lørdag 11. november 2017

Nesten-forlis forsinka forlovelsen

Forlova ein dag forsinka. Solveig Norland og
Arnt Søllesvik 23. august 1953.


Ei spent Stranda-jenta sto på Ryfylkekaien i Stavanger og venta på fjordabåten "Bokn" på laurdagskvelden 22. august 1953. Ikkje rart ho var litt oppspilt. Ho skulle forlova seg med styrmannen om bord, Arnt Søllesvik, nettopp denne kvelden.

Gullringane var trygt plassert i styrmannslugaren på "Bokn". Arnt hadde fått låna ein ring av Solveig slik at han hadde ordna med passeleg stor ring til henne. Solveig hadde jobb på Forbruken på Tau. Ho kunne ikkje ta seg fri midt i veka for å dra til gullsmed i byen.

Denne kvelden skulle båten komma i rute frå Muslandsvåg. Men den kom ikkje. Solveig venta og venta. Ingen båt.

Til slutt måtte ho ta båten tilbake til Tau og overnatta der. Ho visste ikkje kva som hadde skjedd. Folk hadde ikkje mobiltelefon på den tida. Kan du tenkja deg?

"Bokn" i Børevigå mange år seinare. Foto: Johannes Østvold.


På søndagsmorgonen drog ho til byen igjen. Då låg "Bokn" ved Ryfylkekaien, klar til å gå til Rennesøy på føremiddagen.

Då fekk ho forklaringa: "Bokn" hadde gått på land på Vassøy. Rorkjettingen hadde sett seg fast og dermed mista kapteinen styringa på båten. Dei som var om bord måtte ta seg av passasjerar og båten. Dei fire passasjerane om bord blei tekne om bord i ein passerande båt og kom seg til byen.

Men skipper og styrmann måtte få kontakt med folk i Stavangerske som kunne skaffa hjelp til å få "Bokn" brakt flott som dei kalte det på den tida.  Slepebåten "Klas" kom etterkvart dampande frå Klasaskjæret til Vassøy for å dra "Bokn" av grunnen.

Då båten gjekk frå byen måtte styrmannen selja billettar aller fyrst. Så kom han i full fart ned i lugaren og dermed fekk dei endeleg gullringane på ringfingrane ein plass på veg mot Sørbø på Rennesøy. Dei var ringforlova, men dei gjekk ikkje akkurat rundt og vifta med fingrane. Ingen andre visste om kva dei hadde planlagt.

Side 2 i Aftenlbladet mandag 24. august 1953,

Systrene til Arnt Søllesvik var dei fyrste som fekk vita om forlovelsen. Og dei handla raskt. Neste morgon var dei nede i Aftenbladet og sørga for forlovelsesnotis som sto i avisa same dagen. Mor til Solveig ante ingenting før ho les i Aftenbladet at dottera var forlova.

På same sida i Aftenbladet sto det også om grunnstøytinga til "Bokn".

Aftenbladet side 2 mandag 24. august 1953.


Alt gjekk etterkvart som det var tenkt. Men forlovelsesdatoen blei ein dag seinare på grunn av denne rorkjettingen på "Bokn".
















1 kommentar: