torsdag 28. mars 2019

Fullstappa ferje i taubåt-trafikk


 «Utstein» slik den ser ut i dag med tre raude ringar i skorsteinen.
Foto: Harald Oanes.

Komplett krise. Ferja «Utstein» var klar til å gå i rute frå Stavanger då hovudmotoren stoppa. Ferjekaien var full var bilar og folk som skulle reisa på ei flott frihelg denne fredags ettermiddagen. Helga kunne bli spolert for mange viss ferja som skulle gå til Ryfylke-øyane og enda opp på Nedstrand, måtte på verkstad.

Kva skjedde 24. mai 1991? Denne historia har vore ukjent for meg fram til i dag, Men etter ei helg der mange har vore opptekne av ein viss cruisebåt som var i havsnaud etter å ha fått motorstopp på Hustadvika, kan eg nå fortelja denne historia frå våre lokale ferjehistorie.

Folka om bord i «Utstein» mista ikkje håvet. Dei tenkte og handla.

«Utstein» blir her taua ut frå Fogn av taubåtane «Haandy» og «Haabas» med kurs  til Judaberg. Foto: Steinar Warland.

Maskinsjefen, Sverre Dahle, konstaterte at problem med ein blåsar var årsak til motorstoppen. Han rekvirerte deler og reparatørar frå Stavangerske sin verkstad, Og ferjekapteinen, Jakob Langvik, han rekvirerte taubåtar frå Båtmann Haaland.

Dermed blei ferja lasta full av folk og bilar og kom seg av garde frå Fiskepiren i Stavanger. Rett nok litt sein i ruta, men taubåtane «Haabas» og «Haandy» tok «Utstein» mellom seg og sette kursen mot Ryfylke.

Ferja med sin eskorte var innom på Talgje og Fogn og fekk sett i land fastbuande og helgeturistar i det fine fredagsvêret. Deretter kryssa «Utstein» fjorden og stoppa på Judaberg på Finnøy.

På veg ut frå Finnøy med kursen vidare innover i fjorden, var blåsaren ordna. Hovudmotoren blei starta og ferja kunne gå for eigen maskin igjen, Taubåtane kunne returnera til Stavanger. «Utstein» kom til Nedstrand for eigen maskin litt seinare på kvelden.

Denne ferja med eit navn som får ein til å tenkja på klosteret som ligg på Klosterøy, ein del av Mosterøy i Rennesøy kommune, var slett ikkje bygd med tanke på eit liv i Rennesøy-ruta.

«Eidfjord» blei levert frå Haugesund Slip til HSD i juni 1975.  Bilde: RA

I juni 1975 blei den levert frå Haugesund Slip i Haugesund til det tradisjonsrike HSD og døypt «Eidfjord». Sommaren 1975 gjekk den nye pendelferja mellom Kinsarvik og Kvanndal. Seinare har den hatt eit omskifteleg liv på Vestlandet.

Neste år er «Utstein» 45 år gammal. Men er framleis fin i farten. For tida held den seg på Bømlafjorden og pendlar fram og tilbake mellom Langevåg på Bømlo og Buavåg i Sveio. Men i dette sambandet syng den nå på dei siste versa. Frå det kommande årsskiftet er det Fjord 1 som overtek dette sambandet. Norled og «Utstein» er ute av dansen på Bømlafjorden.

Eg har samla litt stoff om «Eidfjord» /«Utstein» og kjem med fleire bloggar om ferja. Har du stoff eller bilete om denne ferja, så tek eg gjern mot det.


Mi mail-adresse er hjelmelandsfjord@gmail.com.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar