onsdag 24. januar 2018

Odelsgutten blei ferjematros

«Tau» klar til avgang. Matros Øystein Sandvik ventar berre på at klokka
skal bli halv. Då gjekk ferjene. ØB-sjåfør Mandius Barka til høgre.
Fotografen er ukjent. 


Eit kjent fjes på den fyrste Tau-ferja. Den store og som oftast smilande matrosen sto klar når ferja klappa til kai. Han åpna ferjeporten og slapp folk om bord og på land, gjekk rundt i salongen og samla inn billettar og i tillegg sto han  til rors på annankvar tur frå Tau til byen.

Øystein Sandvik blei ferjemann då han gjekk om bord i «Tau» våren 1962. Den gongen var Jørpelandsbussen gul, Årdalsbussen grå og ferje-ekspeditør Johannes Stensen styrte som ein annan småkonge på Tau-kaien. Ikkje rart at Øystein Sandvik blei verande på denne ferja så lenge den gjekk i Tau-sambandet.

Glanstida då det kosta tre kroner og 20 øre for å reisa frå Tau til byen.

Øystein Sandvik er stadig oppgåande.
Ingen stjernetydar ville ha funne ut i 1932 at den nyfødde guttungen skulle enda som sjømann i innanriks ferjefart. Tvertimot. Han blei fødd i Suldal. Faren kjøpte gard i Hetlandsbygda i gamle Fister kommune. Øystein var eldst og odelsgutt. Men garden interesserte ikkje han.

Fjordabåter derimot. Det var spennande.

Sommaren 1954 fekk han sommarjobb på «Jøsenfjord». Dette var springbrettet for å få fast matros-jobb på «Hjelmelandsfjord». I 1957 slutta han i Jøsenfjord Rutelag og melde overgang til Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD).

«Sand» blei fyrste båten hans i DSD i 1958. Båten likna mykje på «Hjelmelandsfjord». Dette var begge ombygde landgangsbåtar frå krigen. Dei blei kjøpte i England og ombygde til fjordabåtar i Norge.

- Vinterstid gjekk «Sand» mest i Haugesundsruta motsett av «Haugesund». Me låg i Haugesund om nettene og gjekk til Stavanger og snudde for det meste. Sommarstid gjekk denne båten i turistruta til Sand og Sauda. Ei tid gjekk «Sand» også i lasteruta til Sand og Sauda, fortel Øystein Sandvik.

Vinteren 1962 fekk Øystein Sandvik jobb på Tau-ferja. Men kaptein Jostein Aske på «Sand» ville ikkje sleppa rormannen sin før våren kom og det blei lengre dagar. Aske ville ha med seg kjende folk på brua i vintermørket.

«Tau» på  verksted på Skjeret. Matrosane har fem minutt. Frå venstre: Øystein Sandvik, Magnus Sivertsen, Alfred Løvik
og Edvin Stava. Fotograf ukjent.  


«Tau» blei med åra for liten for det travle ferjesambandet over Hidlefjorden. I 1973 blei denne ferja overført til Midtsambandet. Ei flunkande nye fjordaferje blei sett inn i Tau-ruta. «Stavanger» er den finaste og mest påkosta ferja som nokon gong har gått til Tau. Det seier alle som trur dei har greia på slikt. Men den blei raskt gammeldags. Bildekket var trangt og tungvint. I 1982 blei «Stavanger» seldt til Finnmark. Nå kom pendelferjene «Tau» og «Strand» som passa betre inn i tida. Sandvik var først på «Stavanger». Deretter på «Strand» til han gjekk i land.

I mange år var Øystein Sandvik engasjert i fagforeningsarbeid. Han var tillitsmann for mannskapa på ferjene. Ein periode var han nestformann i Stavanger-avdelinga av Sjømannsforbundet.

I 1985 fekk Øystein Sandvik hjertetrøbbel og måtte slutta på ferjene. Men han er stadig oppegåande og ser godt ut med smilet på lur. Han og kona, Liv, bur på Tau i huset dei bygde for mange år sidan.


«Tau» i all sin glans i 1961. Den enda som vrak i Afrika.  









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar