mandag 26. mars 2018

Her kjem gutane frå skuleskyssen!

Kjenner du skuleguttane som kjem frå  skyssbåten «Hjelmen».  Bak til høgre ligg skyssbåten «Star».


- Hei! Guttungen med stripet jumper må vera Bøgningsmaen, Sigve Vatland.

Dette var eg heilt sikker på. Eg treiv telefonen for å få tak i mannen som kunne identifisera guttane på bildet. Han kom for å hjelpa meg. Men det tok litt tid før han kunne sjå på bildet. Eine glaset i lesebrillene var borte. Brillehjelpen måtte tilkallast. Endeleg fekk han synet på plass og kunne sjå.

Arne Larsson og Tanja
- Ole Dagfinn Nårstad er gutten heilt til venstre. Men den neste er slett ikkje meg. Det er bror min, Børge Vatland og den neste er Kurt Åsland. Gutten heilt til høgre er Inge Torkild Skiftun. Dei andre greier eg ikkje, seier Sigve Vatland som er tre år yngre enn broren Børge som er fødd i 1960 og gjekk i sjuande klasse i september 1973.

Kjenner du fleire av dei som er med på bildet. Flott viss du kan hjelpa meg med å få alle på plass. Nå er alle navna på skuleelevane som går i land på Hjelmeland på plass:
Frå venstre: Ole Dagfinn Nårstad, Børge Vatland, Kurt Åsland, Jostein Hjorteland, Bjørn Asgaut Olsen, Torkel Nesvik og Inge Torkild Skiftun. Bak desse kjem Anne Lise Fosså, Torill Hjorteland og Odd Magne Åsland. Margaret Hagen hoppar i land frå båten.

Aftenbladet hadde ein heilsides reportasje om skuleskyss-rutene i Hjelmeland laurdag 29. september 1973. Det var den unge frilans-journalisten Leif Sirevåg som hadde laga den. Han hadde vore med Arne Larsson på rundtur med skulebåten «Hjelmen». Sirevåg som seinare blei fast tilsett som journalist og seinare redaktør i Aftenbladet, kjende godt Arne Larsson og «Hjelmen» frå før. Larsson var onkelen hans. 

- Hver eneste morgen er 12 busser, små og store i sving for å få elevene fram til skolene i Hjelmeland og Årdal. Samtidig reiser to båter rundt mellom øyene og samler opp elever der. Bare en vei kjøres det 98 kilometer, og båtene går ni kilometer hver morgen. 

Dette apparatet virker meget bra, men for at det hele skal fungere best mulig, koster det kommunen 614. 000 kroner, står i det i reportasjen frå september 1973. 

Aftenbladet var med «Hjelmen» på morgonturen frå Tuftene på Ombo via Nesvik på Jøsneset til Hjelmeland. Presis klokka 8.15 kom Bernhard Skaar til Tuftene med Ombo-elevar i sin drosje og Signy Helgeland kom med eigen båt frå Buer. Deretter gjekk båten til Nesvik og så til Hjelmelandsvågen der elevane blei frakta i buss opp til ungdomsskulen. 

Osvald Sæbø frakta skuleelevane frå Randøy over til Hundsnes med skyssbåten «Star».

«Hjelmen»-eigar og skipper Arne Larsson seier til avisa at det kan vera vêrhardt i austavinden frå Jøsenfjorden, men det er svært sjeldan at ruta har vore innstilt. I 1973 var skulebåtane nettopp utstyrt med mobiltelefonar for å gjera det tryggare for dei reisande. 


Lærar Rolv Breivik stig i land frå skulebåten «Hjelmen» på Ølesund.
Veldig kjekt at folk har vist interesse for dette stoffet. Fleire har skrive kommentarar på Facebook og nokon har sendt bilder. Eg tek mot meir med takk. Viss originalbilda frå Aftenbladet dukkar opp, hadde det vore fantastisk. 

Kari Halsne Øye har sendt eit bilde av faren, Rolv Breivik, som stig i land frå «Hjelmen» på Ølesund. Breivik var lærar på framhaldsskulen vinteren 1963 - 1963 då eg gjekk der. Etter det tok han lærarutdanning i ganske vaksen alder. Han var seinare ungdomskulelærar på Hjelmeland i mange år. 

Her er eit utval av Facebook-kommentarane:


Magnhild Meltveit Kleppa Eg var lærar på Jøsneset skuleåret 1967/68. Einaste lærar, 9 elevar i småskulen og 16 i storskulen. Eg budde på skulen i vekene, reiste heim til Hjelmeland laurdag ettermiddag med Arne Larsson. Tilbake søndag kveld med Oppseilinga, eller måndag morgon med «Hjelmen».
Første stopp om morgonen var truleg Skår, deretter Nesvik. Ragnhild Vestersjø gjekk på framhaldsskulen det året, ho vekte meg viss eg sovna før eg var framme.
Båten? I ruskevær stod eg i styrehuset med Arne Larsson. Sjøluft? Å ja, men også ein eim av olje. Dessutan ein snill hund som gjekk fritt mellom benker og bord. 


Kari Skaar Arne Larson var ein gilde skysskar, og det var gjevt å få han til å skriva i minnebøkene våre. Då trur eg det var dette han skreiv: Per aspera ad astra.

Ikkje alle er like begeistra:


Ole Dagfinn Nårstad Den var utdatert fra starten av. Motoren stoppet av og til når det var dårlig vær og me halt på å rega på land mer enn ein gong. Doet var avlåst for det var alltid i ustand. Blei ein sjøsjuk måtte ein henge over rekka uansett vær. Rart at det blei folk av oss.Eva Brit Nårstad Ja, folk hadde aldri sendt barna sine med en slik holk nå. At ingen ble skadde eller drept var bare flaks. De yngste gikk i 4. klasse altså de var 9 til 10 år gamle. Heldigvis ble det slutt da jeg skulle starte i 4. klasse. Jeg er ennå glad for at jeg kun reiste med den første halvår i 7. klasse. Altså da jeg var 13 år.
Guri Sofie Bjelland Eg er Randøybu og har reist mykje med " Hjelmen " i mi tid som skuleelev. Først då eg gjekk i 6-7 kl. reiste me til Hjelmeland skule 2 gonger i veka.Då eg i 1965 gjekk på framhaldskulen i Askvik var det kvar dag. Båten gjekk frå Øyehavn deretter til Skår - Nesvik - Hjelmeland, der buss stod på kaien og kjørte oss til Askvik. Det var slett i ikkje alltid fjorden var like blank,vinterstid kunne det vera ganske så" russje" men det gjekk som oftast greit å komma seg både fram og tilbake. Men ein spesiell opplevelse eg hadde med skuleskyssen då eg gjekk på framhaldskulen vil eg fortelja her: Det var vinter,snø og kaldt. Eg hasta avgårde for å nå skuleskyssen om morgonen,den låg å venta på meg,som vanlig var eg i siste liten og dermed sistemann som skulle ombord .Eg løyste tauet frå bryggja og heiv ombord og skulle hoppa etter, men bryggja og båtripa var isete og glatt, og dermed havna eg i det iskalda vatnet mellom båten og bryggja. Då Larsson merka at eg hadde ramla uti var han ikkje sein med å komma seg på land, han fekk tak i armen min og fekk hala meg på land igjen med beskjed om å komma meg heim i ein fart. Eg tusla meg heimatt i snøen klissvåt frå topp til tå, medan " Hjelmen" tøffa avgårde utover fjorden utan meg. Eg trur det sette ein støkk i Larsson for han ringde heim til foreldrene mine for å forsikra seg om at eg var kommen heim. Det var og siste gong eg måtte løysa tauet. Eg hugsa det var litt flaut å komma på skulen dagen etterpå, det vart jo sjølsagt kommentert. Bl.a.av bror din Dag,som ville veta om eg hadde blit våte då eg datt på sjøen.Jan Skaar Då "Hjelmen" kom som skulebåt var der rekkverk oppå salongen...Der vart fjerna nokre år seinare pga stabiliteten...Huska me var oppå der på fine dagar....
«Hjelmen» på Skår. Foto: Martin Skår. 




















1 kommentar:

  1. Ingvar Hauge: Dette var i mi ungdomsskuletid. Trudde at Ombo- og Randøy-elevane kom på ved Hundsnes fram til 1976. Deretter blei vel Ombo-elevane skyssa ilag med dei frå Jøsenfjord og Skiftun. Eller huskar eg feil? Av elevar frå Jøsneset og Ombo huskar eg i alle fall Einar og Reidar Nesvik, Kurt og Leif Raymond Åsland og Nårstad-brødrene Ole Dagfinn og Gunnar + Børge Vatland. I tillegg Arne Rørheim og litt seinare Asgaut Olsen og Sigve Vatland. Var og ei jente fra Skiftun som heite Anne Lise Hjorteland

    SvarSlett