tirsdag 17. november 2015

Misnøye med Suldalsdampen og klaging på DSD

Oppslag i Aftenbladet 14. november 1950.


Finst det meir underhaldande lesnad enn ei godt skrive kommunestyre-referat? Svaret mitt er nei. Når livsviktige båtruter står på sakslista, gløda dei gamle bygdepolitikarane skikkeleg. Denne perla frå Suldal heradstyre sto i Aftenbladet 14. november 1950. Opplysande også. Visste du at det ikkje gjekk å reisa frå Stavanger til Nesflaten på ein og same dag?

9. november 1950 styrte ordførar Erling Ritland møtet der båtrutene på Suldalsvatnet blei drøfta. Eg har ein sterk mistanke om at det er Johan Veka, kjend lærar i Bråtveit-krinsen og Aftenblad-skribent som har skrive referatet. Deretter er det heilt sikkert kvalitetssikra av dåverande redaksjonssekretær i Aftenbladet, Jon Moe. Han var jo også frå Suldal.

- Rutene må vera slik at folk frå Øvre Suldal kan komma heim frå Stavanger på ein dag, krev mennene i Suldal kommunestyre. Stavangerske får på pukkelen for å ha motarbeidd planen om å erstatta dampmaskinen i D/S "Suldal" med motor. Eg gjer merksam på at dette er  Suldal kommune før den store kommunesamanslåinga i 1965.  Les og lær!

D/S "Suldal" blei sett i fart i 1885. Suldalsporten og dampen var
vore eit ynda fotomotiv  i mange år. 


Ruteordninga på Suldalsvatnet.

Ordføraren tok opp spørsmålet om betre båtruter på Suldalsvatnet, og las opp det som har vore skrive i Aftenbladet om rutene.

Leiv Haugen ville ha ein skipnad slik at det vart råd å koma frå Stavanger til Øvre Suldal same dagen.

Tormod Mehus meinte det var ikkje greitt å få det til i tida 15. november - 15. februar. Men frå 15. februar måtte det kunna la seg gjera. Han er med i Turisttrafikknemnda, og hadde der teke opp spørsmålet om direkte rute Stavanger - Sand i sommarhalvåret. Og likeeins dette om rutesamband ein dag i veka Stavanger - Øvre Suldal og Røldal om vinteren. Han  meinte at bygdene måtte takast meir med på råd når rutene vert sette opp. Han ville og ha søndagsrute på Suldalsvatnet.

I samband med det om søndagsrute opplyste Kleng Vårvik at heile billettsalet i kyrkjeruta bededagen var på 22 kroner!

Gabriel Roaldkvam: Ein kan ikkje byggja berre på det. Og han han heldt fram at DSD la seg på tverke for ei rasjonell rutedrift på Suldalsvatnet. Det var mykje DSD å takka at ein ikkje hadde fått motor installert i D/S "Suldal", endå ein då ville fått stuttare reisetid og spart mange pengar.

Tormod Mehus: Etter dei opplysningar er har, ville ein då spart 100 kr. pr. tur.

Ola Vetrhus kritiserte dei gamle rutene. Han hadde den tokken at det var byfolk som dirigerte bygdene her.

Åke Herabakke totte og rutene på Suldalsvatnet var lite tidhøvelege.

Ordføraren var klår over dei økonomiske vanskane som Suldal Dampskipsselskap hadde, men han totte selskapet tok lite omsyn til folk i Øvre Suldal t.d. når det galdt kommunale møte på Osen, og han kom med dette framlegget til ei oppmoding til Suldal Dampskipsselskap:

"Det vil vera ei stor føremun for folket i Øvre Suldal om ruta vert brigda slik at ein sløyfa ruta frå Osen fredagskvelden og at ein i staden får ruta frå og til Osen laurdag. Ein bed om at dette brigde vert gjort straks."

Framlegget vart vedteke samrøystes. Eit framlegg frå ordføraren om at rutene på Suldalsvatnet fra 1. mars vart ordna slik at ein kunne koma fram på Suldalsvatnet same dagen frå Stavanger, vart vedteke mot ei røyst, Kleng Vårvik. Han ville ikje vera med på noko tidfesting.

D/S "Suldal" slik den såg ut etter 1953.


Heradstyret sa samstundes frå at det ville vera til stor økonomisk vinning for D.S. "Suldal" om ein bytte ut dampmaskinen med motor, og attpå ville får betre ruter.
Til opplysning: D.S. "Suldal" blei ombygd til motorskip i 1953. Prøveturen gjekk 29. oktober 1953. Båten var då kvitmalt og såg ut som den var ny, blei det meldt. Rutebåten blei sett i fart alt i 1885.
Rutetrafikken på Suldalsvatnet tok slutt 31. desember 1978. Då var Suldalsvegen teken i bruk.

I nyare tid er "Suldal" restaurert og omgjort til veteranbåt igjen.













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar