onsdag 10. januar 2018

«Tau» kom før miniskjørtet og Beatles-håret


«Tau» har klappa til kai. Folk og bilar strøymer i land. Helga kan begynna. Bildet er truleg frå 1961 då ferja var ny.
Bildet er henta frå Aftenbladet sitt arkiv. 



Ikkje ei einaste jente gjekk med miniskjørt. Gitarspelande guttar med hår som låg langt ned forbi øyrene, var det ingen som hadde høyrt om. Og Gerhardsen hadde vore statsminister meir og mindre samanhengande sidan krigen slutta. Så lenger er det sidan Tau-ferja begynte å gå den 25. mars 1961.

Den største og raskaste bilferja i landet kom sigande inn på Tau-vågen. Snart låg den flunkande nye «Tau» i ferjestøa. Ikkje rart at Tau musikk-korps spelte det musikantane var gode for. Ein festdag på Tau. På Jørpeland var nok stemninga meir beherska.

For kampen om ferja til Strandalandet hadde vore knallhard.

Mellom rederia Stavangerske og Jøsenfjord Rutelag som begge meinte dei hadde retten på trafikken på Tau. Her gjekk Stavangerske av med seieren og fekk hand om ferjetrafikken.

Men hardast var nok striden om kor ferja skulle landa henne når den kom frå byen. Tau eller Jørpeland? Dei som budde sør for den hola eika på Nag, meinte at ferja måtte gå til Jørpeland. Nord for den hole trestammen heldt dei på Tau. Viss hjelmelandsbuane hadde lov å meina noko om dette spørsmålet, gjekk dei inn for Tau. Skiljelinjene var vel omtrent dei same som i striden om kor ein skulle byggja fastlandssambandet til Nord-Jæren. Over Høgsfjord eller undersjøisk mot Stavanger.

25. mars 1961 blei «Tau» sett inn i den ferjeruta mellom Tau og Stavanger. Sidan har det gått ferjer her i alle år, 57 år blir det i mars. Men neste haust blir Ryfast åpna. Frå den dagen i 2019 blir Tau-ferja historie. Nå skriv med januar 2018. Det er på høg tid å begynna å mimra.

Folk kjørte Ford Taunus 12 M og NSU Prinz. Dei velståande kjøpte seg Volvo Amazon. Ein brukt Mercedes frå 1950-talet kunne også gå an.

Bildet frå Tau-kaien er truleg frå sommaren 1961. Skal me innbilla oss at det er helga-utfart. Bilar og folk er på veg ut av ferja. Bussane ventar på alle dei som ennå ikkje har skaffa seg eigen bil. Forresten står det ein haug med bilar langs fortauet utanfor Forbruken. Dei er på kaien anten for å henta nokon som kjem med ferja eller for å tilfredsstilla forvetenskapen sin.

Bussane står klar til å frakta ferjepassasjerane vidare innover. Den grå Scania-bussen til Ryfylkeveiens Billag står oppstilt nærast fotografen. Den ventar på årdalsbuar som er på veg heim frå byen. Dei gule Ola Buss-bussane står bak Årdalsbussen.

I den tida kledde folk seg opp når helga kom. Kvite skjorter med oppbretta armar når det var varmt nok. Du ser ferjeskipperen på bruvingen. Han står i skjorta han også.

- Kim e' oppe i dag? E' det Hjelmelandsjohnsen?

«Tau» var ei støvande ferja. Rask og rommeleg. Den marsja over Hidlefjorden i vel 13 knop og brukte 40 minutt frå kai til kai. 475 passasjerar kunne den ta med seg og på bildekket var det plass til 30 personbilar og kanskje to-tre til når bilane var små nok og matrosane tok tak i ein og annan støytfangar og heiv litt på bilane for å smetta inn ein liten til.

For ei strålande tid. - Det var i vår ungdoms fagraste vår, song svenske Sven Ingvars på den tida. - Der bjørkorna susa, var Jailbirds Singers sin slager. Bjørkeskogen sto fin og grøn på Tau også.

Kommentar på Facebook:


Oddfrid Warland · 16 felles venner
Bilde er tatt ca 1964, min far Jan Langvik kjører Taunusen mor min bror og eg sitter fremme og min fars bror sitter bak.






1 kommentar: