Både røyrtang,sleggja og varme måtte til for å løysa 89 år gamle mutrar. Lars og Torstein Randa fekk dei opp. Foto: Vidar Hauge. |
I 89 år har dei same boltane og mutrane stått urørte på same plass og sørga for at den 20 tonn tunge Rubb-maskinen på «Jøsenfjord» sto trygt på stålramma ned i maskinrommet.
Men nå har tre vaksne «Jøsenfjord»-entusiastar, Lars Randa, Torstein Randa og Vidar Hauge, fjerna alle dei ti, rusta boltane som har stått urørte i alle desse åra. Seks av mutrane let seg løysa ved bruk av sleggja, meisel, røyrtong og varme. Dei andre måtte skjerast av med skjærebrennar og vinkelslipar. Nå er maskinen løfta opp 10-15 centimeter over den fem meter lange ramma ved hjelp av jekk og hjelperåder.
Torstein Randa er i sitt ess når han steller med «Jøsenfjord»-rubben. Foto: Vidar Hauge. |
Den 137 år gamle rutebåten ligg nå ved Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund der det skal utførast omfattande tre-arbeid ombord. «Jøsenfjord» kom i juni i år frå Bredalsholmen fartøyvernsenter i Kristiansand der stålskroget er reparert og fornya etter alle kunstens regler. Dette arbeidet tok åtte år. Koss mange år det vil ta før båten framstår i "fordums glans" er det ingen som veit i dag. - Det er fyrst og fremst eit spørsmål om koss mykje pengar me får til arbeidet i åra framover, seier Lars Randa som er styreformann i Jøsenfjord rutelag.
Arbeidet som nå blir gjort med å løysa maskinen frå ramma, skjer for å retta opp dei forandringane som skroget har gjennomgått etter alle åra sidan den fire-sylindra semi-dieselen blei montert på Rubbestadneset på Bømlo i 1934. Mellom anna har det oppstått spenningar i skroget etter åtte år i dokk der mange stålplater er skifta.
Motoren skal rettast opp for at propellakslingen ikkje skal forårsaka varmgang i hylsa. Dagens propellaksling er frå 1962. Ein ny aksling blir nå laga ved Fjeldes mekaniske verksted på Jørpeland.
«Jøsenfjord» ved Norheimsund fartøyvernsenter. Foto Vidar Hauge. |
Det er kjølevatn-kanalar også i ramma. Ein god del av dei er tette på grunn av rust og salt. Desse skal nå åpnast igjen. Målet med arbeidet er å hindra rust og tæring.
- Det var eit pioner-arbeid som blei gjort på Rubbestadneset då den gamle dampmaskinen blei fjerna og erstatta av semi-dieselen. Å sørga for kjølekanalar i sjølve ramma var ein del av denne pioner-verksemda, seier Torstein Randa som er fagmann på dette området. 78-åriongen har ein mannsalder bak seg på verkstedet til Brødrene Bjørnevik i Stavanger.
«Jøsenfjord»-folka skal ha ein ny tur til Norheimsund med det fyrste for å heva maskinen endå fleire centimeter frå ramma. Dette gjer ein for å komma til for å fjerna all skit mellom maskinen og kjølsvinet som har samla seg der sidan 1934. Her er det også mykje sand etter sandblåsinga av skroget i Kristiansand.
Nytt dekk i salongen på «Jøsenfjord». Foto: Vidar Hauge. |
Trearbeidet om bord i «Jøsenfjord» er i full gang. Det er lagt nytt dekk i salongen og på bakken. I salongen er det brukt furu. På bakken er det oregon pine.
«Jøsenfjord» var 44 år gammal då den kom til Ryfylke i 1930 og fekk sitt nåverande navn. Båten blei bygd i 1886 ved Christiansands Mek. Værksted og fekk då navnet «Lindesnæs». Den gjekk i rutetrafikk mellom Farsund og Kristiansand.
Dampmaskinen blei erstatta med ein fire-sylindra Wichmann Rubb med 390 hk i 1934. Dette er den einaste maskinen av akkurat denne typen som eksister i dag. «Jøsenfjord» gjekk 11 knop og var raskaste rutebåten i Ryfylke dei fyrste åra. Stavangerske overtok rutebåtane til Jøsenfjord rutelag i 1976. «Jøsenfjord» blei få år seinare seldt til Nederland. I 2011 blei den kjøpt tilbake til Norge.
«Jøsenfjord» slik den såg ut i 1930-åra. |
En storartet flott artikkel om noen minst like storartede karer - ombord i en enestående båt.
SvarSlettDette prosjektet drives frem på en forbilledlig måte og fortjener all den oppmerksomhet det kan få!