Dei tre jentene tok publikum i Stavanger med storm og vann amatør-konkurransen på pressefesten 7. juni 1958. Søstrene Bjørg og Målfrid Mjølsnes frå Finnøy pluss Solfrid Hagalid frå Hjelmeland framførte "Ekornsang" i beste Alice Babs-stil og jodla i tillegg på scenen framfor 8000 begeistra tilskuarar.
"Syngende jenter fra Judaberg ble de beste på pressefesten", sto det på fyrstesida på Aftenbladet mandag 9 juni 1958. Kjell Haave kom på andreplass med ein rockemelodi og Øystein Helleviks blåsetrio nummer tre.
Folkehavet i Bjergsted. Rogalands Avis 9. juni 1958.
- Då me skulle reisa heim frå byen til Finnøy med rutebåten "Fjordbris", kom den seinare så kjente impressario Gunnar Eide stormande om bord. Han tilbaud oss tur til Oslo for plate-innspeling og ville ha oss til å syngja for kong Olav når han kom til Stavanger på signingsferd seinare denne sommaren, fortel den nå 85 år gamle Målfrid Mjølsnes Hanson.
Jentene blei heilt overrumpla av Gunnar Eide. Dei takka nei der og då.
- Me hadde andre planar. Eg skulle starta på gymnaset i Stavanger til hausten, Bjørg skulle begynna i sjukepleien og Målfrid hadde søkt på meieriskulen på Bryne.
Dei to Mjølsnes-systrene sin tidlegare artist-erfaring begrensa seg til å syngja i yngreslaget på Finnøy. Målfrid Hagalid kom frå Hjelmeland til Finnøy for å jobba på meieriet. Musikkinteressa førte dei saman og dei laga trioen "Finnøy-jentene".
- Solfrid var utruleg musikalsk, flink til å syngja og hadde ein sjelden scene-sjarm i tillegg, seier Målfrid.
Vesle Solfrid fotografert i den tida ho spela på det gebrekkelege orgelet
i folgehuset på Hagalid. Bildet tilhøyrer sonen Jostein Vika.
Solfrid var ganske liten då ho ble levande opptatt av musikk. Det fyrste instrumentet som ho fekk prøva seg på var det gamle, gebrekkelege husorgelet i folgehuset på den då veglause garden Hagalid. Ho gløymte seg heilt vekk der ho sat og spelte den eine melodien etter den andre i staden for å gjera sine ærend.
- Solfrid! Sit du her og drøymer deg vekk!
(Dei siste to avsnitta er henta frå boka «Takk for livet» av Elise Seip Tønnesen og Solfrid Vika. Oslo, 1983. Luther Forlag.)
Jone Hagalid, faren til Solfrid, var ikkje interessert i å kosta dyre skular på døtrene sine. Den kristlege folkehøgskulen Solborg og husmorskule var utdanninga dei trong. Dei skulle jo gifta seg og vera heime, meinte han. Slik hadde det seg at Solfrid ikkje gjekk på realskule eller musikkutdanning, men havna på meieriet på Finnøy.
Då Finnøy-jentene kom heim til Finnøy, blei det raskt klart at dei heime meinte sangerinnene hadde vore litt for raske då dei avviste Gunnar Eide. Ikkje minst bonden på Hagalid fekk hakeslepp.
- Faren til Solfrid meinte det var for gale å seia nei til å syngja for kong Olav. Det fanst jo ikkje mobiltelefonar i den tida og dermed gjekk det ikkje så raskt med kontakten. Men Jone Hagalid heiv seg over sveivetelefonen og fekk far til Mjølsnes-jentene på tråden. Han meinte dei måtte retta opp i dette, men det skjedde ikkje, fortel Målfrid Mjølsnes Hanson.
"Finnøy-jentene" var med på fleire arrangement i Norges Bygdeungdomslag sommaren 1958. Men då hausten kom, skilde dei lag. Dei blei ikkje norgesberømte sangartistar.
(Neste blogg får tittelen: Sangerinna og skøyeløparen. På grunn av sommarvarmen kan det ta litt tid før den kjem.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar