onsdag 27. september 2023

Svakare lim i klisterhjernen

 


Sjølportrett med limtube.



Timar kan det gå før eg greier å komma på eit navn. Før i tiå spratt slikt opp frå minnet mitt på eit sekund. Slikt er det ikkje lenger. Alderen har skulda. Og eg er så sta at eg ser på Google som fjusk. Berre i "ytterste nød" grip eg telefonen og guglar for å finna navnet.


Alt det tullet eg går og lurer på. - Ka hette han som var visepresident for Donald Trump, spurte eg meg sjøl då eg var ute og gjekk tur i går. - Al Gore, svara eg. Det var jo spinngale.


Spørsmålet plaga meg ganske intenst utover dagen. Kaffor ein bokstav skulle eg begynna med? Heile alfabetet prøvde eg. Navnet måtte jo gøyma seg der ein plass. Baklengs og framlengs. Eg måtte minna meg sjøl på at dei verken har æ, ø eller å i Amerika.


Etter tre og ein halv time dukka Mike Pence-navnet opp i bakhåvet. Slik har eg det nå der eg går og surrar i mitt sytti-femte år.


Min tidlegare nabo, Sigvar Østrem, er seks år eldre enn meg. Han trivlar ikkje mykje etter navna. (trivla: tyding på google). Me møtest rett som det er og drøftar vikige og mindre viktige ting. I gamle dagar var me journalist-kolleger. Han i NRK og eg i Aftenbladet.


Sigvart reiser rundt i verda i hytt og vêr. I romjula sat han fast i ein buss i fælande snøstorm på Haukeli. I sist veke var han i Austerrike som dei kallar dette landet på nynorsk. Det veit alle me som hadde landkunna på folkeskulen.


I går var eg hjå Sigvart og fekk ei medrivande skildring av turen til Wien og Austerrike. For meg med intens flyskrekk trur eg ikkje eg hadde våga meg på ein slik tur i dag.


Men eg kunne ikkje berre sitja der og la meg imponera. Eg måtte ta igjen.


- I romjula 1981 var eg i Wien. Utsend av Aftenbladet for å skildra flyhktningkrisa der. Tusenvis av polske flyktningar hadde rømt til Austerrike etter at det var innført unntakstilstand i Polen. Løgne sjefar i Aftenbladet. Tenk å senda ein enkel hjelmelandsbu på eit slikt oppdrag.


For å få litt hjelp og råd på turen var eg innom i den norske ambassaden der. Ein rektigt gild bergenser var ambassadør og me hadde ein kjekke drøs på kontoret hans.


- Denne ambassadøren fortalde meg at broren hans var mykje brukt i fjernsynsdebattar i Norge på den tida og var ein slags kjendis, fortalde eg til Sigvart.


- Ka hette han, spurte den tidlegare naboen.


- Han var bergenser, svara eg og leita fortvila etter navnet. Ikkje tale om. Eg søkte forgjeves på Google etter navn på norske ambassadørar i Wien. Håplaust.


Eg gjekk heim. Irritert på meg sjøl.


På vegen møtte eg ein jamgamling frå ungdommen. William Førre. Me drøste om gamle dagar og allslags kjenningar. Ein kjekk samtale.


Så gjekk eg vidare. Bang! Harald Oftstad var navnet. På broren til ambassadøren i Wien i 1981. Navnet på ambassadøren: Einar Fredrik Ofstad. Eg ringte øyeblikkeleg og orienterte Sigvart.


Viss du vil vita meir om desse karane frå Bergen, får du googla.


Korttidsminnet har eg heldigvis ikkje problem med. Til nå er det berre navneregisteret som kan vera ganske tregt.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar