onsdag 29. mars 2017

Då "Stordøy"-skipperen sprang på brua i bare underbuksa

Erling Bøen, skikkeleg påkledd, på brua på "Stordøy" i desember 1978.
Foto: Jone Laugaland.

Eit kraftig brak midt på natta vekte dei sovande fiskarane om bord i "Stordøy". Kva hadde skjedd?

 Då dei gjekk til ro, låg fiskebåten for anker. Alt var roleg.

- Då me tørna ut og kom oss opp på dekk, såg eg skipper Erling Bøen som sprang rundt berre iført kvit underbukse på brua. Han jobba med å skaffa seg oversyn, fortel Trygve Høivik som hugsar godt denne hendinga som skjedde natt til 19. juli 1953.

Kort oppsummert: Ankerkjettinga brakk, som det heiter på korrekt sjømannsspråk. Fiskaren som var på vakt, hadde sovna. "Stordøy" begynte å driva ned mot ein av dei ankra båtane som låg for anker. Då dei to båtane dunka saman, kom smellet som vekte opp folka om bord.

Skipperen reagerte raskt, Fekk motoren starta og kom seg klar den andre båten før det skjedde ytterlegare skade. Ikkje rart at Erling Bøen var snar i snuen då han høyrde smellet. Han hadde ansvar for folk, båt og bruk. Då måtte kravet til korrekt klesdrakt vika for ei kort stund.

Fleire rekkestøtter på "Stordøy" blei skada i samanstøyten med fiskebåten  "Produsent" frå Ålesund.
Men skaden førte ikkje til problem for det vidare fisket. Loggboka fortel arbeidet om bord gjekk som normalt dei neste dagane.

Frå boka "Fiskebåtar fra Ålesund" laga av
Bjørn O. Hjelle i 2010.

Ankeret og den tilhøyrande kjettingen representerte ikkje det store tapet. Dei hadde nok minst eit anker igjen om bord.

- Men nokre dagar seinare tok skipperen på haugesundsbåten "Suderøy V" kontakt med kollega Erling Bøen på "Stordøy".  Det tapte ankeret befant seg nå om bord i "Suderøy V". Dei hadde fått det opp saman med sitt eige anker, fortel 90 år gamle Trygve Høivik.

Høivik hugsar godt.

Den tidlegare kvalbåten "Suderøy V" som fiskebåt. Frå bildesamlingen til
Alf I. Kristiansen.


Onsdag 5. august 1953 skriv Erling Bøen i loggboka: Fekk igjen ankeret vi mista frå "Suderøy V".

Denne fiskebåten frå Haugesund fekk ein lang og omskifteleg historie frå den blei bygd som kvalbåt på Nylands mek. verksted i Oslo i 1953. Fyrste eigar var Hvalfangstselskapet Suderøy AS i Haugesund. Fram til krigen blei båten brukt til kvalfangst i Sydishavet. Frå 1940 til 1945 var den rekvirert av Royal Canadian Navy og brukt til minesveipar.

Etter krigen var "Suderøy V" tilbake på kvalfangst. I 1952 blei den ombygd til fiskebåt med fiskerinummer R - 49 - H og forlenga md 27 fot.

Frå 1955 til 1959 gjekk den tidlegare fiskebåten i Veritas-ruten mellom Oslo og Bergen med navnet "Hellesund". Deretter blei den fiskebåt igjen med sitt gamle navn og fiskerinummer.

Seinar skifta båten navn til "Idol" og deretter "Geo Boy". I 1990 kjøpte Simon Møkster båten og gav den navnet "Striløy". I november 2006 blei den seldt til opphogging i Danmark.

"Suderøy V"-historien har eg fått frå Kjell B. Sønstabø.

Hausten 1953 gjekk "Stordøy" til Flekkefjord på verksted. Då blei nok skaden på rekkestøttene reparert. Men det skjedde også synlege endringar. Snurparen fekk bakk og likna nå meir og meir på det indre bildet me har av "Stordøy" frå den tida den gjekk som lastebåt i Ryfylke for Stavangerske. Det nye styrehuset kom nokre år seinare.

"Stordøy" med ny bakk på storsildfiske vinteren 1954. Foto: Ryfylkemuseet.











                 










1 kommentar:

  1. Fin historie. Takk. :-)
    En rettelse: Suderøy V blebygget i 1930, ikke 1053, som står i teksten. ref: https://www.sjohistorie.no/no/skip/28045/

    SvarSlett