lørdag 7. oktober 2023

Gratis-tur med pils og Pøbel

 



"Medstraum" klar til avgang frå Stavanger.



Kan nesten kallast eit kupp. Me reiste med tre grønne bussar, den elektriske hurtigbåten «Medstraum» og toget frå Sandnes til Stavanger.


Som innbyggjarar i byen der kommunen spanderer gratis Kolumbus-billettar på innbyggjarane, planla med den ultimate rundturen i takstsonen Nord-Jæren.


Det flotte haustvêret sist torsdag var midt i blinken for ein rundtur. For eit gammalt ektepar som har godt av å komma seg ut i frisk luft både nå og då.


67 kroner for ein halvliter på Piren pub før klokka 18.



Etter at du har passert 67 år, får du honnør-billett. Ein 24-timars billett kostar då 43 kroner. Dette ville det kosta for ein gamling, men me var to. 86 kroner, takk! Tenk det du. Nå fekk me dette gratis av Stavanger kommune. Me måtte slå til.


Denne hausten blei ikkje akkurat slik me hadde tenkt. Ein av oss måtte operera ei hoft i august. Dermed har det blitt litt krykke-gåing og litt mindre mobilitet enn normalt. For planen var å dra til Oslo og vandra rundt der i eit par dagar og studera alle dei flotte nye museumsbygningane og den slags kulturelle tilbod.


Men storby-ferie betyr mykje fotgjengeri. Opp og ned, fram og tilbake. 20 000 skritt på ein dag. Minst!


Fyrste etappe frå Tasta til byen. Der går buss nummer 5. Der er det ikkje langt mellom bussane og dermed krev det lite planlegging.


Båten gjekk rett frå Stavanger til Hommersåk.



«Medstraum» derimot - denne nye utsleppsfrie hurtigbåten – går ikkje i hytt og vêr. Kånå er ein reser på desse Kolumbus-appane og fann ut at den gjekk klokka kvart over tre frå Bagarbryggå eller Fiskapiren om du vil.


Før turen starta, stoppa me på Piren pub. Ein halvliter var ikkje gratis der, men billegare før klokka 18 på kvardagar. Eg noterte ikkje prisen. Den var lett å hugsa. 67 kroner. Ein slags honnør med andre ord.


I god tid steig me om bord i «Medstraum» som låg klar for å gå til Hommersåk. Fin båt med gode sete og elektrisk framdrift. Det var ein god del reisande på denne turen, men ingen trengsel.


Pøbel-kunstverket på havnesiloen.


Denne båtreisa er jo midt i blinken for kunst-interesserte. Om bord i «Medstraum» fekk du orkesterplass til å nyta jær-kunstnaren Pøbel sitt nyaste kunstverk av Felleskjøp-bonden på Stavanger havnesilo. Stort og flott!


Gandsfjorden låg som eit stovegolv i solskinnet. På denne pendlarturen går båten fyrst rett til Hommersåk. Småplassane står på ruta på turen tilbake til byen. Etter 20 minutt steig me i land på Hommersåk.


Idyllisk innerst i vågen på Hommersåk.



Der sto ein grønn buss klar på kaien. Me kunne reist rett til Sandnes, men me måtte jo bruka litt tid på å orientera oss i Riska som var ein del av gamle Hetland kommune før den store kommune-samanslåinga i 1965. Nå er Riska ein del av Sandnes.


Eg måtte jo fortelja kånå at sommaren 1966 var eg matros på «Hjelmelandsfjord». Då gjekk me til Hommersåk og lasta mjølsekker ved Skretting si mølle. Mølla blei seinare nedlagt og produksjonen flytta til Kvalaberg.


Den gamle rutebåten «Riskafjord» låg og tok seg ut litt lenger inne i vågen. Den blei heldigvis ikkje skada i den stygge brannen i nabolaget for eit par veker sidan.


Dei har all slags kjekt på Hommersåk. Sushi-bar og greier. For å halda næringslivet i gang, blei det brukt litt penger der også. Før bussen gjekk vidare til Sandnes. Det er ikkje lenge mellom bussane der på ettermiddagen.


Hommersåk-bussen på Ruten.



Bussen passerte turist-attraksjonar som Bjellandsslettå med Fatland slakteri, tidlegare Aducerverket, og Vatnekrossen og Hana før den kom til Ruten på Sandnes.


Opphaldet på Sandnes blei ikkje så veldig minnerikt. Men det er ein kjekke by. Kånå har budd på hybel der i sin ungdom og jobba på Sandnes Uldvarefabrikk. Då eg jobba på nattruteskipet «Stavanger» i 1970 var Sandnes ein  fast stoppeplass. Masse last som skulle til Bergen.


På toget til byen var det rikeleg med folk. Me fekk sete med ryggen mot fartsretningen, men hadde god utsikt mot fjord, fjell og hus i alle fasongar.


Ein kjekke tur. Neste gong reiser med rundturen i motsatt retning. Men fyrst skal me til Oslo. Det er ikkje gratis.


På veg til bygen med tog. 

(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar