torsdag 30. mai 2019

Middagslur på galna siå av Ombo

Mange ledige gjesteplassar i båthavna på Nedstrand på ein flott søndag i mai.



Kor er eg henne?

Eg bråvakna frå middagsluren. Heilt stilt. Slik er det på Nedstrand på ein fredeleg søndag ettermiddag i mai før sommarferie-stresset har starta.

Strålande sol og heilt stilt på sjøen. Skal me ta ein båttur? Har dei ikkje kafé på Nedstrand i det tidlegare bankbygget? Sikkert åpen nå.

Kortenden på stikkedåsen er ei nautisk mil på sjøkartet. Stikkedåsen sin rolle i norsk kystnavigasjon var større enn mange er klar over. Berre pass på at stikkedåsen er av rett størrelse.

Eg rekna ut at det var 11-12 mil frå Hjelmelandsvågen til Nedstrand. Ikkje så veldig langt, men ein hjelmelandsbu må jo kasta seg ut i ukjent farvatn på galna sida av Ombo. Målet var klart.

Stor stas då «Finnøy»  kom til Nedstrand på presentasjonstur 8. mai 1971.
Foto: Haugesunds Dagblad.
Sjøvegen til Nedstrand blir mindre og mindre brukt. Snart må du ha eigen båt for å komma over fjorden til strandstaden som i generasjonar har vore ein populær sommarsplass for Stavanger-folk og andre sørfylkingar. Ferjer og hurtigbåtar kan vera vekke før du veit ordet av det. Dei har visst gått ut på dato.

Dei fleste som dreg til Strannå har for lengst slutta å reisa med båt. Dei kjører bil og tek ferja over Boknafjorden. Om nokre år kjem Rogfast og då kjører du non-stop til Nedstrand uansett om du kjem frå sørfylket eller nordfylket. Slik er det blitt.

Kortaste vegen frå Hjelmeland til Nedstrand gir deg nærkontakt med Ombo, nest største øya i Rogaland, som blir ein bydel i Stavanger frå årsskiftet.

Hjelmelandsvågen heilt nederst. Ombo under stikkedåsen. Foldøy før Nedstrand heilt øverst.


Tuftene, Tjeltveit, Buer og Røykjanes. Navna står på kartet. Det er berre til å glana i veg. Hjelmelandsdelen av øya har morgonsol, Finnøy-delen kveldssol. Slik har det vore alltid. Heilt sidan Adam tjente på Jørstad, som dei seier der borte.

Viss du snur deg og ser på andre sida av båten, ser du Foldøy som ligg i Suldal kommune. 

- Nærstrand, sa mange i byen. - Nesstrand, sa me som var innante. - Strannå, sa dei innfødde om strandstaden som i si tid fungerte som ein slags hovudstad i Ryfylke med tollbu og allslags. I dag er dette ein utkant i Tysvær kommune.

Nedstrand frå lufta i 2002. Dette var før båtforeninga laga ny båthavn. Bildet sto i «Lune havner»  som
Aftenbladet gav ut då.  Foto: Egil Eriksson.


- På Nedstrand er det to handelsmenn og bank. Det skreiv eg i heftet med tittelen «Lune havner» som Aftenbladet gav ut i 2002. Nå er banken blitt kafé. Handelsmennene er der, men dei har stengt på søndagane. Cafénais!!? Derimot, hadde åpne dører. Søndagsbuffet. Det var å gafla på. Middag, dessert og kaffi. Stappmette då me stabba bort til båten og måtte kvila middag før det var aktuelt å gå heim igjen.

Båtforeninga på Nedstrand har ei flott båthavn med god plass til båtturistar nå før sesongen startar for alvor. 

Kunne det berre blitt sol og varme nå, så kunne me frista fantalivet nokre dagar. Draumen er å høyra gauken på Borgøy i pinsti-helga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar