søndag 12. mars 2017

Kven stal nødprovianten på "Stordøy"?



Johan Knutsvik var ein røynd fiskar med robust mage.
Her bøter han garn. Bildet teke på  Island i 1953
av Anders Vaage.


Berre smular var igjen av nødprovianten då "Stordøy" var vel heime igjen etter dei åtte vekene på islandsfisket sommaren 1951. Skipper Erling Bøen trudde ikkje det han såg då han såg over livbåtane i slutten av september.

Skipperen var ein ryddig type. Han hadde personleg sytt for at grov, heimelaga byggkavring var plassert boksar i båtane slik at folk hadde mat dersom det aller verste skulle henda. Ikkje nokon festmat akkurat, men solid nok til å overleva på viss ein kom i havsnaud.

Eg veit ikkje om Erling Bøen nokon gong fekk greie på kor kavringane tok vegen, men nå har eg fått svaret. Og eg garanterer at dette korkje er "fake news" eller alternative fakta som er blitt så vanleg i dag.

Kokk Torkel Egeland. Bilde:
Anders Vaage.


Torkel Egeland var kokk på "Stordøy" i 1951. Han skulle halda 11 mannfolk gode og mette og fornøgde den tida dei var langt til havs, borte frå koner og ungar og den daglege dont. Her var det lange dagar, hardt arbeid og mykje frisk og til dels fuktig luft. Måltida blei dermed dagens høgdepunkt. Då skulle karane få kveik og nye krefter til dei tørna ut igjen til meir slit.

I 1951 hadde vaksne mannfolk utvikla hardføre magar. Dei hadde greidd seg gjennom lange krigsår og magre etterkrigsår på enkel kost. Søtsaker var omtrent ikkje å oppdriva på den tida. Islandsfiskarar på landlov langt vest i havet, hamstra sukker og risengryn til å ta med heim til kone og ungar. Sukkerrasjoneringa blei ikkje oppheva her i landet før i 1952.

Med denne bakgrunnen ville kokk Egeland gleda skipskameratane med brød som var lett å fortæra. Han tok berre med kvitt, fint mjøl og serverte fint brød med rosiner kvar einaste dag. Dei vaksne karane var svært godt fornøgde med brødet. Dei åt godt og let vel.

"Stordøy"-fiskarane eit sjeldent solgøtt på fiskefeltet utanfor Island. Framme frå venstre: Anders Vaage og Torstein Stensland. Bak: Kolle Eskedal, Trygve Høivik, Norman Drivenes, Torkel Egeland, Erling Bøen, Johan Knutsvik,
Nils Helgeland og Osmund Torp. Bildet frå Anders Vaage sin samling frå 1953.


- Men eg blei heilt galen i magen, fortel Torstein Stensland nå i dag.

Torstein var berre 15 år då "Stordøy" gjekk til Island den sommaren. Han var konfirmert i kyrkja i Hålandsosen ein søndag hausten 1949 og hadde ingen ferdig utvikla, hardfør fiskarmage.

På landlov i Seydisfjord på Island kjøpte han brød.

Brødet frå Seydisfjord fall ikkje i smak.

- Det var svart og sleipt og heilt uvant. Eg orka ikkje å eta dette, seier Torstein.

Til slutt tok han den litt eldre Øystein Førre til sides og la fram problema sine for han. Den unge jøsnesbuen visste råd.

- Pass på når du er på vakt på nettene og ingen ser deg. Då skal du gå i livbåten og finna nødproviant-lageret. Her er det fullt av grov byggkavring. Prøv om dei ikkje vil hjelpa deg til å få orden på magen, sa Øystein Førre som seinare blei kaptein i utanriksfart og eit kjent navn i shippingmiljøet i Stavanger.

Kavringen hjelpte på magesjauen. Men unggutten forsynte seg jamt og trutt. Det var ikkje meir kavring igjen då "Stordøy" kom heim til Erfjord igjen.

- Skipper Erling Bøen undra seg fælt over dei tomme boksane der kavringen var plassert. Eg våga aldri å tilstå tjuveriet, seier Torstein Stensland i dag.

Om skipperen nokon gong fekk vita kor kavringen tok vegen, har eg ikkje funne ut. Men nå skulle vel alle andre vera orientert.

Eg bloggar vidare om "Stordøy" om nokre dagar. Hald ut!










3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Haha! :-) Lykkelig slutt er bra i allfall. :-)

    SvarSlett
  3. Dette var flott og sjå,Torkel Egeland var min farfar,kin er det så har originalene til desse bildene? Mvh Jens Inge Egeland

    SvarSlett