mandag 7. desember 2015

Ein buss å stilla klokka etter!

Klokka manglar berre sekund før åtte over halv
 når bussen  passerer her ved lyktastolpen.


Du høyrer duren av kjøretøy ned i Byhaugveien. Ei mild dieselbrumming på toppen av Solandsbakken. Så høyrer du sjåføren gassar opp i svingen inn i Lindeveien. Du treng ikkje sjå på klokka. Den er åtte over halv. Det er vår eigen buss nummer 25, Byhaugbussen som passerer.

Frå min plass ved kjøkkenbordet har eg full kontrollen over Lindeveien. Av og til kikkar sjåføren inn til meg når han passerer og helsar med handa i vêret. - Såg du. Sjåføren helste på meg, seier eg til ho på andre sida av bordet.

Me er fantastisk heldige på Byhaugen som har denne bussen som du kan stilla klokka etter. Halv går den frå holdeplassen ved Breiavatnet, tvers over Atlantic. Åtte minutt seinare står eg på Byhaugen utfor huset vårt. Tilbake til byen går bussruta litt i krusedull i trange gater nedover på Tasta. Men den kjem alltid fram.

Resten av timen har den litle bussen eit sidesprang over Storhaug, men klokka halv er den tilbake ved Breiavatnet og klar for Byhaug-tur igjen. Som om ingenting skulle ha hendt.

Viss sjåføren ser meg ved kjøkkenbordet, vinkar han til meg. 


Skal du reisa med bussar, må dei vera til å stola på. Det er Byhaugbussen. Du veit kor du har den. Då passar du på å vera klar til klokka er halv eller så må du venta ein time. Viss du ikkje har ein slik på minuttet-buss, må det vera ein som kjem heile tida. Du går på holdeplassen og ventar ei stund og vips: Der er bussen.

Buss nr. 2 går Misjonsveien til og frå Vardeneset. Den brukar eg ein del. Men den er eg ikkje begeistra for. Den har altfor lang rute. Heilt frå Vardeneset til Sandnes. Sjølv om det er ein heil haug med bussar som går på denne ruta, kan du bli ståande å venta på den aldri så lenge i rush-tida. Når bussen har så lang rute, kjører dei seg garantert inn i køar ein eller annan plass mellom Stavanger og Sandnes. Jo seinare bussen blir, jo fullare blir den. Bussen bak tek den igjen og då har du det gåande.

Meir enn ein gong har eg stått og surna ved Byterminalen og venta på Toen. Ingen buss å sjå. Men så kjem den full av folk, med ein tynt befolka Toer rett bak. Av og til kjem det tre Toarar på ein gong. Viss Vardenes-bussane hadde snudd i sentrum, hadde eg sikkert vore glad i den og. For då hadde den heilt sikkert vore i ruta heile dagen.

Heldige me som har vår eigen litle buss. Og dei kjekke sjåførane.

Når eg er veldig glad og tilfreds, blir eg alltid redd for at denne sinnstilstanden skal bli endra. Tenk om 25-bussen vår blir nedlagt. Det må ikkje skje.

Då kan me ikkje reisa meir med fly til Syden eller tog til Oslo. Skal me på langtur i dag, låser me døra på Byhaugen når klokka passerer halv og så står der med reisefeberen vår når bussen kjem åtte minutt over halv. Ti minutt seinare er me på Byterminalen der Flybussen og Oslo-toget tek oss vidare ut den store verda.

Buss nr. 25 derimot, brummar vidare mot Storhaug og Ramsvik. Ka vil han der?







 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar