onsdag 17. oktober 2018

«Solbakk» - degradert til helgehjelp i Tau-ruta

«Solbakk» fekk berre fire år i Tau-sambandet. Ferja gjekk åtte år i
Midtsambandet.


Fire år fekk «Solbakk» som fast ferje i Tau-sambandet. I 1982 var det slutt. Då kom dei to nye ferjene «Tau» og «Strand» som tok 90 bilar.

 Søsterferja til «Solbakk», «Tau» frå 1977, og fjordferja «Stavanger» var også ferdig i Tau-sambandet på denne tida.

«Solbakk» blei nå flytta inn i Midtsambandet og blei gåande mellom Stavanger og Nedstrand med mellomsteder i åtte år. Men «Solbakk» var ikkje heilt ferdig med Tau-ruta. Den blei laurdagsvikar her i fleire år etterpå og fast vikar når dei nye ferjene var på sine årlege verkstad-opphald.

Matros Terje Hodneland dirigerer bilar på dekket på «Solbakk» 14. juni 1986. Kollega Olav Ommundsen i bakgrunnen.
(Foto: Morten Jørgensen)


Matros Terje Hodneland frå Jørpeland var om bord i «Solbakk» i minst seks år. På denne tida gjekk ferja mest i Midtsambandet og overnatta ofte på øya Nord-Hidle. Men på laurdagane gjekk dei til Tau.

Laurdag 14. juni 1986 var han på jobb då Aftenbladet sende eit reportasjeteam om bord. Journalist Margunn Ueland og fotograf Morten Jørgensen ville vita kva dei reisande og folka om bord meinte om eit nytt framlegg om å overlata ferjer og ferjedrift til eit fylkeskommunalt rederi.

Matrosen frå Jørpeland meinte ifølge Aftenbladet at det beste for både dei reisande og dei tilsette om bord var at Stavangerske dreiv ferjene. Selskapet hadde erfaring og ville yta god service viss dei fekk litt friare tøylar av styresmaktene.

Han fekk støtte av reingjeringsassisten Torunn Alsvik som også meinte at det var ein fordel at Stavangerske var ansvarleg for Tau-sambandet.

Olav Ommundsen til rors på «Solbakk».


Men reportasjeteamet møtte ikkje berre svorne Stavangerske-tilhengarar.

- Eit fylkesrederi? Kvifor ikkje?

Slik reagerte kapteinen om bord, Anders Tindeland. Han hadde ikkje høyrt om denne tanken før han blei orientert av Aftenbladet som kom på besøk i styrehuset.

Rormann Olav Ommundsen frå Hjelmeland med 28 år bak seg i Stavangerske, var meir avventande. Me har hatt det godt i selskapet i alle år, sa han.

Kameratene Hans Petter Hansen og
 kameraten Tor Jan Oltesvik reiste med
«Solbakk»  lørdag 14. juni 1986.


Kameratane Hans Petter Hansen og Tor Jan Oltesvik var ikkje så opptekne av rederi-spørsmålet. Det viktigaste er at ferjene går utan stopp og hensyn til rutetider når det er lange bilkøer på ferjekaiane, meinte dei.

Kristian Moe som kjørte tankbil for Frue Meieri hadde opplevd at dei store ferjene som tok 90 bilar blei erstatta av mykje mindre ferjer når dei vanlege ferjene måtte til reparasjon. Det var ikkje bra service, påpeika han.

I 1986 var det styrmennene som fungerte som billetørar på ferjene til Stavangerske. Her er styrmann Olav Foss
Berentsen i aksjon i Tau-sambandet 12. juni 1986. Foto: Morten Jørgensen.


Framlegget om å laga fylkesrederi blei aldri realisert. Og Stavangerske har drive dette sambandet i alle år frå starten i 1961 til det blir nedlagt om eit års tid. Navnet på rederiet har variert mellom Stavangerske, Rogaland Trafikkselskap og Norled utan at det har betydd noko for tilsette og reisande. Det har vore same organisasjonen som har stått bak drifta.

Då «Solbakk» forsvann til Nord-Norge, gjekk Terje Hodneland om bord i «Strand». Han var ferjematros i over 20 år.

- Ei kjekke tid. Det var mange gilde reisande og mange kjekke kolleger om bord i ferjene, seier Terje Hodneland som er 58 år nå.

«Solbakk» -fakta:

Denne ferja blei bygd i 1978 ved Moss Rosenberg Verft i Stavanger. Den blei sett inn i Tausambandet søndag 30. juli 1978. I 1982 blei «Solbakk» flytta til Midtsambandet Stavanger – Nedstrand. Ferja fekk montert hengedekk i 1990.

I 2000 blei «Solbakk» seldt til Bjørklids Ferjerederi i Troms, og sett inn i sambandet Lyngseidet – Olderdalen. Nå fekk ferja navnet «Stallovarre».

For to år sidan kom ferja tilbake til Sør-Vestlandet innleigd som reserveferje for Norled-ferjene.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar