fredag 25. november 2016

"Chile" - frå spritsmugling til fredeleg frakt av sild, brisling og mussa



"Chile" ved Fryserikaien i Stavanger oktober 1971. Den var nå seldt til amerikanar som skulle ha den som lystbåt.
Turen gjekk fint over Atlanteren. Foto: Olav Moen.

- Det va "Chile".

Framleis finst det folk som hugsar Olav Nybø svara på anrop frå Rogaland Radio.  Fiskeribølgen sto på full styrke og laga sprakelyder i høgtalaren i kvart styrehus når fisket gjekk for fullt vinter, sommar og haust. Du høyrer det, ikkje sant? "Chile" med dei tre brørne Olav, Kåre og Jørgen gjekk i råstoff-farten. Rennesøy-skøyta frakta sild, brisling og mussa frå fiskefelta til hermetikkfabrikkane i Stavanger i mange år.

Her er historia om båten så langt som eg kjenner den til nå:

Kutteren blei bygd i 1916 i Ølve i Sunnhordland av Johan T. Nerhus og fekk som ny navnet "Foløy".
Fyrste eigar var Karl Helgesen Foldøy som hadde bunkersanlegg på Grasholmen i Stavanger. Tore Helle var første skipper.  På denne tida sto det ein 40 hestar Lysekil-motor i skøyta.


Frå Stavanger Aftenblad 17. desember 1923.

I 1923 var "Foløy" bortleigd til bergensarar som ikkje dreiv normal fraktefart. I august slo tollarane til då båten låg med maskinskade i Hålandsvågen på Karmøy. 2000 liter sprit, 63 flasker rom, 11 krukker genever og ni flasker likør fann tollarane om bord i fartyet. Dette var eit smuglingsforsøk, meinte tollvesenet og beslagla fartøyet og arresterte skipper og mannskap, fire mann.

- Me skulle ikkje smugla sprit til Vestlandet. Tvertimot. Planen var å gå frå Holtenau i Kielerkanalen til Siglafjord på Island med lasta. Men maskinproblem førte til at me måtte gå inn til Karmøy, sa dei tiltalte i rettssaka som er grundig referert i Stavanger Aftenbladet 17. og 18. desember 1924. Påtalemakta hadde ikkje tru på at "Foløy" var på veg til Island. Båten var ikkje utrusta til det. Dessutan var skipperen dømt for spritsmugling tidlegare.

Forbudstida eller brennevinsforbudet varte frå 1916 til 1927 i Norge.

"Foløy" blei raskt frigitt, men det var så stor pantegjeld på båten at den nå blei seldt til
Tormod og Thomas Jørpeland for 7000 kroner og dei gav den navnet "Jørpeland". Nå skal skøyta ha gått i rutefart mellom Strandalandet og Stavanger. Eg har ikkje funne spor etter denne trafikken og er interessert dersom nokon har opplysningar om tida som "Jørpeland".

Nytt eigarskifte i 1930. Då overtok Anders Jensen, Engøy. Han var tidlegare sjømann og hadde seilt på Sør-Amerika. Derfor gav han skøyta navnet "Chile" og sette inn ny maskin av merket June Munktell. Den var på 55 HK. Jensen fekk ikkje mykje glede av fartyet. Han døde etter eit års tid.

"Chile" på veg ut frå Sand før ombygginga i 1950. Bildet har eg fått frå Jostein Hellevik, Rennesøy.

I 1931 kjøpte Laurits Austbø, Vikevåg, "Chile" av enka etter Jensen. Han betalte 10.000 kroner og tok det nye navnet med seg på kjøpet. Nå gjekk "Chile" inn i råstoff-farten mellom fiskefelta langs kysten og hermetikkfabrkkane i Stavanger. I februar og mars gjekk råstoff-skøytene med sild, deretter var det vårsild, og frå mai til utpå hausten var det brisling. Til slutt gjekk dei med mussa.  Brisling Companiet i Stavanger var oppdragsgjevar. Det var nevøane til Laurits Austbø, Olav, Kåre og Jørgen som var mannskap om bord. Nevøane åtte halvparten av "Chile".

"Chile" blei reparert og forlenga på Erøy vinteren 1950 - 1951. Kven er
karane på bildet? Treng hjelp. Foto: Trygve Erfjord.
I 1950 var det tid for å fornya "Chile". Arbeidet skulle skje på Erøyvik båtbyggeri i Erfjord. I november 1950 blei "Chile" sett på slippen for å vølast.  Skroget viste seg å vera fullt av makk. Erfjordbuane reiv og reiv. Til slutt var det berre kjølen og nokre få spant igjen frå det opprinnelege fartyet.

- Men Laurits Austbø ville ikkje kvitta seg med den gamle kjølen. Viss den og blei kassert, var det ikkje "Chile" lenger. Då kunne det henda at hellet blei borte. "Chile" gjekk på sjøen igjen i juni 1951, fortalde Trygve Erfjord.

Laurits Austbø.
-  Ombygginga og forlengjinga kom på 40.000 kroner. Dette skal ha vore den vakraste kutteren som er bygd i Ryfylke, seier Hans Georg Knutsvik  som veit det meste om gamle fiskeskøyter frå Rogaland.

"Chile" var 57,5 fot lang, 16,2 fot brei og djuptgåande var 7,1 fot.

I 1956 hadde 55-hestaren frå June Munktell gjort sitt. Då blei det sett inn ein to-sylindra, 100 HK Volda-motor.

I 1962 selde Laurits Austbø sin eigarpart i "Chile" til nevøane som nå fekk ein tredjepart kvar.

"Chile" blir sjøsett på Erøy juni 1951. Foto: Ryfylkemuseet.

Råstoff-farten var rein fraktefart. Dei gjekk mykje med brisling til hermetikkfabrikkane. Dei hadde i 1930-åra  325 kroner og gratis solar (diesel) for båt og tre mann. Seinare fekk dei ei krone pr. skjeppe. Kokken hadde 10 kroner veka og fri kost.

"Chile" lasta ikkje meir enn 900 - 920 skjepper. Dette var i minste laget for å få lønnsom drift.

"Chile" i fart. Bildet tilhøyrer Eldbjørg Lindanger.


Dekkslast måtte til for å få tjena pengar på råstoff-farten når ein hadde ein heller liten båt. Å gå rundt Stadt vintersdag i halvsurt vêr med dekkslast var ikkje nokon stas. Nybø-brørne høyrde på vêrmeldingane og var raske med å komma seg sørover igjen. Dei lika seg best sør for Stadt, har eg høyrt.

Nybø-brørne kjøpte "Vestpynt i 1970. Foto: Marit Brekke.
Den gamle, vakre kutteren kom for salg i 1971. "Chile" gjekk frå Stavanger 3. oktober 1971 med kurs for Danmark. Olav Nybø fekk brev frå den nye eigaren etter at "Chile" var kommen vel fram til USA. Nå skulle den gamle råstoff-fraktaren og spritsmuglaren brukast til lystbåt. Koss det gjekk vidare i USA, veit eg ingenting om.

Nå hadde Nybø-brørne kjøpt "Vestpynt" for 70.000 kroner. Denne båten lasta 1800 skjepper og med den  dreiv vidare med råstoff-fart til utpå 1980-talet.

"Chile" var ein vakker kutter. Kan den flyta ennå? "Lenda"
frå Roaldsøy heilt til venstre. Bildet har eg fått frå
Hans Georg Knutsvik.


Denne bloggen hadde ikkje vore så lang og fyldig utan hjelp frå Hans Georg Knutsvik. Eg har også fått hjelp av Jostein Hellevik. Viss nokon har bilde av Laurits Austbø eller nevøane Olav, Kåre og Jørgen ville eg gjerne hatt det med i bloggen. Takk til Jørn Brekke som skaffa bilete av "Chile"-familien og bilete av "Vestpynt".

Laurits og kona Ingeborg saman med Olav Nybø og kona Sigrid og barna
Jorun og Arne. Bildet frå ca 1965. Bildet tilhøyrer Marit Brekke. 

Kåre, til venstre, og Jørgen Nybø fotografert på familie-eigedommen
på Rennesøy. Bildet tilhøyrer Marit Brekke.
Hans Georg Knutsvik har skrive dette på Facebook:

Olav Nybø (27.4.1922), Rennesøy, var med onkel Lauritz på "CHILE" første gang våren 1937, han var 15 år og fikk jobben som kokk. Senere ble han skipper. Broren Kåre (25.1.1924) gikk ombord som maskinist i 1944. Yngstebror Jørgen gikk ombord i 1949 som kokk, eller "kokekyndig maskinist, godt kjent på kysten". Men tittelen var karakteristisk for alle som seilte i denne farten.

Selv gikk Lauritz i land, han hadde fått seg jobb som råstoffkontrollør hos Brislingcompaniet.
Lauritz Austbø solgte sin halvpart i fartøyet til nevøene i 1962.



"Chile" på Vikevåg ein gong på 1960-talet. Bildet tilhøyrer Torvald Omland.

3 kommentarer:

  1. Spennende historie og godt fortalt.
    Men jeg tillater meg å tvile på om CHILE hadde VHF.
    Det er nok langt mer sannsynlig at det var den gamle gode "Fiskeribølgen" som var i bruk på den tiden.

    SvarSlett
  2. Flott artikkel! Nybø-brørne fekk skøyte på VESTPYNT i juli 1970, vel eit år før CHILE vart solgt. Tinglyst kjøpesum var forøvrig kr 70000 for VESTPYNT.

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarene. Eg har retta og redigert og brukt innspela frå begge to.

    SvarSlett