fredag 24. mai 2019

Huset som onkel Jakob bygde

Huset som Jakob Østensen bygde i Sæbøreinå. Det blei rive for mange år
sidan. Bildet er henta frå bokverket Norges bebyggelse som kom ut i
1950-åra.


Når austavinden kom strykande over Steinslandsvatnet om ettermiddagane med kurs mot Hjelmelandsvågen, tok den med seg fløytetonane frå huset i Sæbøreinå ned til rutebåtkaien. Folk løfta hovudet og lytta. - Høyrer du det og? Det er 'an Jakob Østensen som spelar fløyta, sa dei då.

Huset i Reinå er vekke og mannen som bygde det, døydde i 1951. - Onkel Jakob, sa mor mi. Men han var ikkje onkelen hennar. Han var onkel til mor hennar. Eller heller: Denne Jakoben var bror til min oldefar, Lorents Østensen.

Brørne Østen (1872) og Jakob Østensen (1876) ute i robåt på Hjelmelandsvågen. Begge flytta til byen og
arbeidde på butikk i mange år. Foto: Ryfylkemuseet.


Eg kan ikkje hugsa denne Jakoben. Men hugsa det var noko med dette huset og familien min i Vågen. Så fekk eg for meg at eg måtte finna ut korleis dette hang saman. Nå skriv eg det eg har funne ut og litt til. Viss nokon veit meir, er eg takknemlig for å få innspel.

Margarethe Østensen.
Jakob Østensen var fødd i 1876 som den yngste av ni søsken. Han reiste frå Hjelmeland til Stavanger før 1900-talet kom fram på kalendrane. Den unge mannen kom i skomakarlære og blei seinare diskenspringar i butikken til Sophus Thomsen i Breigata.

- Folk frå Hjelmelandsvågen gjekk alltid til Sophus Thomsen for å kjøpa dressar og trøyer av kjenningen, Jakob Østensen, fortel Jan Ommundsen som var med faren på eit slikt ærend før krigen.

Sophus Thomsen var frå Fister og dei to ungdommane frå Ryfylke blei kameratar og gjekk i Bondeungdomslaget i byen som blei stifta i 1900. Dei var med i eit spelstykke saman med Berta Vaage, skriv Johan Veka i ein toppartikkel i Aftenbladet frå 1973.

I bondeungdomslaget traff han heilt sikkert kona si, den tre år yngre Margarethe Husebø frå Hundvåg. Eg greidde ikkje å finna opplysningar i Aftenbladet om kva tid dei gifta seg. Takksam viss nokon veit dette.

Nekrolog i Aftenbladet 27. februar 1951.
Jakob Østensen var i alle dagar ein ihuga songar og blei æresmedlem i songkvartetten Njørd der han var medlem i over 40 år, sto det i Aftenbladet då han fylte 70 år i 1946.

Sjølv om han blei både skomakar og diskenspringar i byen, gløymde ikkje Jakob Hjelmelandsvågen der han var fødd og oppvaksen i det litla raude huset som stadig står rett ved sida av Spinneriet. Butikkmannen ordna seg ei festetomt i Sæbøreina og bygde seg hytta der. Materialane henta han mellom anna frå det gamle kvernhuset som sto på prestegardssida nedanfor Vågabrua.

Då krigen kom, flytta Margarethe og Jakob til Hjelmeland og blei buande der resten av sitt liv. Jakob arbeidde mellom anna ein del på skomakarverkstaden til Leif Larsen. Og Margarethe deltok i foreningslivet i bygda. Ho er med på eit bilde av Vågens eldre kvinneforening i bygdeboka for Hjelmeland.

- Eg hugsar godt at Jakob Østensen hjelpte far på skomakarverkstaden i travle periodar, fortel Astrid Julshamn. Ho er dotter av Anna og Leif Larsen.

Jakob og Margrethe Østensen var på julebesøk hos mor og far, og på vegen heim til huset i Reinå fekk Margrethe slag. Dette gjorde et voldsomt inntrykk på meg som då var åtte år, fortel Astrid Julshamn.


Eg minnest også godt Reinhold Nicolay som budde i det raude huset ved spinneriet ei tid. Dette må ha vore ein del år etter krigen. Eg og Olav, bror min, gjekk på besøk til han av og til, og med oss heim fekk med fine teikningar han laga. Eg trur også han skreiv dikt til oss. 

Så vidt som eg forstår, hadde ikkje Margarethe og Jakob eigne barn. Men i dødsannonsa blir Margarethe kalla mormor. Reidar Brommeland som er med i annonsa er truleg ein pleieson til Østensen-paret.

Dødsannonse i Aftenbladet 19. januar 1951.
Margarethe og Jakob døde med nokre få vekers mellomrom vinteren 1951. Ein nær venn av ekteparet, Stavanger-diktaren Reinhold Nicolay, skreiv nekrologen om Jakob:

-Ekteparet vant seg venner i Hjelmeland. De kom til å høre heime der, skjønt de nok lengtet tilbake til Stavanger. De var bramfrie stille mennesker. Deres heim var idyllisk og koselig. Alltid ble en møtt med vennlighet hos ekteparet Østensen, skreiv Reinhold Nicolay som budde på Einervoll i Hjelmeland under krigen.

Hytta som seinare var bustadhus i mange år, blei kjøpt av Ole Nøkling. Huset er rive for ein god år sidan nå.


Kjelder: Opplysningane til denne bloggen har eg fått av Jan Ommundsen. I tillegg fann eg ein god del interessante opplysningar ved å søka i Aftenbladet sitt arkiv. 

Det raude huset ved Spinneriet var barndomsheimen til Jakob Østensen. Nils Viga Hausken kjøpte dette huset tidlegare i år.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar