mandag 6. november 2017

Solbakk-jenta som forelska seg i "Fjordbris"-matrosen

Dei fann tonen, Solveig Norland frå Solbakk og matrosen på  «Fjordbris»,
Arnt Søllesvik. Dei traff kvarandre i 1952.


Av og til blir det med lange blikk. Andre gonger seier det klikk. Solveig frå Solbakk og styrmann Arnt Søllesvik på «Fjordbris» sende blikk, men stoppa ikkje der. Dei blei kjende og kjærastar. Seinare forlova dei seg, gifta seg og stifta familie.

Solbakk var ingen filleplass i 1950. Rutebåten «Fjordbris» var innom på Solbakk fleire gonger til dagen i ruta mellom Stavanger, Tau og Jørpeland. På den tida var det to butikkar der. Du kunne velja om du ville vera kunde hjå Byberg eller Tveita.

I dag hadde ingen ant noko om dette vegkrysset mellom Tau og Jørpeland viss det ikkje var for Ryfast-tunnellen. Den stikk ned under fjorden frå Solbakk og skal enda opp på bylandet etterkvart.

«Fjordbris» var eit dagleg syn på kaien på Solbakk. Bildet er teke 1. juni 1954. Tveita-butikken til venstre. Byberg
til høgre. (Flyfoto) 


20 år gamle Solveig Norland jobba som butikkjente på Forbruken på Tau på den tida då ho blei kjend med sjømannen om bord i «Fjordbris».

- Eg gjorde meg ærend på kaien når båten kom viss han var på om bord. Og på søndagskveldane reiste me til byen med «Fjordbris», fortel Solveig.

Den unge tysværbuen Arnt Søllesvik starta karrieren i Stavangerske i 1952. 23-åringen var styrmann om sommaren og matros om vinteren dei fyrste åra. Sjømannskap hadde han lært seg på fiskeskøyta «Sjøliv» til onkelen på Bremnes. Han hadde også vore dreng både på Finnøy og på Jæren. Som 16-åring pløydde  han med to hestar. God trening for ein som seinare blei hurtigbåtskipper og måtte manøvrera med to motorar på ein gong.

 Solveig Norland måtte også tidleg ut i arbeidslivet. Fyrste jobben hadde ho på telefonstasjonen på Tau. Den var plassert i Ødvin-butikken. Der var ho i eit år før ho begynte som butikkjente på Forbruken som låg vegg i vegg med Ødvin. Venninna Bjørg Kleven sto på Ødvin-butikken.

På Forbruken på Tau var det fire butikk-jenter på denne tida. Sofie Høiland, Kjellaug Riveland og Ingfrid Tveit var kollegene til Solveig. Dei jobba ikkje berre på butikken. Dei hadde også som oppgave å laga middag for dei to mannlege butikk-betjentane Bjarne Mæland og Reidar Skogerbø.

I dag tek det ikkje mange minutt med bil frå Tau til Solbakk. Men tidleg på 1950-talet blei det rekna som langt. Vegen mellom Solbakk og Tau var ikkje rare greiene.  Solveig budde heime om sommaren og sykla til jobben på Tau. Om vinteren budde ho på hybel på Tau.

Dei tre matrosane på «Fjordbris» fann alle kjærastar på Strandalandet.
Frå venstre: Kåre Sjursen, Arnt Søllesvik og Olav Høyvik. Bildet tilhøyrer
Søllesvik. Bildet tilhøyrer Solveig Søllesvik. 
  

Berit Lauvsnes frå Jørpeland og
Kåre Sjursen frå Hjelmeland. 
Ein laurdagskveld etter at Solveig og Arnt var blitt kjærastar, var ho med «Fjordbris» til Jørpeland på siste turen om kvelden. Koss kom ho seg då heim til foreldra på Solbakk.

Null problem. Den unge kavaleren treiv ein sykkel som sto og støtta seg til ein stolpe på kaien. Sette Solveig på stanga og sykla henne heim til Solbakk.

«Fjordbris»-matrosane hadde sans for Stranda-jenter i 1952. Arnt Søllesvik seilte saman med Kåre Sjursen frå Hjelmeland og Olav Høyvik som også traff sine seinare ektefeller medan dei seilte i rutefart på Strandalandet.

 Kåre Sjursen møtte ei jenta frå Jørpeland, Berit Lauvsnes. Ho jobba på Forbruken på Jørpeland. Hjelmelandsbuen gjekk i land, gifta seg med Berit og blei stålverksarbeidar. Olav Høyvik blei kjærast og gift med Marit Eie frå Kjølevik.  Olav Høyvik seilte i Stavangerske i nærare 40 år før han blei pensjonist.

I neste bloggen min skal eg fortelja om då Solveig Norland og Arnt Søllesvik skulle forlova seg. Det blei meir komplisert enn dei hadde tenkt.

Solveig Søllesvik fortalte meg denne historien for eit par år sidan. Ho var ein flink forteljar. Dette resulterte i fleire bloggar. Solveig Søllesvik døydde i sommar, 86 år gammal.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar