onsdag 21. desember 2016

Med mor om bord - på gamle "Stordøy"

Kjell Bøen var inne og sjekka kva mora, Sigrid, hadde i grytene før middag.

- Ka ska me ha te middag i dag?

Kjell Bøen hadde eit sorglaust liv om bord på "Stordøy" som styrmann og maskinist for snart 40 år sidan. Mora, Sigrid, var kokk og faren, Erling, var skipper. I desember 1978 gjekk den tidlegare fiskebåten (bygd 1892) i opplag etter 22 års teneste for Stavangerske som lastebåt i Ryfylke.

- Mor var kokk på "Stordøy" i sommarhalvåret frå eg var 12 år gammal. På søndagskveldane gjekk mor og far om bord og drog frå Erfjord til Stavanger for å vera klar til å begynna lastinga på mandags morgon. Den fire år eldre broren min, Edvard, var som regel med på "Stordøy", han også. Eg måtte klara meg sjølv. Det hende vel at det kom ein rikstelefon frå mor, men som oftast hadde me ikkje hatt kontakt før dei kom heim på laurdagen, og då skulle alt vera tipp-topp heime, fortel 59-årige Kjell i dag.

Sigrid Bøen hadde rortørn når karane skulle eta mellom kaiane på ruta. 


12-åringen måtte komma seg opp og gå på skulen. Lærarane i Erfjord på den tida, Karl Porten og Albert Steinsland, var nok orientert om gutungen som styrte heime aleine. Så det gjekk stort sett godt. - Ein dag kom eg på skulen og var så forferdeleg plaga av sveiseblink. Då hadde eg sveist på sykkelen min kvelden før utan å bruka moderne verneutstyr. Men det ordna seg etterkvart, humrar Kjell Bøen. 

- I skuleferiane var eg om bord i "Stordøy" saman med resten av familien. I tillegg til oss var det alltid ein styrmann eller såkalla supercargo frå Stavangerske som hadde oppsyn med lasta, seier Kjell Bøen.

Mor Sigrid sørga for frokost, middag, mellommat, kvelds og kanskje ein ekstra sein kveldsmat når dagane blei lange. Når karane skulle ha mat mellom kaiane i ruta, hende det også at Sigrid tok ein rortørn slik at mennene om bord fekk eta før dei måtte ut og jobba på neste kai.

I etterkrigsåra var snurparen "Stordøy" på vintersildfiske og islandsfiske. Då islandsfisket ikkje var så lukrativt lenger, gjekk "Stordøy" frå 1958 i lasterute for Stavangerske på somrane. Frå 1961 blei det heilårsfart med last i Ryfylke. Etterkvart gjekk "Stordøy" fast i Sauda-ruta.

Sigrid og Erling Bøen gjekk i land i 1978.
- Kornelius Skiftun frå Jøsneset var kokk på "Stordøy" på vintrane. Men han hadde gard og kunne ikkje vera med når det blei våronn og mykje å gjera heime. Då var det bruk for kokk og dermed kom mor om bord på sommarstid. Ho koka på brislingfiske og seinare då båten begynte i lasteruta, forklarer Kjell Bøen.


Som Aftenblad-journalist på Sauda-kontoret var eg med "Stordøy" på ein av dei siste turane frå Sauda til Stavanger i 1978. For ei tid sidan var eg nede i Aftenbladet og fann ein del bilde frå denne turen som ikkje blei brukte i reportasjen som sto i avisa 9. desember 1978.

Det var ikkje veg til Ropeid-halvøya i 1978. Dermed var det rikeleg med last både på Marvik og Vatlandsvåg. Både handelsmann Olav Marvik og tønnemakar Arne Marvik venta på "Stordøy" då den seig inn til kaien på Marvik. Eg trur jammen at matros Per Nårstad greidde å treffa pullerten på kaien med trossa. Handelsmannen blei visst heilt overflødig.

Matros Per Nårstad treffer pullerten med trossa. Handelsmann Olav Marvik treng ikkje å gripa inn. Tønnemakar
Arne Marvik skal senda tønner til byen.


På Vatlandsvåg var det Kjellaug Fjetland som venta på kaien. Her tok ho seg av både lasta på kaien og butikken. Ho skrytte av "Stordøy"-folka. - Men dei har det forferdeleg travelt når det er "Komikveld" på fjernsynet akkurat når dei er innom på Vatlandsvåg, sa Kjellaug Fjetland til Aftenbladet.

Kjellaug Fjetland og Erling Bøen hykkar på last.


- Dampskipsekspeditør Fridtjof Underbakke på Sand likte godt å sjå fjernsyn. Han stoppa alt laste- og lossearbeid når den svenske serien om skraphandlarane Albert og Hebert var på fjernsynet akkurat når me låg der om kveldane. Då samlast alle om bord og såg alt om Hebbe lille før arbeidet kunne starta igjen, fortel Kjell Bøen.

Då gamle "Stordøy" gjekk i opplag på Erøy, rett utanfor stovedøra heime, gjekk Sigrid og Erling Bøen i land for godt. Sigrid blei husmor, men Erling blei banksjef i Erfjord Sparebank i Hålandsosen. Sigrid døydde i 1995, 78 år gammal. Erling var 87 då han døydde i 2005.

Dei to sønnene, Edvard og Kjell, er stadig på sjøen, nå med "Stordøy" nummer fire. Dei fraktar panner frå fabrikken i Årdal til kunder langs kysten frå Sandnes til Bergen. I dag var dei på veg heim til Erfjord på juleferie. Dei er tre mann om bord: Kaptein Edvard på 69 år, styrmann og maskinist Kjell på 65 år og matros Joar Skjerahaug som er yngstemann om bord med 59 år.

Eg ser at det er meir å skriva om "Stordøy". Det kjem meir når eg berre får tid. Men nå må eg av garde å kjøpa julatre.

God jul!

I desember 1978 gjekk "Stordøy" frå Sauda for siste gong etter 22 år i fjordafart for Stavangerske. 












1 kommentar:

  1. Som vanlig en veldig kjekk artikkel!
    STORDØY var et virkelig vakkert fartøy og jeg har i sin tid sett et foto fra vinterfisket som var helt spesielt.
    STORDØY hadde den gang navnet skrevet med store bokstaver langs skansekledningen og på det nevnte bildet var den så søkklastet at det var kun toppen av bokstavene som viste over havflaten ;-)

    Jeg venter spent på fortsettelsen når du har fått juletreet vel i hus!

    SvarSlett