tirsdag 30. oktober 2018

Erling Olsen er død



Erling Olsen var på heimebane bak maskinhendlane
 i styrehuset på «Rennesøy».


Ein fargeklatt og humør-spredar som alltid hadde eit ord til dei han traff både på sjø og land.

Erling Olsen frå Mosterøy er død, 86 år gammal.

Mange hugsar han som styrmann og skipper på fjordabåtar og ferjer. Men han var også engasjert i lokalpolitikken og i idrettslaget på Mosterøy.

Han var nummer åtte av i alt ni sysken og kom tidleg ut i arbeidslivet.

Erling Olsen arbeidde i ungdommen som fiskar og var på fleire av Bjelland sine føringsbåtar. Dei leverte råstoff til hermetikkfabrikkane. Seinare var han med på «Haugvalla» tilhøyrande Arne Haugvaldstad. Den fungerte som oppsynsbåt på brislingfiske rundt heile kysten.

I 1955 begynte han i Stavangerske. Sjølv om han hadde kystskipperskulen, måtte han seila eit år som matros før han kunne bli styrmann. Dampbåten «Øybuen» som gjekk i Rennesø-ruta på den tida, blei fyrste båten i rederiet.

Frå den tid var han på DSD-båtane i heile sitt yrkesliv. Han var på «Fjordsol» i Sauda-ruta og var også lenge på «Sauda» som gjekk fast på Haugesund i fleire år.

I dag hugsar vel dei fleste øybuane han som kaptein på ferja «Rennesøy».

Erling Olsen var ein type som interesserte seg og engasjerte seg der han var. Han hugsa godt si karriere på båtane og likte å fortelja om dette. Sjølv var eg på besøk hjå han fleire gonger for å samla opplysningar om ferjer og fjordabåtar.

Ikkje rart at mannen som var kaptein på ferja «Rennesøy» i utgangspunktet var skeptisk til Rennfast som vil gjera øyane landfaste og ferjene overflødige, men det gjekk ikkje lenge før han skifta meining. For der var han flink. Han var rask til å bestemma seg, men tok seg tid til å tenkja seg om når det var nødvendig.

Rennesøy-ruta var tøff for ein kaptein. Det var mange kaiar, ureint farvatn og tronge ruter. Folk sto ikkje i kø for å ta desse jobbane. Men her var Erling Olsen på heimebane. Han styrte og drog i manøvreringshendlar og fekk ferja trygt fram og tilbake.

Var det folk i bygda som hadde eit problem, gjekk dei ofte til Erling Olsen og søkte råd. Han sytte ikkje med å hjelpa dei. Han blei kommunepolitikar og sat fleire periodar i kommunestyret for Arbeiderpartiet. Prinsipp og partiprogram var han ikkje særleg oppteken av. Løysingsorientert passar vel som merkelapp på han.

Frå 1955 var han med i Mosterøy Idrettslag både som styremedlem og fotballspelar. På A-laget spela han fast fram til han var over 30 år då yngre krefter overtok på banen. Men på sidelinja var han like engasjert som publikummar i årevis etterpå.


Erling Olsen var gift med Signy som også var frå Mosterøy. Dei fekk tre barn. Signy døde for ein del år sidan.

Mange vil hugsa Erling Olsen med glede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar