mandag 30. oktober 2017

Full kaptein gjekk på grunn med "Strand"

Frå fyrstesida Stavanger Aftenbladet 3. juli 1956.


I panikk hoppa ei ung jente på sjøen og greidde å symja til lands. Eit par andre passasjerar sprang opp i styrehuset og fekk stoppa båten før den gjekk på land på Foldøy. Kapteinen på "Strand" var så full at han var ute av stand til å gjera jobben sin.

Skandalen var eit faktum i Ryfylke laurdagskvelden 30. juni 1956.

Rutebåten "Strand" gjekk i rute frå Stavanger i ruta si til Vatlandsvåg. Det var sommar og ferietid og forholdsvis mykje folk om bord.

Då båten var på veg mot Foldøy, var det folk om bord som undra seg. Kursen mot kaien var uvanleg. Plutseleg gjekk båten på grunn. Dei 50 - 60 passasjerane om bord forsto at noko var gale. Panikken breidde seg. Passasjerar tok seg inn i styrehuset og fekk bakka opp før båten rente på land.

Ei oppskakande hending i både Stavangerske og Rogaland. Denne saka let seg ikkje dyssa ned. I Aftenbladet sto det ikkje eit ord om saka på mandagen. Det sat langt inne i avisa å omtala skandalar i Stavangerske. Men tirsdag 3. juli blei saka slått opp på fyrstesida med tittelen: "Snarrådige passasjerer reddet rutebåten "Strand".

Lensmann Einar Thorsen i Jelsa hadde avhøyrt mannskap og passasjerar og han opplyste at årsaka til uhellet var at skipperen var berusa. Båten var ikkje skada. Det var ingen lekkasjer etter grunnstøytinga. Difor kunne båten fortsetja i ruta etter hendinga.

Rogaland politikammer skulle ta seg av den vidare etterforskninga.

Eg har søkt forgjeves i Aftenbladet etter meir stoff om denne hendinga. Det ser ikkje ut til at den blei omtala seinare.

I 2005 kom eg tilfeldigvis i prat med to eldre karar på Nedstrand. Den eine hadde reist med "Strand" på denne dagen.

- Saman med ein kamerat sat eg framme under bakken. Me hadde vore ein tur i byen og hadde kjøpt ei flaske med brennevin. Denne hadde me spretta og me tok oss eit par drammar på båten. Plutseleg sto skipperen på dekket framføre oss. Me stokk fordi me trudde han ville ta flaska frå oss. Men han spurte om å få ein dram og han kom fram til oss og fekk ein dram til seinare også.

Kan skjøna me tykte det sto til å spandera dram på skipperen, fortalde mannen som gjekk av på ein stoppestad før Foldøy.  Dei to kameratane fekk høyra kva som hadde skjedd seinare på kvelden. Om desse karane nokon gong blei avhøyrte av politiet veit eg ingenting om.

Mannskapssjef Rasmus
Kyvik i DSD.
Dette blei nok også ein sak for den legendariske mannskapssjefen i Stavangerske, Rasmus Kyvik. I årevis hadde han denne stillinga.  Han var ein brumlebass, men veldig godhjerta når det kom til stykket. Mannskapssjefen hadde nok eit ord med i laget når denne triste saka skulle få ei løysing.

Kapteinen på "Strand" hadde jo skjemt ut både seg sjølv og rederiet. Men Stavangerske-folk som hadde vore der i årevis, blei ikkje sett på gata utan vidare. Dei følte ansvar for sine i den tida. Kapteinen måtte gå på land. Han fekk ikkje vera skipsførar meir, men fekk andre oppgåver av meir underordna art i selskapet.



Eg tok kontakt med Statsarkivet i Stavanger. Der låg saksmappa frå Rogaland politikammer. Rett nok mangla alle dokumenta i saka, men saksgangen er notert. Ingenting tyder på at det var sjøforklaring etter denne hendinga.

15. oktober 1956 hadde Rogaland politikammer fastsett straffereaksjonen mot kapteinen. Han fekk ei bot på 400 kroner, subsidiært 21 dagars fengsel. Tre dagar seinare er det notert i saksmappa at kapteinen har vedteke bota.

400 kroner tilsvarar vel 5000 kroner i dagens pengeverdi.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar