lørdag 24. mars 2018

Hugsar du skuleskyssen «Hjelmen»?

Skuleskyss-båten «Hjelmen» hadde fast plass i moloen på Hjelmeland i nærare 20 år. Foto: Rudolf Stangeland.


Den gamle skuleskyss-båten «Hjelmen» ligg og har helgafri i moloen i Hjelmelandsvågen. Eit slikt fargebilde er nok til å få meg til å falla i stavar ei heil stund. Det minner om eit maleri. Ikkje ein plastikkbåt å sjå. Koss gammalt kan dette vera?

Fotografen var Rudolf Stangeland. Han var handelsmann i Bergevik på Forsand, men han kjøpte og selde båtar også. Fiskaskøyter og andre farty. I si tid kjøpte han melkebåten «Kløver» av Magnus Fuglestein i Erfjord og selde den vidare til Sverige. Kan han ha vore på Hjelmeland for å sjå på «Hjelmen»?

- Eg tvilar på det, seier sonen, Kjell Magnar Stangeland. Han trur at faren kikka seg rundt i Vågen ein gong dei gjekk og venta på skyss frå Hjelmeland til Hebnes.

Kona til Rudolf Stangeland, Aud Sigrund, var frå Hebnes. Dei reiste på helgetur dit av og til. Då var det greit å bli henta med båt på Hjelmeland. På den tida var det ikkje veg frå Ropeid til Hebnes. Bru over Sandsfjorden var berre ein fjern draum. 


Skulle ikkje forundra meg om bildet er teke i påskehelga. Akkurat nå sit eg på Hjelmeland og ser over på Ombo der det er snø på dei høgaste toppane bak Skår. Du ser snø ovanom Skår på bildet også. 

Bildet er frå 1971, viser det seg. Inne på kaien er det stabla opp betongblokker. Dei skulle Endre Nordbø bruka til å laga grunnmur på huset sitt i Nordbygda. 


Nils Kleppa frakta betongblokkene til moloen med «Paddy».
- Svigerfar, Nils Kleppa, kom med fiskeskøyta si, «Paddy», frå byen og lossa blokkene i moloen. Derifrå kjørte eg dei med to-hjulstraktor heim til hustomta vår. Dette hugsar eg veldig godt, seier Endre Nordbø i dag. 

Dei to båtane som ligg innerst til kaien i moloen, er også gamle kjenningar. Endre Nordbø meiner at den innerste er «Byrkjafjord» som hadde eigarane Kåre Gundersen, Olav Byrkja og Bjarne Byrkja.

Jon Eileif Dale meiner at det korrekte er at «Byrkjafjord» var eigd av Olav Byrkja, Kristen Ingvaldstad og Ivan Skjelbreid.

Jan Buer var eigar av gavlabåten utanpå «Byrkjafjord».

- Eg trur at robåten med vindskjerm tilhøyrde Lars Jørmeland, seier Endre Nordbø.

Eg har samla saman ein del stoff og bilde slik at eg kan laga fleire «Hjelmen»-epistlar nå i påskeferien. Tek gjerne mot innspel, bilder og opplysningar. Du finn meg på Messenger, mobil, mail eller hytta i Hjelmelandsvågen. 


Moloen laurdag 24-3-18 klokka 16. Foto: Bloggaren.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar