torsdag 31. desember 2015

2015 - Det året eg fekk slag!


2015 er på veg ut fjorden nå. Her går nattruteskipet "Stavanger" frå
Sandnes for siste gong i 1973.


- Godt nyttår, sa eg til min polske sjåfør-kollega då eg gjekk av den grønne buss nr. 9 på Revheim i føremiddag. - Takk. God jul, smilte mannen bak rattet før han lukka døra etter meg og kjørte vidare på ruta mot Tananger. Eg likar godt polakkar, men dei er vonde å snakka med.

Eg sto opp klokka halv fire i dag for å komma tidsnok på buss-jobb. Dermed var eg ferdig utkjørt rett over klokka ti og heime igjen i elleve-tida og fekk tatt igjen litt forsømt nattesøvn før nyttårsfeiringa.

Nattruteskipet "Stavanger" gjekk ut fjorden frå Sandnese for siste gong ein dag i 1973. Nå er 2015 på veg ut fjorden for siste gong. Og koss gjekk dette året?

Når ein har dreve på og levd i så mange år som meg, går det mykje på rutine og gammal vane. Tida går berre fortare og fortare, seier me. - Eg hugsar det som om det var i går, sjølv om det er 20 år sidan, seier me. Men når eg ser framover, føler eg ofte at det er lenge til mandag og til bollesøndag og påskeafta. Har ikkje du det slik?

Eg blei 66 i år. Wenche Myhre syng jo så kjekk om koss kjekt det skal bli, men eg må innrømma at eg fekk meg ein på snuten som 66-åring. Hjerneslag hadde eg ikkje ønskt meg og det kom veldig uventa. Eg forsto ikkje kva som hadde skjedd då handa mi plutseleg ikkje virka.

Flaks og ei pågåande kåna førte til at eg fekk rask legehjelp. Eg blei heilt paff då legen sa at eg hadde fått slag. Sjølv om eg har langt framskreden flyskrekk, gløymde eg heilt å vera redd då eg blei send med luftambulanse-helikopter frå Hjelmeland til sykehuset i byen. Eg dreit i alt og studerte Ryfylke frå lufta. Tanken på at helikopteret kunne detta ned, den streifa meg ikkje.

For å gjera ein lang historie kort: Eg hadde flaks som så mange gonger før. Handa mi livna til igjen og er nesten like god som før. For å trena opp fingrane på venstrehanda, begynte eg å blogga. Som gammal skrivemaskinslærar, brukar eg alle fingrane på venstrå når eg tastar i veg.

Vel tre månader etter slaget fekk eg kjøra buss igjen. Eg føler meg i fin form, men det er klart at du gjer deg dine tankar etter ei slik hending.

Veit du kva ein kamerat av meg sa i vår ungdom?

- Beste du går der friske og raske, så er du gifte.

Det gjekk troll i ord for hans del.

Takk for det gamla!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar