torsdag 12. september 2019

Er dette det gamle DSD-flagget?


Er dette Stavangerske-flagget frå før 1903. Utsnitt av maleri av «Rogaland»
som var bygd i 1878.


Her har alle me fjordabåt-nerdar sove i timen! Me har snakka, lese og skreve om DSD-flagget frå 1903. Det som ligna på Puerto Rico-flagget og til og med forårsaka protestar til det norske utanriksdepartementet. Men dette flagget er berre 116 år. Stavangerske er 164 år. Det må ha vore eit kompani-flagget tidlegare! Koss såg det ut?

Frå Stavangerske si jubileumsbok frå 2005.
Den utflytta hjelmelandsbuen Hermund Kleppa reiste dette spørsmålet etter at eg, 7. september, blogga om DSD-flagget som forsvinn frå ferjer og hurtigbåtar etter at Stavangerske har seldt Norled til utanlandske eigarar. Kleppa var i si tid primus motor i den store aksjonen i Sogn og Fjordane for å hindra at det gamle kompani-flagget til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane forsvann då det gamle fylkesrederiet blei fusjonert inn i Fjord 1. Det blei eit opprør utan like i fjordafylket, men dei tapte kampen for flagget sitt. Men forvetenskapen har Hermund Kleppa stadig intakt.

- Ja, eg blei forveten: År 1829 vart tollstadene langs kysten tildelt eit bokstav-merke som skip skulle nytta som kjenningsmerke. Bergen fekk X, og det er denne X-en me har i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sitt kompaniflagg, brukt frå starten i 1858: blå X i kvitt felt på raud botn. Stavanger fekk tildelt bokstaven V. Kan Stavangerske ha hatt noko liknande, spør Hermund Kleppa.

Heilt flat skal eg leggja meg. At Stavangerske har hatt eit anna kompani-flagg tidlegare, har eg aldri tenkt på.

Tidlegare fyrstekonservator og leiar av institusjonen som tidlegare hadde navnet Stavanger sjøfartsmuseum, Egil Harald Grude, kunne ikkje hjelpa meg vidare. Han har ikkje lese eller høyrt noko om eit tidlegare flagg, men oppmuntra meg til å gå vidare med dette. - Dette spørsmålet er mykje viktigare enn Brexit, sa han. Eg reknar med at han sa dette med eit smil, men eg såg det ikkje sidan me snakka i telefon.


Dampskipet «Rogaland» frå 1878. Omdøypt til «Kvitsøy» i 1929. Maleriet tilhøyrer Stavanger martime museum.

Dag Bakka, forfattar av Stavangerske si jubileumsbok frå 2005, hadde heller ingen opplysningar om eit eldre kompani-flagg enn det som blei teke i bruk i 1903. - Men det er jo grunn til å tru at dei hadde eit flagg heilt tilbake frå starten i 1855. I den tida identifiserte skipa seg ved å føra flagg, seier Dag Bakka som lovar å tenkja på dette spørsmålet i dagane som kjem.

Min facebook-venn og firmenning frå Sogn og Fjordane, Hermund Kleppa, hadde i sine kommentarar lagt ved eit bilde av eit maleri som viser dampskipet «Rogaland» som var bygd i 1878. Dette skipet fører eit flagg i formasta som kan vera det tidlegare kompaniflagget.

Er det nokon der ute som kan hjelpa oss dette viktige spørsmålet?

Flagget frå 1903 blei utforma etter eit forslag frå styrmann Ommund Thingbø. Dei ansatte i selskapet var blitt oppfordra til å komma med forslag til nytt flagg. Han henta basisen frå dei tre raude ringane i skorsteinen og dåtidas mote med stjerner i flagget.

I Aftenbladet står det 17. februar 1922 om ein Ommund Thingbø som er med i bestyrelsen av AS Kulimport. Blei styrmannen forretningsmann etter 1903?

1 kommentar:

  1. veldig interessant sak, jeg vet ikke svaret, men tilfeldighetene gjorde at jeg nylig også leste boka "Kystruteskipene Oslo-Bergen" av Bård Kolltveit og i boka er det gjengitt et maleri av D/S "Kong Haakon" fra 1878 og flagget som vaier i masten her er ikke likt det på "Rogaland"
    på "Kong Haakon" er flagget rødt, kvadratisk, uten splitt og med noe som ser ut som et bølgemønster i en mørk farge.

    Spennende om noen finner ut av dette

    SvarSlett