mandag 22. oktober 2018

«Stavanger» - frå damp til full fres på fjorden


Dampskipet «Stavanger» var andre skipet til Stavangerske. Det bleibygd i Bergen i 1867 og forliste ved Kristiansand i 1886.
Bildet er henta frå DSD si jubileumsbok frå 1955.


Det Stavangerske Dampskibsselskab har hatt sju skip med navnet «Stavanger». Det fyrste var eit dampskip som blei bygd i Bergen i 1867. Det sjuande og siste er ei katamaranferje som kom i 2003 og går i 22 knops fart.

Katamaranferja «Stavanger» frå 2003. Bilde står i Stavangerske si
jubileumsbok frå 2005.


Skjerp deg! Her kjem den fyrste dampen:

Dampskipet «Stavanger» var eit propelldrive skip i motsetning til hjulbåten «Ryfylke» som var rederiets fyrste skip frå 1855. Planen var å setja «Stavanger» inn i rutefart på Hardanger og Bergen. Staten ytte bidrag til denne ruta. Stavangerske bestemte seg for å tilby «Stavanger» til denne ruta, men trur du ikkje at bergensskipet «Vikingen» stakk av med pengene og denne lukrative ruta.

Kva skulle Stavangerske nå gjera? Her hadde dei kosta på seg eit 125 fot langt skip som hadde kosta 26.000 spesiedalar. Dette var ikkje noko luksusskip, men eit godt og kraftig farty.

Men direksjonen i Stavangerske mista ikkje motet av litt motbør. Dei tok ei avgjerd som blei av stor og varig betydning for rederiet. «Stavanger» blei sett inn i rute mellom Kristiania og Bergen. Dette blei pionerskipet i kystruta Bergen – Stavanger – Oslo som blei svært viktig rute både for selskapet og landet i mange ti-år.


«Stavanger» fotografert på 1880-talet. Foto: Sophus Tromholt - Billedsamlingen Universitet i Bergen. 
Våren 1868 starta «Stavanger» i kystruta med ei 14-dagarsrute. Annankvar mandag gjekk «Stavanger» austover frå Stavanger med ankomst Kristiania onsdag ettermiddag. Ei veke seinare gjekk skipet frå Stavanger og nordover til Bergen.

Ruta var ein suksess. Alt i mai skreiv Stavangerske-leiinga at ruta var «særdeles lønnende». Det gjekk ikkje lenge før det blei hyppigare turar i samarbeid med andre selskap.

I 1869 gjekk «Stavanger» frå Bergen kvar søndag morgon klokka seks og frå hovudstaden kvar onsdag kveld klokka ti.

Men det stolte skipet «Stavanger» fekk ein altfor tidlig og sørgeleg ende.

I mars 1886 grunnstøytte skipet utanfor Ulvøysund, rett aust for Kristiansand. Støyten var så kraftig at det var uråd å redda skipet. Sjølv om passasjerane var i panikktilstand og fyrste livbåten kantra då den skulle setjast på sjøen full av passasjerar, kom alle om bord frå hendinga med livet i behold, men ein ung gutt som blei berga opp frå sjøen av kapteinen døydde inne i Ulvøysund seinare same dag.

Mange båtar kom til for å delta i redningsarbeidet. Ein av dei var dampbåten «Lindesnæs» som seinare kom til Stavanger og Ryfylke og gjekk her i aldri så mange år med navnet «Jøsenfjord».

Vraket av «Stavanger» blei funne sommaren 1982. Etter avtale med Norsk Sjøfartsmuseum ble skipsklokka, fleire ventilar og ein fire-blada propell tatt opp. Ei flaske Madeira blei prøvedrukken etter å ha blitt silt gjennom ein filterpose frå ein kaffitraktar. Skipsklokka heng i dag i klubblokala til Kristiansand Dykkerklubb.

Kjelder: Stavangerske si jubileumsbok frå 1955 skriven av R.A. Lorentzen og Erik Bakkevig si bok: Skipsforlis utenfor Vest-Agder. Frå Ulvøy til Åna Sira. Takk til Jens Christian Egenæs som skaffa meg fleire bilde av skipet.



2 kommentarer:

  1. Dette var artig lesing. Den første "Stavanger" var et staselig skip, selv om bergenserne kapret pengene ved hjelp av legendariske "Vikingen".

    Håper du fortsetter med "Stavangerbåtene" og legger reserveferjen Solbakk bak deg nå. Husk at jernbaneforbindelsen mellom Stavanger og Oslo først ble etablert etter krigen, og at det var så som så med veier og flere fergestrekninger. Ta gjerne tak i skipene som utførte Kystruten, ekspressruter til Oslo og ruter som korresponderte med tog fra Oslo til Kragerø, eller fra Oslo til Bergen. Stå på Jone, og vi andre følger med.

    SvarSlett
  2. Maleriet som du har lagt ut er nok av STAVANGER nr, II. Stavanger nr I hadde klipperbaug og bare et dekk og halvdekk forut og akter.

    SvarSlett