søndag 11. desember 2016

Så kom "Peder W" heim til jul!

Vêret var perfekt då "Peder W" kom inn Mastrafjorden i dag. 

- Me e litt forsinka te Vikevåg. Satsa på å vera der kvart på fire, meldte Rune Voll, den nye eigaren av "Peder W" på SMS. Eg hadde kommandert ut smeden i Vikevåg, Gustav Tveit, til å vera med ut i Mastrafjorden for å møta den legendariske Rennesøy-skøyta "Peder W" når den heim igjen i dag etter 35 år som karmøybu. Smeden har ein liten rask båt med det svært passande navnet "Kvikken" og ville gjerne vera med på eit stevnemøte på fjorden.

 "Peder W" blei bygd ved Erøyvik Båtbyggeri i Erfjord for rennesøybuen Isak Voll og levert i 1957. Skøyta blei bruka til fiske, potetfart mellom Stavanger-Rennesøy og Bergen. Den var også utleigd til Fiskerioppsynet i mange sesongar. Ein kjend båt langs kysten. Rune Voll, barnebarn til den fyrste eigaren har kjøpt "Peder W" tilbake til Rennesøy.

Då me kom ut på den førjulsblanke fjorden, såg me ein liten svart prikk langt ute i fjorden. - Der kjem 'an, sa Gustav, smilande som alltid. Det gjekk ikkje allverdens tid før den gleid forbi oss. "Peder W" brukte to og ein halv time frå Karmøy til Vikevåg.


"Peder W" blei møtt av "Hulda" frå 1908 og "Sørlandsskøyta" frå 1956.

Litt lenger inne venta mottakskomiteen. Den 108 år gamle svensk-bygde veteranskøyta "Hulda" med fast liggeplass i Vikevåg. Eigar og skipper Jon Tore Helland hadde fyrt opp Rubben og låg ut på fjorden og dunka:  - Velkommen heim, velkommen heim.

Her var også den tidlegare redningsskøyta "Sørlandsskøyta" som er eit år eldre enn "Peder W". Den  er bygd i 1956. "Sørlandsskøyta" er blitt rennesøybu, den også. Per Christian Håvarstein heiter eigaren.



"Peder W" fekk tid til å spegla seg før heimkomsten på Vikevåg.

Det begynte å skumra då  "Peder W" svinga inn på Vikevågen og spegla seg grundig i den blanke sjøen. Måtte vera fin når den skulle møta gamle kjenningar igjen.

Ferdig fortøyd på Vikevåg. Voll-familien har fått julapresangen på plass. 

Godt frammøte på kaien då  "Peder W" klappa til kai. Sikkert 30-40 mann. Mest mannfolk i sin beste alder mellom 50 og 80 år. - Den er liga fine så då 'an pappa hadde na, sa ein stolt Peder Voll. Han er son til den fyrste eigaren og far til den nye.

Då var julapresangen på plass i Voll-familien for dette året.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar