Solfrid og Torstein Vika gifta seg jonsok-afta 1962. |
Solfrid Hagalid blei aldri sangstjerna. Torstein Vika blei aldri skøytemeister. Men dei to frå Hjelmeland fann kvarandre og gifta seg i 1962. Og ein ting er sikkert. Sjølv om Torstein Vika aldri blei verdensmeister på skøyter, ville han gjort det skarpt i ei kåring av verdens beste ektemann.
"Midtsommer. Lyse netter og ungdom som møtes til dans på ungdomshuset. En av dem var Torstein Vika, 25 år og murerlærling i Oslo. Han var fra Hjelmeland, men hadde bodd på Østlandet i noen år for å dyrke sin store interesse: skøytesporten. Han hadde til og med gjort det så godt i junior-NM at bildet hans hadde kommet i Stavanger-avisene.
Solfrid hadde klippet det ut, stolt over at en sambygding hadde gjort det så godt, men uten anelse om at de en gang skulle komme til å stå hverandre nær.
Blikk møtes, og med ett vet to mennesker at noe er i ferd med å skje. De to avtaler i all hemmelighet å møtes neste lørdag – i dansefestens betryggende anonymitet.
Det ble flere møter denne sommeren. Særlig hadde de glede av å gå turer i fjellet sammen. Torstein var veltrent idrettsmann, men han ble likevel imponert over Solfrid som holdt godt følge.
Hele våren på Finnøy hadde hun stått opp ved seks-tiden for å ta en tur sammen med en venninne før skoletid. Da hun kom hjem på ferie, ble det utearbeid på Hagalid. Aldri har hun vært så frisk og sprek – verken før eller siden."
(Fra boka «Takk for livet» av Elise Seip Tønnesen og Solfrid Vika. Oslo, 1983. Luther Forlag.)
Solfrid gav opp den kommersielle sangkarrieren, men var mykje med på religiøse arrangement både i bedehus og kyrkjer.
På jonsok-afta 1962 blei Solfrid og Torstein Vika gifte. Dei busette seg etterkvart på Hjelmeland og dei fekk tre barn: Johanne Karin, Svein og Jostein. Dei var aktive og deltok i bygdelivet på mange slags vis.
Då Solfrid venta sitt tredje barn, merka ho at det var noko som ikkje stemte. Fyrste var det ein fing som dovna bort, men etterkvar spreidde dette seg til heile kroppen. Det viste seg å vera den alvorlege nerve-sjukdommen ALS ho hadde fått. Den braut henne ned og lenka henne til rullestolen. Aktive Solfrid måtte ha hjelp til omtrent alt.
Men ho gav ikkje opp. Ho skreiv dikt, prologar og stubbar om gamle ord og uttrykk og skildra også kva ho hadde lært av sitt liv i rullestolen. Solfrid og Torstein var også aktivt med i foreningsarbeid, i kyrkje og på bedehuset. Ikkje eit einaste forsamlingshus i Hjelmeland på den tida var bygd med tanke på rullestolbrukarar. Men ho var liten og lett så med hjelp frå andre, ikkje minst ektemannen, kom ho seg inn.
Sommaren 1981 var det eit stort oppslag og bilde av Solfrid og Torstein Vika på fyrstesida på Aftenbladet. Solfrid og Torstein var dei fyrste som blei tildelt Aftenbladets sommarstatuett, "Markblomster". Biskop Sigurd Lunde var ein av fleire forslagsstillarar som meinte at ekteparet måtte få den gleda på grunn av måten dei hadde takla motgangen på. Solfrid hadde då vore sjuk i 13 år.
- Dette har blitt eit naturleg liv for oss, sa Torstein til Aftenbladet om livet dei to då hadde saman med tre born og hushjelp.
- Folk seier ofte at eg er tapper, men det er få som tenkjer på Torstein. Dei skulle sett oss når me førebur oss til å gå ut ein kveld så ville dei skjøna innsatsen han gjer. Han er ingen egoist, sa Solfrid.
I septembert 1982, døydde Solfrid Vika, 42 år gammal. I nekrologen i Aftenbladet sto det at ettermælet hennar er vakkert, lyst og ei påminning til friske om kva dei har å vera takksnemlige for.
Mange hugsar stadig Torstein Vika for hans aldri sviktande omsorg for Solfrid. Torstein Vika var ein lovande skøyteløpar, ein flink murar og ein strålande ektemann og far.
Torstein Vika døydde i 2019, 86 år gammal.
Dette diktet av Solfrid Vika blei publisert i Aftenbladet 25. juni 1981 saman med artikkelen om Solfrid og Torstein Vika. |
(Viss du vil dela denne bloggen med andre, kan du trykka på facebook-logoen nederst på bloggen. Då kan du dela med kven du vil)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar