onsdag 22. november 2017

Styrmann Olsen på hesteryggen

"Lilly", siste gardshesten på Kvitsøy, fekk hjelp av både styrmann Erling Olsen og kaptein
Sankey Fjeld  då ho skulle i land frå "Sjernarøy" i 1973. Foto: Leif Berge.


Lilly - den gamle merra - nekta plent å gå i land frå "Sjernarøy" i Stavanger. Ikkje løye det. Slakthus-bilen venta på den krok-hasa og stivbeinte 33-åringen når ho kom seg over landgangen og inn på kaien.

Lilly var den siste arbeidshesten på Kvitsøy. Heilt sidan 1947 hadde ho vore ein trufast gardshest for eigaren, Ingvald P. Håland.

Øyken nekta plent å gå i land frå fjordabåten "Sjernarøy". Ho sto sta og stiv under bakken og ville ikkje rikka seg.  Men styrmann Erling Olsen frå Mosterøy var ikkje rådlaus. Ute på øyane var dei vande med husdyr av alle slag.

Styrmannen fekk på seg kjeladressen og svinga seg opp på hesteryggen. Då blei det liv i Lilly. Ho trippa tvilande over dekket og ved landgangen sto kaptein Sankey Fjeld som tok tak i grima og hjelpte hesten trygt ned over landgangen.

På kaien sto Aftenblad-fotograf Leif Berge og fekk foreviga den historiske hendinga. Neste dag, 30. januar 1973, var Lilly frå Kvitsøy fyrsteside-stoff i Aftenbladet.

Fotografen fekk nok  hjelp av ein journalist i avisa som skreiv ein inspirert tekst til bildet frå kaien. Skulle ikkje forundra meg om det er Jon Moe eller Per Surnevik som har forfatta dette:

"Lilly hans Ingvald P. Håland har gått i skjekene dei fleste av sine 33 år. Opphavleg kom ho til verda i 1940, men først i 1947 kom ho til husbonden sin på Kvitsøy. På den tida var ho i godt lag på øyane vest i havet, men med åra har traktorane fortrengt den eine merra etter den andre, og nå var det ikkje rom for Lilly heller. På kaien venta slakteribilen.

Det er alltid sakn når hesten dreg av garden. Når siste hesten fêr frå kommunen, då er det ein epoke som ebbar ut. Det er ein milepæl i ei endelaus utvikling: Det året då vårsilda ikkje lenger sto i fjorden, og det var det året då Kvitsøybuane lærte seg å mata krabben.

Men dette er det året då siste merra fôr frå øya. Ingen veit om noko hestemule skal gnaga Kvitsøygras meir. "

Lilly var nok den siste gardshesten på Kvitsøy. Men det har vore "fornøyelseshestar" her seinare.

Dette bildet fekk Erling Olsen av fotografen og han har hatt det hengande i stova si heime på Mosterøy. Eg fekk ein kopi av han. Nå er det også forsvarleg arkivert i Aftenbladet.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar