med båtane meir enn dei måtte. Dermed blei Kopervik den mest brukte stoppestaden på nordsida av Boknafjorden. Dette førte også til at Haugesund ikkje hadde så mange anløp dei siste åra av desse bilførande båtane. 

I1970 kom den første Skudenesferja. Den tok knekken på den tradisjonelle ruta mellom Haugesund, Kopervik og Stavanger. På det nye sambandet var det riksvegtakstar. Dermed tok dei aller fleste lastebilar og trailerar denne ruta. I 1973 blei Haugesund-ruta nedlagt. 



Rutebåtane mellom Stavanger og Haugesund hadde fast plass  på Strandkaien
Stavanger. «Tonjer» var fast gjest i Stavanger mellom 1953 og 1964.
Foto: Olaf Ellingsens samling. Statsarkivet.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar