onsdag 4. oktober 2023

Solbjørn Bog er død.

 

Solbjørn Bog var eit kjent fjes for dei reisande med ferja mellom Hjelmeland og Nesvik.
Foto: Heidi Hjorteland. 


Solbjørn Bog, Erfjord, er død. Han blei 77 år gammal.


Mange hugsar han frå ferjer og fjordabåtar i Ryfylke. Han var berre tenåring då han starta som matros om bord i «Hjelmelandsfjord». Dette var rutebåten med stor R for både folk i Erfjord, Jøsneset og Hjelmeland.


Her fekk han røynt seg saman med jamaldrande karar frå heimbygda som Dagfinn Røgenes, Njål Lovra og andre. Kaptein om bord var Johan Warland som lærte dei unge matrosane å jobba fort og effektivt ved kaiane.


Kona Astrid frå Espevær møtte han som elev på Solborg folkehøgskule i Stavanger. Dei busette seg i Bogsund i Erfjord og fekk tre barn.


I 1967 gjekk Solbjørn Bog på kystskipperskulen i Bergen saman med fire andre karar frå båtane til Jøsenfjord rutelag: Dagfinn Røgenes, Jon Meland, Steinar Warland og Jakob Langvik. Dette var eit halv-årleg kurs som gav karane sertifikat til å vera kapteinar og styrmenn på ferjer og fjordabåtar på inntil 300 bruttoregister-tonn.


Solbjørn Bog som ferjeskippet på "Jøsenfjord-ferjen".
Foto: Ola Vormeland.


I åra etterpå tjenestegjorde Solbjørn Bog både som styrmann og vikarkaptein. Ein vinter var han styrmann på «Erfjord» i Årdalsruta. Jakob Langvik var kaptein. Storhetstida i denne ruta var for lengst forbi. Det var lite last og få passasjer. Men det var ein svinkalde vinter med tjukk is i fjorden. Ei helg måtte dei stoppa på Nessa på grunn av isen  og liggja over nattar der.


Seinare var han på  «Jøsenfjord-ferjen» som ferjeførar ein perioden. Han var også med då denne ferja blei for liten i sambandet Tøtlandsvik – Vindsvik og flytta over til sambandet Jelsa – Nedstrand.


Men erfjordbuen fann seg ikkje til rette med å farta rundt frå den eine ruta til den andre. Det var gildare å halda seg i heimslege trakter. Her kosa han seg i vedaskogen og var flink både med motorsag og gravemaskin.


Då ferjene blei større, var det ikkje godt nok med kystskipper-sertifikat lenger. Fleire av kollegene hans tok styrmannsskule og fekk dermed sertifikat til å føra dei nye ferjene. Solbjørn Bog tok eit anna val. Han blei ferje-billettør.


Det meste av denne tida var på ferja mellom Nesvik og Hjelmeland. Han blei eit kjent fjes for dei som brukte dette sambandet.


Då han pensjonerte seg som 60-åring, blei han intervjua i Aftenbladet. Han tykte det var synd for turistane at dette ferjesambandet blei flytta frå Tøtlandsvik – Vindsvik til Hjelmeland – Nesvik. - Det var kjekkare for turistane å sjå på dei steile fjellsidene i Jøsenfjorden. Nå reiser dei frå kiosk til kiosk, sa Solbjørn Bog.


Han blei gravlagd frå Erfjord kyrkje 29. september.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar