onsdag 28. mars 2018

«Hjelmen»-redaren døde og båten kom for salg

«Hjelmen»  kom for salg hausten 1977.


I 1977 blei det endeleg sett punktum for skulebåten «Hjelmen». Den gjekk i opplag i moloen på Hjelmeland.  Utpå hausten, same året, døde Arne Larsson brått, rett før han fylte 69 år.

Ein spesielle båt kom for salg og ein originale båteigar var ute av soga.

Den utflytta hjelmelandsbuen Johan Nesvik kjøpte «Hjelmen» i 1978 av arvingane etter Arne Larsson for 25.000 kr. Han innreda båten til turbåt og laga bysse og køyer i den tidlegare salongen.


Melding i Aftenbladet 28. juni 1963.


Arne Larsson hadde skifta motor i «Hjelmen». Då båten var ny, sto det ein Rapp om bord. Denne blei skifta ut med ein brukt lastebil-motor som hadde sett sine beste dagar då Nesvik overtok. Difor sette han inn ein annan lastebil-motor som hadde stått i ein  Volvo B-50. 

«Hjelmen» gjorde nå åtte knop og brukte to og ein halv time til Hjelmeland. Båten låg i Bangarvågen ved Stavanger på Knut Sivertsen sin brygge.

Men det blei skruing og reparasjonar. Kona klaga. I helgene såg ho berre bakparten på mannen som sto på hovudet ned i maskinrommet. Dette gjekk ikkje i lengden. Etter fem års tid selde Johan Nesvik «Hjelmen» vidare.

- Siste gongen eg såg «Hjelmen», låg den i Hillevågsvatnet i Stavanger, seier Johan Nesvik.

Jan Terje Teddy Jensen melder at båten endte sine dagar på Usken på slutten av 1980-talet. Ein fastbuande på øya skulle byggja den om til frakt av djupvassboringsutstyr. Salongoverbygget blei fjerna og erstatta med eit solid aluminiumsdekk. Men den gamle skulebåten blei liggjande ved Usken og kom aldri meir i fart.


Arne Larsson døydde brått laurdag 3. september, sto det i Aftenbladet. Han var ein evnerik og mykje dugande mann. Tidlegare var han fiskar og hadde eige brislingbruk. Seinare dreiv han skuleskyssen i Hjelmeland. Heilt til det siste var han revisor i banken. 

Som politikar var han varaordførar og formann i trygdekassen, medlem i overlikningsnemda og formann i bygningsrådet.
Arne Larsson kjempa for at ferjestøa på Hjelmeland skulle liggja i Vågen. Han anka vedtaket i kommunestyret om at det nye framtidige ferjeleiet skulle liggja på Sande, inn for Fylkesmann.

Arne Larsson var ein real og rettskaffen mann som hadde mange venner. Larsson var ugift, skreiv Aftenbladet.

Som guttunge i 1950-åra og halvstyving på 1960-talet visste eg godt kven Arne Larsson var og trudde eg visste det mest om han.

Men ein ting var nytt for meg. Mannen som folk kjende som fiskar og politikar hadde også andre sider. Han dreiv med fiolinspel og lærte dei unge på Hjelmeland å spela fela. Ein av dei som Arne Larson bruka tid på å læra opp i fiolin-kunsten var den ganske unge Arne Kleppa, som seinare blei rådmann i Hjelmeland kommune.

Notis i Aftenbladet 5. mai 1955.


La oss hugsa Arne Larsson og «Hjelmen» med glede. God påske!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar