søndag 25. mars 2018

Var «Hjelmen» utgått på dato i 1959?

Aftenbladet 3. desember 1959.


- Hjelmeland har fått sin eigen «Clipper» eller rettare sagt sjøbuss, skriv Aftenbladet 3. desember 1959.

Eigaren, Arne Larsson, kom med han sjølv her ein dag og køyrde han beint inn i Moloen med ein gong. Der skal han pusta på dei stundene han får fred. Minst to gonger kvar dag må han ta turen Vågen, Pundsnes, Randøy, Jøseneset og attende til Vågen. (Pundsnes er sikkert feiltrykk for Hundsnes og Ombo er ikkje nemnt i avisa.)

Ein slik tur kan vera heisen no vintersdag med storm frå nordvest eller aust.  Det har seg slik at Larsson skyssar framhaldskuleelevane til og frå Askvik skule. Til det måtte han skaffa seg ein båt som kunne bli godkjent av skipskontrollen. Det var Sandnes Mek. Verksted og slipp som tok på seg dette arbeidet. Og resultatet ser ut til å vera framifrå godt. 

Båten som no heiter «Hjelmen» har fått ein romsleg salong med gang i midten og bord og benker på begge sider. Det er sitjeplass til 22 passasjerar, men meir er tillete. Motoren er ein Rapp med 24 hestekrefter som gjer ein fart av 8-9 mil.

Slik sto det i avisa. Viss nokon har supplerande opplysningar om byggjeplass og maskin, tek eg mot det med takk. 

- «Hjelmen» var utdatert frå starten, var det ein som skreiv på Facebook i går. Andre gav uttrykk for liknande oppfatningar om båten. Eg trur nok at dei på mange måtar har rett i at båten etterkvart gjekk ut på dato. På 1970-talet var nok dette nokså innlysande.


Vedtaket om å gi Arne Larsson jobben med å skyssa skuleelevane blei gjort
i dette huset. Her var det lærarbustad i enden nærast og kommunestyre-sal i
andre enden.  Det blei kalla heradsstova. Ligg like ved Spa-hotellet. 
Men det er lenge sidan 1959. Hjelmeland var ein liten, fattig kommune med eigne skulekrinsar på alle nes. Berre framhaldskulen samla elevar frå heile kommunen. Desse elevane var konfirmerte om hausten og gjekk på framhaldsskulen den følgjande vinteren. Dette var eit tilbod for dei som ville. Dei som meinte det var meir enn nok med sju års folkeskule, kunne finna på andre ting: Ta seg ein jobb eller reisa til sjøs.  

Skuleåret var kortare på framhaldsskulen enn på folkeskulen. Den begynte seinare og slutta tidlegare. Kommunepolitikarane såg seg ikkje råd til meir. Då det viste seg nødvendig med ein eigen skulebåt, var det nok ikkje noko ynskje frå dei som sat på pengesekken at ein skulle flotta seg når det skulle skaffast nødvendig skule-skyssbåt. Elevane opplevde både sjøsjuke, skodde og motorproblem med «Hjelmen». Men det gjekk heldigvis godt. Eg veit ikkje om at det skjedde alvorlege uhell med båten. 

I 1959 var Ombo delt på tre kommunar: Hjelmeland, Sjernarøy og Jelsa. For å samanlikna skulebåt-standarden på den tida, fann eg fram båttilbodet i Sjernarøy kommune. Men det var ikkje akkurat den mest moderne tonnasjen dei hadde der heller. Var det «Øygut» som frakta framhaldsskule-elevane frå Ombo til Sjernarøy?


Dette er frå Rødne-rederiet sine nettsider. 










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar