mandag 20. mars 2017

Dei kunne røyka seg rike på islandsfiske!

Kolle Eskedal og Anders Vaage med kvar sin sigarett. Skipper Erling
Bøen heldt seg borte frå tobakken. Bilde: Anders Vaage.


- Sigarettane var så billige at eg følte meg nesten nøydd til å kjøpa røyk då "Stordøy" gjekk til Island. Det enda med at eg kjøpte så mykje sigarettar og tobakk at eg hadde nok til jul, fortel Torstein Stensland som var 15-åring i 1951 då Erfjord-snurparen gjekk frå Haugesund ein av dei fyrste dagane i juli dette året.

Bilda som Anders Vaage tok då han var på islandsfiske med "Stordøy" er nokså tidstypiske. Du ville nok funne dei same motiva på dei andre båtane i den store norske fiskeflåten som var på bankane rundt i Island i 1950-åra.

Nils Helgeland og Johan Knutsvik har fått opp dampen.
 Bilde: Anders Vaage.



Då Torstein Stensland kom heim frå Island hadde han fylt 16 år og var blitt vanerøykar. Dette var forresten nokså normalt på denne tida. Var han 14 år og konfirmert, var det ingen som var sjokkert om unggutten røykte.

Fant ikkje bilde av Torstein Stensland
med sigarett sjøl han røykte rett som det var.
- Me hadde berre to timar solskinn i løpet av dei åtte vekene med brukte på turen til fiskebankane rundt Island. Resten av tida var det overskya og for det meste havskodd. Og mykje kaffi og tobakksrøyk. Det var ikkje noko utsvevande liv. Tvertimot. Hardt arbeid og lange dagar.

På 1950-talet var det ikkje mange som oppfatta det som helseskadeleg å røyka slik ein gjer i dag. Tvertimot var det vel ikkje langt frå at både fiskarar og andre trudde at dei fekk både nye krefter og pen hud ved å fyra oppein røyk nå og då. Og så var det jo tøft når du hadde ein lang, kvit sigarett dinglande i munnvika. 

Då "Stordøy" låg i Haugesund og tok om bord proviant og forsyningar av alle slag, tok dei sjølvsagt med seg sigarettar og tobakk på utførsel. Fiskarane fekk kjøpa tobakksvarene utan fordyrande toll og avgifter.

Trygve Høivik med sigarett og tam
måkeunge på Grimsøy på Island.
- Det gjekk i Chesterfield og Pall Mall-sigarettar. I tillegg kjøpte me boksar med tobakk. Eventyrblanding. Tomboksane fylte eg med krydder før eg gjekk i land frå "Stordøy". Boksane plasserte eg på sjøhuset heime. Eg har ein slik gamal tobakksboks med krydder ståande ennå, fortel Trygve Høivik som var med "Stordøy" på islandsfiske i 1953.


Torstein Stensland røykte til han var 43 år. Då fekk han hjerteinfarkt. Kor eg kom på legekontor og sjukehuse spurte dei om eg røykte.  Etter hjerteoperasjonen i Skottland, våga eg aldri røyka meir. Den første tida var røykelukta motbydeleg. Men etterkvart gjorde det meg ingenting. Kona mi har røykt i alle år utan at det har ført til problem korkje for henne eller for meg, seier Torstein Stensland.

Trygve Høivik røykte som islandsfiskar og heldt dampen oppe i fleire år etterpå.

- Men eg blei gift med Valborg nokre år seinare. Ho meinte eg kunne bruka tobakkspengane til noko meir fornuftig. - Kjøp deg heller eit jaktgevær, sa ho.

Dermed kutta Trygve Høivik ut tobakken for godt. - Har eg slutta, så har eg slutta, sa han til seg sjølv.

Tobakksvarene tok ikkje stor plass på "Stordøy" i 1951.

1050 tretønner var det om bord då snurparen gjekk frå Haugesund.  Av desse var 350 fulle av salt og i 32 tønner var det krydder. På heimturen skulle det vera islandssild i alle tønnene.













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar