lørdag 10. desember 2016

Frå festleg sjøsetting til lastebil-voldtekt. Historia om "Torsøy", "Bellrock", "Nylander".

"Nylander" fekk store skader på dekket då lastebilen trilla om bord ein
vakker førsommardag i 1968. Foto frå  Johan Finnvik.


Karar og kvinnfolk frå heile bygda er samla. Det blir ringt i ei slags skipsklokke og så glid båten ut under stor fagning. Så sig hendene djupt ned i bukselommane, snus og skrå minkar munaleg i dåsen til gamlekarane.

Det er kutteren "Torsøy" som er sjøsett i Erfjord i fyrstninga av november 1950. Ei storhending i Erfjord kvar gong eit nytt farty blir sjøsett på Varven. Hendinga er skildra i eit lesarbrev i Stavanger Aftenblad 30. november 1950. Der står det også at ein ny kutter skal vølast og byggjast opp og bli som ny igjen. Nå er det "Chile" frå Rennesøy som skal  gi arbeidskarane full sjau til langt ut i 1951.

Dei to kutterane kan vel ikkje kallast systerskip, men det er ikkje så langt i frå. "Torsøy" blei til "Bullrock", så "Fjordglimt" for seinare å bli til "Nylander" frå Imsland. Kutteren blei bygd i Ølve i Sunnhordland i 1918. Johan T. Nerhus var båtbyggjaren. I 1916 hadde same mannen levert "Foløy" som seinare blei til "Chile". I 1950 og 1951 blei dei bygde opp igjen og blei til forveksling like for fartøyfolk som spytta brunt og studerte alt som rek på sjøen og kjende båtane frå kvarandre på lang avstand. "Chile" og "Nylander" var mellom dei vakraste båtane i verda, har eg forstått.



"Nylander" på veg inn til Sandeid. Foto frå Johan Finnvik.
- Ein gong me kom sørigjønå Karmsundet møtte me ein kutter. Sjå den fine kutteren, sa eg til dei andre i styrehuset. Det e "Chile", sa eg. Ittekvart syntes eg an blei så liten, men fine va an. Eg tok kikkerten og såg at det sto "Nylander" på styrehuset, fortel Torstein Randa, kjend veteranbåt-entusiast frå Stavanger.

Berre for ordens skuld: Eg har notert meg at "Nylander" var tre fot lenger enn "Chile".

I 1968 kom "Nylander" ("Torsøy", "Bellrock") tilbake til Erøyvik for å bli reparert etter å ha blitt skada av ein lastebil.


Både lastebilen og "Nylander" var fanga. Ein kranbil
måtte til for å løysa båt floken. Foto: Johan Finnvik.
Ein vakker dag på føresommaren 1968 låg "Nylander" fullasta med sand ved Salhus-kaien under Karmsund-brua klar til å bli lossa. Den fyrste lastebilen sto klar på kaikanten. Johan Finnvik sto i vinsjen og kjørte grabben. Lastebilen begynte å bli godt lasta.

Sjåføren hadde gått ut av bilen og sto og rulla seg ein sigarett. - Ein grabb til, så har eg fullt lass, ropa han til Johan Finnvik og slikka på sigarettpapiret. Akkurat då begynte lastebilen å rulla mot båten og før nokon rakk å reagera, hadde bakhjula pressa seg ned mellom båtrekka og lukekarmen. Sjåføren hadde truleg gløymt handbrekket.

Dekket fekk ein stor sprekk mellom lukekarm og dekksplankar. Begge lukebjelkane brakk.

Ein kranbil måtte på plass for å få den stygt medfarne lastebilen på land. Mens dei venta på kranbil, fekk Johan Finnvik låna telefon i eit hus i nærleiken. Han ringde til Erøy. Der var "Nylander" velkommen til reparasjon. - Berre kom, sa dei der.

- Alle dei fire Erfjord-brørne, Trygve, Kåre, Torkel og Svein, var i full sving med reparasjonen. Det var eit fantastisk vêr dei fire sommarvekene arbeidet pågjekk. Ikkje ein regndrôpe. Ryggene på Erfjord-brørne blei brunare og brunare, humrar Johan Finnvik som såg at "Nylander" blei minst like fin som før.

I "Vindetreet", sogeskrift for Vindafjord, har Johan og Tomas Finnvik fortalt heile historien til båten heilt frå 1918 og fram til i nå. Det meste som kjem nå, er henta frå denne artikkelen som blei publisert i 2003.

"Torsøy" blei bygd for Kristian Berrefjord frå Flekkefjord. Båten fekk navnet sitt frå ei øy i Flekkefjorden. Fiskerinummeret var VA 7 F. Det blei sett inn ein 35 hestars Rapp i det nye fartyet. Redar Berrefjord bruka båten til makrellfiske, sildefiske og fisketransport. Dette var ein aktiv mann som svinga seg opp til å bli ein rik mann. Men i 1930-åra gjekk det nedover med Berrefjord. 
I Flekkefjord skal han ha blitt betrakta som ein oppkomling. Dermed fekk han ikkje nødvendig støtte av banken i byen.

I 1924 skjedde det fyrste eigarskiftet for "Torsøy". Jacob Jacobsen frå Rasvåg på Hidra brukte båten til havfiske. Nytt fiskerinummer: VA 123 H. 

I 1928 har Leonard Larsen, også frå Rasvåg, overteke som eigar. 

I 1932 blir "Torsøy" seldt til Spangereid og får fiskerinummeret VA 7 SR. Eigarar er Leif Njerve, Tom Stokke og Olaf Fladstad. 

Endeleg, i 1936, blir "Torsøy" rogalending. Ny eigar er Nils B. Ørjansen frå Kopervik som har båten i fire år. Nytt registreringsnummer: R 45 SL. 

Våren 1941 overtok Thomas og Jens Eng "Torsøy". Nytt fiskerinummer: R 57 SN. Dei to Engarane dreiv med fiske og sildaeksport. Dei brukte båten til sildefiske, sildeføring, føring av salt, tønner og tønnestav. Thomas Eng var far til den seinare markante fylkespolitikaren Jakob Eng. 

Tyskarane frykta visstnok at "Torsøy" skulle bli Shetlandsfarar og tok beslag i båten. Men alt i november 1941 fekk eigarane båten frigjeven. 

Ein gong i 1940-åra gjekk "Torsøy" på land og sokk på ein eller anna stad i Ryfylke. Kor dette var, er det ingen som visstnok veit i dag. Men båten blei berga. Den blei fylt med tomtønner og heva på den måten. 


"Nylander" lastar pallar i Skipavåg. Foto: Johan Finnvik.


I 1950 blir "Torsøy" grundig reparert, fornya og ombygd på Erøyvik båtbyggeri i Erfjord. Truleg var det berre styresmaktene sine strenge rasjoneringslover som sto i vegen for at dette skulle bli ein heilt flettande ny båt. Båtane som blei bygd på Varven i Erfjord har alle det til felles at dei er bygd opp med ein kjøl og nokre spant frå ein eldre båt. Dermed kunne ein ikkje kalla dette ein ny båt. Slik er det med "Torsøy", "Chile" og også "Kløver" som blei sjøsett i 1955.

Då den ny-gamle kutteren blei sjøsett i Erfjord seinhaustes i 1950, var den 42,9 bruttotonn og 67 fot lang. Den hadde det same gamle navnet då den gjekk på sjøen, etter det som står i Aftenbladet om sjøsettinga. Men kort tid etterpå blir navnet endra til "Bellrock".

Bellrock er navnet på eit skjer ved Skudeneshavn. Det blir sagt at det fekk navn etter ein britisk sjøfarar gjekk på skjeret. Då skal han ha utbrote: -  Oh, Bellrock. Han hadde tidlegare gått på eit skjer på Shetland med same navn.

"Torsøy" skulle jo sjølvsagt hatt ein ny 50 hestars Rubb som skal ha vore noko av det beste som var å skaffa på denne tida, Men lokalpolitiske omsyn blei avgjerande for motorvalget. Thomas Eng var ein kjend lokalpolitikar og kunne ikkje svikta Skudenes Mek. Verksted. Dermed blei det ein 40 hestars Skude-motor som blei ståande om bord i nesten 50 år.
Jakob Eng var yngstemann
om bord,

"Bellrock" heldt fram i same farten som "Torsøy" med sild, tønner, salt og liknande. Den var også på linefiske etter håbrann i Nordsjøen. Jakob Eng (fødd 1937) var med på dette fisket som yngstemann om bord. Sjølv om han blei sjøsjuk og leid vondt er han stolt over ha "erfaring frå nordsjøfiske". 

Erik Vanvik frå Hylsfjorden var skipper på "Bellrock" i mange år. 

I 1962 overtok Lars Jekteberg frå Finnøy og Odd Førre frå Haugesund kutteren. Men dei fekk ikkje "Bellrock"-navnet med på kjøpet. Det ville Engarane ha til nye båtar i familien. For Jakob Eng var det ein tung dag då "familiens stolthet" gjekk ut Nesagapet med nye eigarar. 

"Fjordglimt" blei det nye navnet. Båten blei brukt til sandfart, men etterkvart blei det meir og meir kraftfôr-transport for Felleskjøpet frå Stavanger til Haugesund. Men båten viste seg å bli for liten til denne farten. Den blei erstatta med ein større med navnet "Sirahav".


Johan Finnvik og sonen Tor Birger (fødd 1969) i styrehuset.


I 1967 kjøpte brørne Berdines og Johan Finnvik frå Imsland i Vindafjord kutteren for 45 000 kroner. Dei fekk heller ikkje navnet med på kjøpet. Den gamle skøyta i familien hadde navnet "Nylund". Inspirert av dette blei navnet "Nylander". 

Finnvik-brørne bruka båten til fjordafart av ulike slag. Mellom anna til tømmertransport til sagbruket som Berdines og faren Tor dreiv i Skipavåg. Ut igjen frå sagbruket gjekk det trelast, kassar og pallar.

Johan Finnvik blei skipper og ansvarleg for drifta av "Nylander" som i fleire år gjekk meir eller mindre i fast fart mellom mølla på Tau og tankanlegget på Sandhammar i Sandeid. Dette tok slutt i 1974. 

- Trebåten "Nylander" lika ikkje isen i Vindafjorden på vinterstid. Dermed måtte eg velja om eg ville halda fram med fjordafarten med ein stålbåt eller finna på noko anna å gjera, fortel Johan Finnvik.

I 1976 selde Johan Finnvik "Nylander" og blei styrmann på hurtigbåtane til Stavangerske. Der blei han til han gjekk i land som pensjonist.
"Nylander" ligg nå i Sagvåg på Stord.
Foto frå Johan Finnvik.

Sverre Hundsnes frå Hundvåg blei den nye eigaren av "Nylander". Han skifta ut den trufaste Skude-motoren med ein Scania-motor som hadde stått i ein buss. Den nye eigaren gjekk mest i sandfart.

I 1978 var det nytt eigarskifte. Nå overtok Ivar Berentsen ved Partsrederiet Nylander på Litla-kalsøy i Austevoll. Nå blei "Nylander" bruka til makrelldriving og anna fiske. Seinare frakta båten fiskefôr. Men den gjekk meir og meir i opplag og fallerte meir og meir. 

Ti år seinare overtok ei interessegruppe på Smeholmane i Fitjar "Nylander" for ein billig penge. Denne gruppa har frå før ein mindre båt med navnet "Seladon". Nå gjekk ei større gruppe i gang med å byggja opp den forfalne kutteren. 

Alt utstyr som styrehus, master, lukekarm, vinsjeutstyr og motor er fjerna. Planen er å utstyra "Nylander" med stor mast og full seilføring. Men dette arbeidet er ikkje fullført ennå. 

Båten ligg nå på Jensaneset på Sagvåg på Stord. Kor kursen går nå, kan vel ingen seia sikkert.














  














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar