onsdag 4. september 2019

Kven stakk av med fyrlykta til Syvert?


Hamborneset med fyrlykta intakt i 2008. Huset til Syvert og Maria ligg oppe
i lia til venstre. 


Kva i all verda har skjedd? Fyrlykta som Syvert på Hamborneset passa på i alle år, er fjerna og erstatta med ein liten, kjønnslaus stake med eit lysblink på. Er folk blitt aldeles historielause? Visste dei ikkje at Syvert blei engasjert alt i 1929 av Fyrvesenet for å passa på at sjøfarande hadde lys å styra etter når dei snirkla seg innetter den smale fjorden.

Årsløna var 120 kroner for å pussa glas og fylla opp olje. Dette var ikkje pengar å leva av, men eit tilskot til det ein fekk ut av jorda og skogen på det litle småbruket pluss fisket i fjorden. Sjølv om lykta fekk elektrisk lys, var det framleis Syvert som såg etter lykta så lenge han budde på neset.

- Kor i all verda er Hamborneset, spør du kanskje. For mange er det mykje nærare enn dei trur. All skipstrafikk ut og inn Sandsfjorden på veg til eller frå Sand stryk langs land kloss i neset. Syvert og Maria, dei siste fastbuande på veglause Hamborneset, hadde alle verdas reisande folk rekande forbi, rett utanfor stovedøra, men fekk ikkje besøk av dei.

I 2008 seilte eg forbi Hamborneset med eigen båt. Då la eg merke til den raude hytta som var til salgs rett ved sida av lykta. Spennande tenkte eg. - Hytta med eiga fyrlykt. Eg tok bilde og skreiv ein blogg etterpå der eg spant på dette med at kjøpte eg hytta og sat og vinka til forbi-passerande båtar.

Hamborsund i dag. Fyrlykta borte og brua over Sandsfjorden ser du rett ut i fjorden. 


Eg må vedgå at eg heilt sikkert har passert dette neset fleire gonger utan å leggja merke til det som har skjedd i åra etterpå. Men for eit par veker sidan var eg på veg inn fjorden. Då kom eg på bloggen eg skreiv og kikka etter innover. Planen var å samla litt saman om stadnavna her inne og blogga om det. Her heiter det Jårvik som dei med litt fantasi meiner er det same som York i England, du har Tyskaberget og Hamborsund eller Hamborgsund, begge variantane er i bruk. Her ville det vera råd til å spinna litt på Hamburg og tyskarar og vikingar frå Ryfylke som sette navn på plasser i England.

Hei! På Hamborneset var det inga raud hytte lenger. Den var blitt modernisert og kvit av farge. Og lykta var vekke og erstatta med den før omtala staken. Skipsleiene har gått gjennom ei omfattande modernisering dei seinare år.

Det elektroniske arkivet til Aftenbladet er ei skattkista for dei som er interessert i lokalhistoria. Eg logga meg inn og søkte på Hamborneset. Der les eg at neset lenge var aktuelt som plassen der brua over Sandsfjorden skulle kryssa over. Også høgspentledningar har gått her.


Men det gildaste var avisreportasjen frå Aftenbladet 10. april 1974. Journalist Einar Hauge Nilsen hadde vore på besøk hjå Syvert og Maria på Hamborneset og laga ein reportasje som det stadig er råd å få klump i halsen av. Eg greidde ikkje å få til ein så god kopi av artikkelen at eg kunne leggja den ved som bilde i bloggen. Derfor skreiv eg den av, ord for ord. Eg har var lærar i maskinskriving i Suldal, i si tid, og beherskar stadig touch-metoden.

Syvert og Maria Hamborgnes fotografert av Einar Hauge Nilsen i 1974.


Syvert og Maria på Hamborneset

- Det er minste føre nå med faste inntekt kvar månad,det er bra med noko fast, har ikkje alltid vore slik.

Syvert Hamborgnes tenkjer på trygda. Løna frå samfunnet etter eit langt arbeidsliv. Knapt til å bli feit av, men jamn og trygg utan omsyn til vær og vind. Noko nytt for ein som sidan gutedagane har slite inntekta si ut av jord og skog, som har streva i båten eller kava for løna som dreng og på fiske.

Du skal ikkje så langt av leid, opp i dalane eller inn i fjordane for å finna eit anna Rogaland enn det pressfylket du dagstøtt får høyra om.

Vegen er ikkje lang, korkje i mil frå tettstadene eller i år attende i tida,til eit anna Norge enn vekstsamfunnet som må vera varsam med oljemillionane som ikkje skal vera for brårike.

Dei hadde kontroll på trafikken på fjorden frå huset til Syvert og Maria. Foto: Einar Hauge Nilsen.


Hambornes  - ein liten grøn flekk ved Sandsfjorden kringsett av grøne lier. Ein liten flekk med ryggen mot fjellveggen, og fjorden som einaste ferdsleveg.

Sandsfjorden er framleis ein viktig veg for dei som skal langt av stad. Frå stoveglaset på Hamborneset ser ein rutebåtar som fær mellom Stavanger og Sauda. Hurtigbåtar som vaskar sjøen oppetter svaberga, trauste fjordabåtar og lasteruter som har betre tid.  Ofte kjem større skip på veg til eller frå smelteverket i Sauda. Dei er så nær at det er som å sitja i byen og sjå på trafikken i gata.

Når ein sit om bord i rutebåten og kastar eit blikk inn mot land, kan ein saktens undra på kva som fekk folk til å slå seg ned på Hamborneset og kva dei har levd av i alle år. Oppe i bakken ligg eit lite, kvitt hus og ei lita raud løe, nede ved fjorden eit naust, ei sommarhytte og endå eit lite hus, og fyrlykta ytst på pynten.

Ein lastebåt passerer Hamborneset på veg inn fjorden. Det fanst ikkje hytter på Hamborneset i den tida.
Bildet tilhøyrde Terje Åserød.


Så stig me sjølv i land etter ein tur frå Høyvik med skyssbåten til Jostein Lund, og ser at det er litt meir plass, litt meir grønt mellom knausane enn me trudde.

Syvert Hamborgnes er fødd her på neset og har budd her all sin dag. Og om bruket var aldri så lite, vart det rom for ein husmannsplass her og. Det er det vesle huset ned ved sjøkanten.

- Jordvegen har ikkje vore mykje å leva av, seier Syvert over kaffikoppen. Det meste me hadde var ei ku, tre-fire sauer og nokre høns. Ho mor var nøye med å ta vare på grastustene som fanst. Ho lauva og skar lyng.

Fisket har vore hovedsaka for Syvert. Han har lakserett og leigde rettar hjå andre. Elles tok han seg arbeid når det høvde seg slik.. Den siste tida han var slåttekar, var dagløna 4 kroner.

- Men det var billeg det bøndene selde og, seier han. Dei hadde ikkje så mykje å betala med.

Syvert var berre 18 år då han måtte overta bruket. Faren var blind dei 10 siste leveåra sine. Men 18-åringen var alt ein øvd arbeidskar, som ein vinter hadde slite fram bjørkeved til 18 kroner famnen, og som tykte han var rik då han eit anna år hadde tjent 50 kroner etter 6 månaders arbeid på gard. Attpå fekk han to tømmerstokkar som kunne selja for tre kroner.

Eit år var han på vintersildfisket, om sommaren var han på fjorden.

I den tida var det så mykje folk på gardane langs fjorden, der det nå berre er ein og annan huslyd og mange tomme hus, at det var skule på Åsarøy. Det var ikkje så lang veg over fjorden jamvel om det kunne vera bale nok i dårleg vær.

Det er stilt og fredeleg på Hamborneset nå.

- Overflødeg fredeleg, seier Maria. Men det var ei god hjelp å få telefon. Nå kan me snakka me kven me vil og me kan ringa etter varer som me får med postbåten tre gonger i veka.

For ikkje å snakka om den letten det var å få straum. Det er berre to år sidan dei kunne hiva ut vedkomfyren og parafinlampene. Overgangen var så stor at det mest ikkje var arbeid att å ta seg til ute i kjøkenet samanlikna med før. Maria fekk god tid til å sitja med handarbeid attmed vindauga der det både er lys og varme.

Ei tid var dei utan dyr, men det vart for keisamt. Så fekk dei seg tre sauer. - Det er likare enn inkje seier Maria, men ho saknar kua og hønsa. Det vert tungsamt om ein ikkje har noko å stella med.

- Det er ikkje å vanskeleg å få dagane til å gå med vedhogst og anna arbeid, seier Syvert som er 74 år. Dessutan har han fyrlykta å stella med. Henne har han hatt tilsynet med i 34 år. Då han byrja i 1929, var årsløna 120 kroner for å pussa glas og fylla opp olje. Nå er lykta elektrisk, men ho treng framleis tilsyn.

Syvert tykkjer han bur lageleg til. Det er så stutt og grei veg til fjorden. Men ein kjenner det godt likevel når ein har bore mjøl og ved og høy på ryggen opp bakken. Om det så var materialane til husmuren så har han drege dei opp på sin eigen rygg, om lag 12 tonn stein, sand og sement var det visst. Det vart i alle høve mange vender av det.

Mange tunge tak, men framleis er helsa god.

- Nei han feilar ingenting, seier Maria. Men du veit maskinen er sliten. Karen har arbeidd så hardt heilt sidan guttedagane.

- Nå er det på tide å få båten på sjøen att, seier Syvert og vil snakka om noko anna.

På Hamborneset går livet som før. Det er samfunnet elles som har endra seg så sterkt og sett andre mål på andre ting. ? Me har det slik me er vane med, seier Maria, men for andre å flytta hit? Det hadde vel ikkje gått an.

Avskrift slutt.



Syvert Hamborgnes døde i desember 1991. Han blei 91 år gammal. Syvert var den yngste av i alt åtte sysken. Maria som var fødd i 1912, døde i juli 2001. Syvert og Maria flytta på slutten av 1980-talet til Sand og budde i ein omsorgsbustad der. Dottera Olaug, fødd 1949, bur på Sand og brukar Hamborneset som ferieplass.

Hytta på neset som var raud og til salgs i 2008 er det Jørund Nilsen frå Sauda som eig nå. Han er andre eigar sidan 2008.

Det står eit lite eldre, hus litt lengre inne. Søskenbarnet til Olaug eig dette. Ho heiter Judith Hamborgnes og bur i USA. Marit Sunde Solland og familien hennar har leigd dette huset i mange år.

Den tradisjonsrike fyrlykta blei fjerna av Kystverket nå i sommar. Olaug Hamborgnes seier at dei kunne tenkt seg å ta vare på lykta, men før dei fekk sukk for seg, var den vekke. 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar