onsdag 20. september 2023

«Gylfe» frå Øresund blei «Årdalsfjord» i Ryfylke, enda som «Askøy» og «Kvarven» i Bergen

 


«Gylfe» som «Årdalsfjord». Bilde frå boka «Fjordabådane».


Rutebåten «Gylfe» blei bygd for å gå i rute mellom Malmø og København. Men så kom krigen og sette ein stoppar for den trafikken. Då freden kom, gjekk kursen nordover. Fyrst til Stavanger. Der skifta båten navn til «Årdalsfjord» og gjekk i Ryfylke-trafikk for Jøsenfjord rutelag.


Men det blei ingen suksess. Etter fem år gjekk turen vidare til Bergen og lokaltrafikken der. Nå fekk båten navnet «Askøy» og blei seinare omdøypt til «Kvarven». Etter det eg har forstått, fekk denne båten femten år som rutebåt i Bergensområdet.


«Gylfe» som«Kvarven». Bilde frå facebook.


Etter fattig evne har eg prøvd å leita etter stoff om gamle «Gylfe» i Bergen, men eg har ikkje funne noko særleg. Her for ei tid sidan dukka det endeleg opp eit bilde av båten som «Kvarven» på facebook. Det var ikkje så veldig godt, men likevel.


Det meste som eg har funne ut om den gamle dansken, har eg lese i boka «Fjordabådane» av Magnus Torgersen. Denne boka kom ut i 1981.


«Gylfe» og søsterskipet «Gefion» blei bygde i Odense i Danmark for å gå i passasjertrafikk på Øresund. Båtane hadde både danske og svenske eigarar. Då krigen kom, blei dei liggjande i opplag heilt til freden i 1945.


Frå Rogalands Avis mai 1945.


Det blei ikkje meir Øresund-fart for søsterskipa. Dei blei liggjande i opplag. I Norge var det mangel på passande båtar til å setja inn i rutefart etter krigen. To av lokalrederia i Stavanger, Jøsenfjord Rutelag og Høgsfjord Rutelag, oppdaga dei to båtane som nå var for salg.. I april sette dei to båtane kursen for Norge og Stavanger. Dei to båtane gjekk rett inn i rutefart før dei hadde skifta navn.


«Gefion» blei seinare til «Lysefjord». Den blei gåande i Ryfylke i aldri så mange år.


«Gylfe» blei gråmalt og fekk navnet «Årdalsfjord». Den innfridde ikkje forventningane. Dette var ein god passasjerbåt, med to rommelege salongar. Men det var ingen lastebåt. Den mangla både lasterom og vinsj. Ein slåmaskin skulle om bord. Men det var ikkje så lett å ordna. Det enda med at den blei hengjande i davitane innover fjorden.


I 1951 blei «Årdalsfjord» seldt til Askøy Dampskipsselskap for 340 000 kroner. Nytt navn: «Askøy». I Bergen gjekk båten som ein rein passasjerbåt til og frå Askøy. I 1958 fekk den nytt navn: «Kvarven».


I 1967 blei båten seldt til skipsopphoggingsfirmaet Einar Cook i Bergen. Men den blei ikkje opphogd. I 1968 kjøpte Lars Hosøy i Osterfjorden båten som nå var nedrigga til lekter. Han brukte den som lager for skrapjern.


I 1976 taua Lars Hosøy lekteren til Brødrene Anda i Stavanger. Der blei den opphogd.


Spennande viss det finst gode bilde av den gamle rutebåten i trafikk i Bergen.


Omtale i Bergens Tidendes hefte : "Båtene våre hvor ble de av?
Fekk dette frå Gudmund Kollung Selvåg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar