tirsdag 14. mai 2019

- Gå til Låtveit før du døyr!

Den nedlagte husmannsplassen Låtveit ligg 405 meter over havet.



- Gå til Låtveit før du døyr, Jone!

Ordren var klar og tydeleg. Ikkje til å misforstå. Eg høyrde ikkje feil. Det var eg som gjekk der og snakka med meg sjøl.

For tida er eg heilt opphengd på å gå 10.000 skritt kvar dag. Med mobilen i bukselommen trampar eg rundt og samlar skritt. Dei siste vekene har eg vandra rundt på Hjelmeland. Du blir ganske lei av å gå dei same rutene heile tida. Dessutan er det greit å variera rutene slik at ingen trur du er blitt løyen på dine gamle dagar.

Derfor hoppa eg i bilen her ein dag og kjørte innover mot Vormedalen for å samla litt skritt i all diskresjon på gjengrodde stiar.

Far min kjørte buss mellom Vormedalen og Hjelmelandsvågen i 50 år. Når eg og andre guttungar var med i bussen, fekk me springa av med posten som blei stappa i diverse postkassar langs ruta. Ni slike stopp var det på Laugalandsbussen: Kvame, Steinsland, Fevoll, Einervoll, Gåsdalen, Hegglandsånå, Hetland, Breilandslendinga og Breiland.

Her gjekk vegen til Vormedalen fram til 1960-åra. Men så kom Ryfylkevegen.

Eg stoppa ved Hegglandsånå. Her var det både postkasse og melkerampe i dei gyldne 50- og 60-åra. På Heggland hadde eg ikkje vore sidan eg var guttunge og var på besøk hjå Aslaug Heggland saman med mor mi og bror min, Dag.

Aslaug var syster til Jakob Heggland. Foreldra heitte Magla og Ånen. Aslaug blei gift med Magnus Hetland og blei buande på Fjellet, som me seier, men på andre sida av Hetlandsvatnet. I min tidlege barndom fletta Aslaug jærstol-sete for Laugaland Trevarefabrikk før den forsvann or soga. Far min var ikkje berre bussjåfør. Han dreiv også jærstol-fabrikk i eit tidlegare hønsehus saman med Paul J. Mæland i nokre år.

Eg parkerte bilen ned ved vegen og begynte å leita etter spor av farne dagar. Ein mosegrodd føringskant viste den gamle vegen slik den gjekk før den blei retta her og der for å kunna brukast til Ryfylke-veg.

Hegglandsvegen hadde meir å by på enn eg var klar over då eg starta: Her var det råd å gå både til den nedlagte husmannsplassen Låtveit og fortsetja heilt til Skomakarnibba.

Eg dreiv på og gjekk og kom til Heggland som planlagt. Oppe på Heggland var det forresten veldig velstelt og i orden.

På garden der Aslaug budde saman med foreldra, Magla og Ånen, bur sonen Årstein i dag. Og litt lenger oppe bur Ove Bjelland med familien sin. Eg kjente jo både foreldra hans, Borgny og Ommund og besteforeldra kan du skjøna.

Hanomag-traktoren hadde klar Hjelmelandstilknytting. Stavanger-forhandlar var Reidar Mjølhus frå Hjelmeland.
Denne traktoren kviler ut på Heggland.

Fekk meg ei nostalgisk høgtidsstund oppe ved løa til Ove Bjelland. Der sto det ein gammal Hanomag-traktor med slåmaskin. Ikkje alle er klar over at dette traktor-merket sto ganske sterkt i Hjelmeland i 1950-åra. For det var ein utflytta hjelmelandsbu, Reidar Mjølhus, som forhandla dei i vårt distrikt. Reiar, som dei sa på Hjelmeland, selde landbruksmaskiner i Verksgata i Stavanger. Sjølvsagt møtte mange bønder fram når Hanomag-traktoren blei vist i heimbygda til Mjølhusen som skrytte uhemma av traktoren.

- Brug an olja, Reiar, spurte ein av dei interesserte.

- Nei! Den formeleg produserar olja, svara seljaren.

Målet med turen var nådd. Dagens skritt hadde eg i boks. Eg kunne snu nasen ned til bilen igjen.

Men Låtveit var ennå eit godt stykke unna. Der hadde eg aldri vore.

 - Snu, sa Lathansen i meg. Det blei ein indre kamp, kan du forstå. Viss eg ikkje trampa vidare, ville eg aldri oppleva Låtveit. Eg vann over latskapten og gjekk.

Låtveit har sett betre tider.


Korkje folk eller dyr var å sjå på turen til Låtveit der det berre var gamle murar og restar av ein vedaovn igjen. Men fuglasongen var fin, heile vegen.

Då var målet nådd. Nå var det berre å snofla seg ned igjen til Hegglandsånå.

Låtveit blei fråflytta på 1950-talet. Johan og Serina Låtveit heitte dei siste som budde der. Serina blei enke og budde på sine eldre dagar på Breiland.

Harry Breiland, min gamle skulekamerat, hugsar godt at han var med onkelen sin, Trygve og Ommund Bjelland då dei kjørte materiala frå våningshuset ned bakkane. Dei blei lagra ved skulehuset på Fjellet.

- Eg var ikkje gamle karen, Dette var truleg i 1956 då eg var sju år gammal, seier Harry i dag.

Arne Kleppa, tidlegare rådmann i Hjelmeland, kjem med bok om nedlagte gardar og husmannsplassar i kommunen til jul.

- Låtveit var husmannsplass under Hagalid, men det var ein svært god plass. Det var ikkje aktuelt for dei som budde der å gå på pliktarbeid på Hagalid. Dei hadde nok med å driva på Låtveit og betalte vel heller grunnaleige til eigarane, seier Arne Kleppa.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar