mandag 9. september 2019

Ukjend kaptein lytta til dårleg råd frå hytteturist og gjekk på grunn


Legg til«Lysefjord 1» var 67 år då den forliste i Årdalsfjorden.


- Kaptein Hagen på «Jøsenfjord» går alltid på andre sida av den holmen der når han skal gå vidare inn til Nessa og Årdal, sa hytteturisten og peika mot Langholmen.

Vikar-kapteinen på «Lysefjord 1» var i ukjent farvatn i Årdalsfjorden då han valde å lytta til hytteturisten som reiste med frå byen. Dermed gjekk «Lysefjord 1» på eit undervass-skjer og forliste ved Nordskårholmane på veg mellom Sørskår og Nessa.


Grunnstøytinga skjedde rett sør for Langholmen.


Palmesøndagen, 6. april 1941, var ein strålande fin dag. Jøsenfjord-selskapet hadde berre motordrivne rutebåtar på den tida. Det var krig og drivstoffmangel. For å spara på solarolja si, hadde dei leigd inn dampbåten «Lysefjord 1» frå Høgsfjord Rutelag til å gå søndagsruta frå Årdal til byen på ettermiddagen. Denne båten låg for det meste i opplag om vintrane. Då blei den for stor og dryg i kolet for Høgsfjord-rutene.

«Lysefjord 1» var på oppseiling, som det heiter. Den gjekk inn til Årdal for å ta opp den planlagde ruta på ettermiddagen då uhellet skjedde i det som var ukjend farvatn for kapteinen og resten av mannskapet. Heldigvis greidde både dei fire-fem passasjerane og mannskapet å redda seg uskada opp på Furuholmen.

Marton Sørskår, seinare ferjeskipper i DSD,
var augevitne til forliset.
Det dyrebare drivstoffet som ein hadde tenkt å spara på, blei brukt og vel så det. «Jøsenfjord» som låg i Årdal, måtte rykka ut og ta seg av folka som var berga i land og måtte også gå ruta si til byen på kvelden.

18 år gamle Marthon Sørskår, seinare styrmann og kaptein på Stavangerske-ferjene, var på tur i Lågaheia opp av Sørskår saman med tre kameratar då dei blei vitne til «Lysefjord 1»-forliset.

Båten blei dratt av skjeret og sett på land på Småskjera, men her var det så bratt at «Lysefjord 1» gleid ut og sokk på 75 meters djupt vatn. Her ligg vraket den dag i dag.

«Lysefjord 1» var 67 år gammal då den forliste. Den hadde berre vore Høgsfjord-båt i 10 år. Den hadde hatt seks andre navn før den blei rutebåt på våre kantar. Frå 1877 til 1915 gjekk den som rutebåt for Haugsund Damp under navna «Karmsund» og seinare «Karmøy».

Tapet av «Lysefjord 1» førte til at Høgsfjord Rutelag tok kontakt med fleire skipsverft med tanke på å få byggja seg ein fjordbuss av «Express»-typen. Men då viste det seg at det ville ta for lang tid å få bygd ein slik båt, blei spørsmålet om nybygg utsett. 

Kjelder: Magnus Torgersen: Fjordabådane.
Jon Bergsåker: Båten og bygda. 

2 kommentarer:

  1. d styrehusvinduet har me i kjellaren liga heilt... d hang på dreggen opp når d blei dukket ned t vraket for første gang for ca 20 år si!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Oi! Har du et bilde, og et sted å legge det ut?

      Slett