fredag 17. februar 2017

Då Rasmine og sønnene døypte "Bøen Senior"

Klare for å døypa "Bøen Senior". Rasmine og sønnene Magnus og
Bjødne. Foto: Harald Sem, Stavanger Aftenblad. 

Skandalen var ganske nær: "Bøen Senior" heldt på å gå på sjøen udøypt. Heldigvis gjekk det godt. Røynde fiskarar er raske på labben og sukkar ikkje med å knusa ei fin, fransk flaske mot ei skuteside når det trengs.

Alt låg til rette for ein strålande dag på Varven på Erøy. Laurdag 24. april 1965. Det nye fartyet som skulle sjøsetjast var pynta med flagg, erfjordbuane hadde funne fram sine finaste kufter og alle som kunne krypa og gå var på plass i god tid før sjøsettinga. Slik var det kvar gong når det var sjøsetting. Det var blitt ein tradisjon.

85-årige Rasmine Bøen skulle vera gudmor for den nye "Bøen Senior" som nå skulle erstatta familieskøyta "Forglemigei" som var kondemnert og senka på fleire hundre meters djup i Jøsenfjorden.

Dei fire sønnene, Ola, Magnus, Erling og Bjørn hadde fordelt rollene ved storhendinga. Magnus og Bjørn skulle assistera Rasmine på land, medan Erling, Ola og faren Edvard var klar om bord. Dei skulle vera med den nye skøyta på sjøen. Aftenbladet var på plass med sin legendariske pressefotograf Harald Sem.

I snart 20 år hadde det vore tradisjon. På Varven hadde dei si eiga bjølle som blei brukt når alt var klart til dåp og sjøsetting. Det blei heilt stilt.

Rasmine gav det nye fartyet navnet og ynskte lukke til på alle hav, men ho heldt på å bli for sein med flaska. Dei var alltid så raske når dei skulle på sjøen, dei nye båtane på Varven. Sonen Bjørn, eller Bjødne som dei sa i Erfjord, greip flaska og sendte den med full kraft etter "Bøen Senior" som var på veg mot sjøen. Puh! Alt gjekk godt.

Og så det fantastisk flotte bildet som Harald Sem tok:

"Bøen Senior" var raskaren enn Rasmine rekna med. Sonen Bjødne greip flaska og sendte den mot fartyet som var
på veg mot sjøen. Magnus støttar mora medan heile Erfjord ser sjøsettinga. Foto: Harald Sem, Stavanger Aftenblad.

I Aftenbladet sto det at dette var byggenummer fire frå Erøyvik Båtbyggeri. "Bøen Senior"var bygd for Edvard Bøen og sønner. Vidare var dt nye fartyet 65 fot langt og tonnasjen 50 tonn. Det var lugarplass til fem mann.

Etter sjøsettinga skulle det monterast maskin, ein Alpha på 220 HK. Denne skulle gi ein fart på 10 knop.

"Bøen Senior" skulle vera ferdig i midten av mai og klar til brislingfisket sommaren 1965.

Aftenbladet skreiv vidare at dette var den første sjøsetting i Suldal. Den forrige,då ferja "Suldalsporten" var ferdig, føregjekk i ferskvatn. (Den nye storkommunen Suldal vare berre fire månader gammal på dette tidspunktet.)

Og her er ordrett siste avsnitt i førstside-saka frå Aftenbladet mandag 26. april 1965: Etter sjøsettingen var en rekke innbudne gjester hos rederne og ble rikelig traktert. Det var i det hele tatt litt av en festlig dag i Erfjord.

Bøen-familien samla til skipsdåp. Fra venstre: Ola, Edvard, Magnus, Rasmine,
Erling og Bjødne. Foto: Harald Sem, Stavanger Aftenblad. 


"Bøen Senior" var med sine 65 fot det største og mest påkosta fartyet som var bygd på Varven i Erøyvik. Men akk. Det blei det siste viss me ser bort frå sjarken "Brilliant" som blei sjøsett i 1973.

Omstillingane sto i kø og venta i 1965 både i Erfjord, Suldal  kommune og resten av verda. Silda var vekk. Sildefiskeria var historie. Dei vakre skøytene frå Erfjord var ikkje etterspurte lenger.

Nå skulle fiskebåtane ha kraftblokk til å dra nota som blei plassert bak styrehuset. Det var ikkje god nok plass til den svære og tunge nota på akterenden på Erfjord-skøytene. Akterenden blei liggjande djupt i sjøen. - Dei blei ryre på rauå, blir det sagt på kvardagsleg fiskar-fagspråk.
"Bøen Senior" er det største fartyet som er sjøsett i Erfjord. Stor stas på
dåpsdagen laurdag 24. april. Foto: Harald Sem, Stavanger Aftenblad.

Både "Bøen Senior" og andre fiskefartøy frå denne tida blei seinare ombygde for å stetta krava til plass og bere-evne. Dei blei forlengde og fekk tverr akterende.

Kjell Bøen - son til Erling - fortel at dei fire brørne var usikre på framtida. Gamle "Forglemigei" var full av råte og måtte skiftast ut. Men sildefisket dabba utover på 1960-talet. Brørne diskuterte om dei skulle droppa nybygg og heller byggja om "Stordøy" til ringnottrålar. Bøarane kjøpte "Stordøy" i 1947. Sidan den tid hadde dei drive med to farty: "Forglemigei" og "Stordøy". To brør på kvar båt.

Gamle Edvard, som på denne tida var mest oppteken med å hjelpa dottera Karen å driva gard i Kilane, sto hardt på at dei måtte byggja nytt. Slik blei det.

Gamlingen, ein fargerik type ifølge Kjell, var ikkje med økonomisk i det nye fartyet, men blanda seg opp i bygginga. Han forlangde eikestevne framme og bak og trykkimpregnerte spant, mellom anna. "Bøen Senior" blei både dyr og påkosta. I Aftenbladet sto det at "Bøen Senior" var 65 fot lang. Eit oppslag i fiskebåtregisteret viser ein annan lengde: 57,4 fot.

Her blir det håva brisling i Sognefjorden. Bjødne styrer arbeidet.
Foto: Ingbjørg Bøen. 

"Bøen Senior" skulle driva med fiske på heilårsbasis, brislingfiske, sildefiske viss silda kom igjen med full tyngde. Det blei brislingfiske om somrane. Den var også på størjefiske fleire sesongar. På "Bøen Senior" var Ola skipper og Bjødne bas. Sonen til Erling, Edvard, tok fiskarfagskulen og var med på "Bøen Senior" frå han var ganske ung.

Tidlig på 1980-talet blei "Bøen Senior" seldt til Myre i Vesterålen. Blei ombygd, tverr bak.

- Eg veit ikkje om "Bøen Senior" eksisterer i dag, seier Kjell Bøen.

Fiskartradisjonane i Bøen-familien er det Einar, sonen til Bjødne, som tek seg av, Einar, med sitt eige farty "Bøen". Han har vore på sildefiske i Nord-Norge i vinter.

Tunge tak når brislingen skulle håvast opp. Frå venstre: Lars Våge, Kåre Nesvik, Edvard Bøen og to risparar frå
Stavenes i Sogn og Fjordane. Har ikkje navn på dei. Foto: Ingbjørg Bøen. 























1 kommentar:

  1. Det ligner faktisk på meg til venstre, ikke Lars Våge?

    SvarSlett