mandag 9. november 2015

Ny DSD-sjef, dødsulukke med sirkelsag og ein tysk villmann

Mykje spennande lesestoff på ei slik førsteside
 frå april 1949.
- Det vil alltid være behov for skip mellom Stavanger og Oslo, fastslo den nye Stavangerske-direktøren i eit intervju med Aftenbladet lørdag 24. april 1949. Sørlendingen hadde nettopp avløyst direktør Johansen og hadde tydelegvis funne seg vel til rette i Stavanger. - Her håper jeg å bli riktig lenge, sa Aanensen og det blei han.

DSD-sjefen teikna av Henry Imsland
Han var ein autoritær sjef av den gamle skulen. Med han som sjef gjekk Stavangerske frå damp til diesel og vidare til hydrofoil og westamaranar. Ikkje før westamaranen "Sauda" blei sett i trafikk sommaren 1972, blei Aanensen takka av etter 23 år.

På ein mørk og våt novemberdag kan ein trygt klikka seg inn på nettet og lesa i gamle aviser. Kan henda eg finn noko spennande.

- Det høres lett at den nye Stavangerske-direktøren er sørlending, selv om han ikke taler sørlandsdialekten purt og rent lenger, heiter det i Aftenbladet.

- Alt er ved det beste i Stavangerske, blei hans standardsvar når journalistane ringte til han og hadde kritiske spørsmål.

Ikkje alltid så lett å konsentrera seg om eit langt, audmjukt direktør-intervju. Andre overskrifter på fyrstesida lokka meg vekk frå kjedelege næringslivsspørsmål.

Dødsulukke i Saudafjorden. Osmund Hylen datt over sirkelsaga og vart drepen. Osmund Hylen var fiskar. Han hadde teke seg ein tur til sagbruket på Ås i Saudafjorden. Under arbeidet sto han på ein avsats over saga. På ein eller anna måte mista han jamvekta og fall over saga. Han vart stygt skada og døydde straks.

Fiskar Osmund Hylen omkom på tragisk vis


Lensmann Rasmussen på Sand opplyser at saga var skjerma på vanleg måte, men skjermen blei bøygd til sides under fallet.

Ommund Hylen var i 45-årsalderen og var ikkje gift. Førre valperiode var han med i Sand kommunestyre, står det til slutt i avis-meldinga.

Den tyske soldaten overgav seg fyrst i 1949


Den siste villmann. Eg har høyrt om japanske soldatar som gøymde seg vekk ulike stader i Asia etter krigen og først mange år etterpå våga å komma fram. Men at det gjekk tyske soldatar rundt i den norske fjellheimen i dei fyrste åra etter krigen, var ukjent for meg. I Ytre Namdal blei ein skinnkledd mann overmanna av lokale fjellfolk. Den skinnkledde mannen viste seg å vera ein tidlegare tysk soldat, melder Aftenbladet.

Alle som er abonnentar på Aftenbladet kan gå inn i arkivet via e-avisa til Aftenbladet. Mykje spanande å lesa!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar