onsdag 5. april 2017

Fiskar-frisøren og tre fjåge fyrar i fjonge fløyelsjakkar


Nils Helgeland gjer jobben som fiskarfrisør. Her blir Johan Knutsvik gjort
klar for heimkomst. Foto: Anders Vaage.

Hårklipp og dagleg barbering hadde ikkje topp-prioritet for tøffe mannfolk på islandsfiske. Men då fisket var avslutta, tønnene var fulle av sild, luka var skalka, skuta var sjøklar og kursen gjekk mot aust, då var tida inne for å fjonga seg.

Søndag 30. august 1953 er "Stordøy" frå Erfjord på veg heim frå Island etter sju veker. Det hadde vore lange dagar med hardt arbeid og heller lite søvn. Nå skulle det bli godt å komma heim.

Men håret var blitt langt og skjegget hadde grodd. Skipsfrisøren måtte i arbeid for å pynta på karane. Om hårklippemaskinen høyrte til utstyret om bord eller om det var Nils Helgeland som hadde den med seg, har eg ikkje funne ut i skrivande stund. Men det var han som gjorde tjeneste som frisør og sørga for at Johan Knutsvik og dei andre skipskameratane blei presentable til dei kom heim og skulle gå i land og møta sine kjære igjen.

Alle som vaks opp langt unna næraste frisør-salong, hugsar dei gammaldagse klippemaskinane. Menn med handlag nok til å fjerna håret og spara øyrene, fekk jobben som frisør. Som regel fekk dei håret av sjølv om det reiv litt under klippinga og kunne klø ganske kraftig etterpå.

Du ser den heimkomne islandsfiskaren for deg når du lukkar auene. Med lommane fulle av lange, kvite amerikanske sigarettar og fleire kartongar med sigarettar i skipssekken. Der var det også boksar med tobakk, Asbjørnsens eventyrblanding. For dei som ikkje brydde seg om røyk: Boksar med pine-apples (ananas) var svært populære å ha med seg heim. Ikkje akkurat dyrka og hermetiserte på Island, men likevel sjeldne saker på tidleg 1950-tal.

Medan "Stordøy" låg i Haugesund ein dag etter heimkomsten var Trygve Høivik oppe i Haraldsgata og kjøpte seg ein ny, fin fløyelsjakke.

Nils Helgeland og Anderse Vaage likte jakken så godt at dei strauk av garde og kjøpte seg akkurat like jakkar. Då var det tid for fotografering. Snauklipte karar med nye jakkar.

Islandsfiskarane kosta på seg fjonge fløyelsjakkar i Haugesund. Frå venstre: Trygve Høivik, Anders Vaage
og Nils Helgeland. Foto: Anders Vaage.


Ut i september var fiskarane ferdige med jobben. Alle dei nesten 1100 tønnene med islandssild var levert. Garn og bruk var teke på land og hengt til tørk. "Stordøy" kunne leggjast i ro for hausten.

 Fiskarane kunne reisa heim. Då hadde alle rett på ei tønne med sild som dei tok med seg heim.

- Den sommaren eg var med til Island, blei me liggjande og pilka ein mengde flott havtorsk ein dag. Den blei salta og lagt ned i to-tre tønner og resten blei tørka bak på popen. Dei som ville, kunne ta med seg av denne fisken heim, fortel Trygve Høivik.

4000 kroner fekk Trygve Høvik utbetalt etter turen på islandsfisket med "Stordøy" sommaren 1953 etter det han kan hugsa i dag. 4000 kroner i 1953 tilsvarar omtrent 60.000 kroner i dagens pengar.

- Du tjente ikkje så godt på Island. Men viss du var med på islandsfisket om sommaren, var du garantert å få vera med på storsildfisket med "Stordøy" i januar. Då kunne du gjera gode pengar. Dette var ein båt som var kjent for å gjera det godt på vintersildfisket, seier Høivik.

Dei store pengar fekk fiskarane på storsildfisket med "Stordøy". 900 hektoliter
var det i dette kastet. Foto: Anders Vaage.


Folk som var med "Stordøy" på storsildfisket på 1950-talet, seier at dei tjente så godt på ein slik vinter at det jamgodt med ei årsløn for ein arbeidsmann.

Trygve Høivik ferierte ikkje resten av året. Då bygde han kraftlinjer saman med tre andre karar. Dei sørgde for linjer slik at bygdene i Jelsa og Erfjord fekk straum i 1954.

- Me arbeidde på akkord og måtte reisa fire stolpar til dagen for å halda ei brukbar dagløn.

Ein fullbefaren fiskar kunne brukast til det meste.



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar