onsdag 24. oktober 2018

«Stavanger» med Kielland si kiste om bord



Den tidlegare «Stavanger» blei omdøypt til «Saude» i 1914. Her på
Jørpeland under andre verdenskrig. Bildet er henta frå DSD si
jubileumsbok frå 2005.


Ein aprilmorgon i 1906 gleid nattruteskipet «Stavanger» inn Byfjorden forbi Tjuvholmen med kurs for Vågen. Kista til byens store diktar, Alexander Lange Kielland, var om bord. På brua sto kaptein Petter Lange, fetter til diktaren. «Stavanger» passerte det store dampskipet «Else» på vegen inn i havna. Skipet låg for anker med flagget på halv stang. Skipperen sto akterut ved flaggstanga med «blottet hode». Navnet hans var Worse.

Kielland døde på Bergen sykehus, men blei gravlagd frå domkyrkja i Stavanger.

På denne tida var nattruta den viktigaste ferdselsåra mellom Stavanger og Bergen. Kvar natt gjekk det eit skip i kvar retning. Og trafikktala gjekk jamt og trutt oppover. Bergensbanen var under bygging. Den ville gi ytterlegare trafikkauke på ruta mellom dei største byane på Vestlandet. Bergensbanen blei åpna 27. november 1909.

Dampskipet «Stavanger» som frakta kista til Alexander Kielland heim frå Bergen, var bygd ved Stavanger Støberi & Dok i 1897. Skipet skulle brukast i Bergensruta og fjordafarten og skulle erstatta «Ryfylke»som var overført til kystruta. Stavanger Støberi & Dok fekk 119.000 kroner for byggeoppdraget.

Nattruta Stavanger – Bergen blei innarbeidd i løpet av 1890-åra. Sandnæs Damp var fyrst ute med dampskipet «Sandnæs». I 1897 sette DSD inn «Stavanger» i Nattruta i samseiling med «Sandnæs». «Stavanger» gjekk til Bergen mandag og onsdag kveld. «Haukelid» gjekk på fredagskveldane. «Sandnæs» gjekk tysdag, torsdag og lørdag. Ein kort periode overtok Hardanger-Søndhordlandske (HSD) ein av turane, men det varte ikkje lenge.

Nattruta blei raskt innarbeidd og fekk ry for sin presisjon. Skipa kom og gjekk i rute uansett vêr. Det blei sagt at folk kunne stilla klokka etter Nattruta.

Maleriet av «Stavanger», bygd i 1897, tilhøyrer Stavangerske.


Folk fortalde at ei eldre kvinne spurte den legendariske kaptein Peter Lange:

- Går nattruta klokka halv ni hvis Gud vil?

- Nattruta går halv ni anten Gud vil eller ikkje, skal kapteinen ha svara.

«Stavanger» blei for liten for nattruta. I 1914 var det slutt. Då blei den omdøypt til «Saude» og nå gjekk den for det meste i fjordafart.

Men i krigsåra blei «Saude» brukt i bergensruta igjen. Nattruta var innstilt. Under krigen gjekk rutebåtane mellom Stavanger og Bergen på dagtid.

«Saude» forliste på veg til Bergen 13. november 1944. I Vatlestraumen rett sør for Bergen ble skipet rent i senk av ein tysk ubåt. Det var 30 passasjerar og eit mannskap på 21 om bord. Alle blei berga sjølv om fleire havna i sjøen. Det gjekk berre seks- sju minutt frå kollisjonen til skipet gjekk ned på 30 famnars djup.

Dermed var den andre «Stavanger» ute av soga. Den blei sletta i skipsregisteret i januar 1945.

(Kjelde: Magnus Torgersen sin bok «Fjordabådane» som blei utgitt av Aftenbladet i 1981.)

2 kommentarer:

  1. Det forbauser meg at en tysk ubåt sto for torpedering i Vatlestraumen. Bergen ble stort sett bombet av britene, og de stod bak når hurtigruteskip ble senket, om de ikke gikk på miner eller liknende faenskap.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var ingen torpedering, men en ulykke.

      Slett