tirsdag 7. mars 2017

Konfirmanten var kokk, rustpikkar og malar på "Stordøy"

- Eg blei hyrt inn som kokk og rustbankar  på "Stordøy" i 1949, fortel Torstein
Stensland som fekk eit langvarig forhold til dette fartyet.


14 år gamle Torstein Stensland innleidde i 1949 eit langt forhold med den mykje eldre "Stordøy".  Unggutten heldt det gåande med snurparen frå Erfjord kvar einaste sommar fram til hausten 1956. Ei blanding av eventyrlyst og behov for pengar drog unge Torstein frå skulepulten til skipsdekket kvar einaste vår og sommar.

Her er Torstein Stensland med på islandsfiske
som 17-åring. Bildet tilhøyrer Anna Vaage. 

I 1947 kjøpte Edvard Bøen saman med sønnene Erling og Bjørn frå Erfjord det dampdrivne  fiskefartyet "Stordøy" av skipshandlar J. Kyvik i Haugesund. Dei overtok seks ni-deler av eigarskapet. Kyvik hadde igjen tre ni-deler av båten i fleire år til.

Bøarane skulle fornya og modernisera "Stordøy" som blei bygd i Tyskland i 1896 og hadde overlevd to verdenskrigar.

Torstein Stensland var son av lærar og klokkar Albert Stensland. Dei budde på klokkargarden på Erøy, berre eit steinkast frå bryggja der "Stordøy" hadde fått fast liggeplass.

- Eg var nummer fem i ein syskenflokk på sju og alltid på utkikk etter ein jobb. Det var viktig å tjena pengar. Som 14-åring gjekk eg for presten og skulle konfirmerast til hausten. Omtrent vaksen, med andre ord. Det var ikkje nei i min munn då eg fekk tilbod om å vera med "Stordøy" til Haugesund der båten skulle på slipp og forlengjast,  fortel Torstein Stensland som blir 82 år til sommaren. Han er pensjonert lærar og busett i Stavanger.

- Min jobb var å koka, pikka rust og mala. Det blei lange dagar og mykje rust.

- Kunne du koka?

- Nei. Men sidan eg var så ung, var det ikkje alt eg kunne brukast til. Dermed sette dei meg til å koka.  Eg hadde vel spurt mor mi litt til råds før me reiste. Dessutan fekk eg med meg ein del ferdiglaga middagsmat som eg kunne varma opp. Det kom vel med. God og billeg mat var ikkje å forakta.

"Stordøy" på Haugesund Slipp i 1949. Då blei den forlengd med sju meter. Dampmaskinen sto i til 1951. Bildet tilhøyrer
Kjell B. Sønstabø. 


 "Stordøy" var forlengd med sju meter og var 38,2 meter då den blei sett på sjøen igjen frå Haugesund Slipp. Men ennå gjensto det ein god del arbeid før den framsto slik den var då den gjekk i lasterute for Stavangerske i 1960- og 1970-åra.

I 1926 kom "Lowhar" til Norge. Seks år seinare skifta
den navn til "Stordøy". Bilde: Kjell B. Sønstabø.
I 1896  var "Herbert" navnet på fiskefartyet som seinare blei til "Stordøy". Den var tysk og heimehavna var Geestemünde. I 1915 blei "Herbert" kapra i Nordsjøen av ein britisk kryssar og ført inn til Grimsby. Nå tjenestegjorde båten som minesveipar for britane med navnet "Cocksit".


Etter fyrste verdenskrig blei navnet endra til "Lowhar" og med det navnet kom den til Norge og blei registrert i Haugesund med rederiet Fagerlund og Aanensen som eigar.

Frå 1932 er det John K. Kyvik, Haugesund som er eigar. Han kjøpte "Lowhar" på tvangsauksjon og
endra navnet til "Stordøy". Fiskerinummeret var R - 130 - H.

I november 1947 går Edvard Bøen og sønnene inn som eigarar. Fiskerinummeret blir endra til R - 10 - EF.

Eg kjem med ein ny blogg om "Stordøy" ein av dei fyrste dagane. Viss nokon finn faktafeil, tek eg mot korreksjonar med takk. Det kan vera at forlengjinga av "Stordøy" skjedde eitt år seinare.







I













1 kommentar: