fredag 11. november 2016

"Peder W" kjem til Vikevåg i dag!



"Peder W" er 60 år neste år. Den er stadig fin som ny. (Foto. Trygve Eriksen jr.)


Den legendariske Rennesøy-skøyta, "Peder W" kjem tilbake til Rennesøy i ettermiddag. Skøyta blei bygd i Erfjord i 1957 for rennesøybuen Isak Voll. I 1981 blei "Peder W" seldt til John Gunnar Karlson frå Avaldsnes på Karmøy. Nå har barnebarnet til den fyrste eigaren, 33-årige Rune Voll, kjøpt skøyta tilbake. Han har betalt ein halv million kroner for skøyta som bestefaren hadde i 25 år.

- Klokka 15 trur eg at me er ved kai på Vikevåg, seier Rune Voll som har teke med seg heile familien, gamle og unge, til Karmøy for å henta båten. "Peder W" blir liggjande minst ein dag på Vikevåg. Alle som har lyst til å sjå det flotte fartyet igjen, har sjansen i dag.

Karmøybuane har passa godt på det flotte fartyet. Den er like fin som den alltid har vore.

- Vinsjen er demontert. Men eg får den med meg når eg hentar "Peder W". Du skal ikkje sjå bort frå at eg får vinsjen på plass slik at eg kan ta på meg eit og anna frakteoppdrag i ledige stunder, seier Rune Voll som til dagleg er kaptein på hurtigbåten "Fjordfart" til Norled.

Rune Voll er son til Peder Voll som ikkje blei fiskar og fraktemann. Han flytta frå Rennesøy til Randaberg og har jobba som tømmermann i over 30 år. Den nye eigaren av Rennesøy-skøyta, bur også på feil side av Byfjorden.

Rune og Peder om bord i skøyta som Isak bygde.
- Men "Peder W" skal heim til Rennesøy. Eg har skrive leigekontrakt med Rennesøy kommune. Dermed får båten fast liggjeplass på Sørbøkaien i Reianesvågen. Det er litt utsett for søraustleg vind der. Derfor hadde det vore kjekkare med plass ved Låderkaien der "Peder W" låg før i tida, seier Rune Voll som håpar at dette kan ordna seg ein gong i framtida.

Dersom det blir for uroleg ved Sørbø-kaien til vinteren, har Rune Voll ein svigerfar med kaiplass. Han er gift med Marta frå Sjernarøy. Ho er dotter til Trond Aartun som er handelsmann på Eriksholmen. Der er det ledige brygger utanom båtsesongen.

Isak Voll dreiv fiske saman med faren Peder med skøyta "Kjellevik".  I 1956 bestilte han ny skøyte ved Erøyvik Båtbyggeri i Erfjord. Den blei sjøsett i 1957 og døypt "Peder W". Då hadde Isak kalla opp både faren Peder og sonen Peder. Derfor blei det dobbel V. Skuleungane i Erfjord fekk fri for å vera med på sjøsetjinga av skøyta.

Isak på baugen då "Peder W" gjekk på sjøen.


Nå drog Isak Voll på sildefiske med "Peder W". Broren Erling dreiv vidare med "Kjellevik". På vintrane fiska dei sild med botnagarn på Mørekysten. Sommar og haust gjekk "Peder W" i "podefarten" mellom Stavanger, Rennesøy og Bergen. Fleire skøyter frå Rennesøy, 12 på det meste, frakta poteter til Bergen i desse åra saman med "Peder W".

Isak Voll begynte ruta med å lasta poteter og grønnsaker på Fiskepiren i Stavanger før helga. Dei var innom fleire kaiar på Mosterøy og Rennesøy før dei stoppa heime på Låder laurdag. Søndag morgon gjekk dei til Bergen. "Peder W" låg i Bergen og lossa landbruksprodukta frå Jæren og Ryfylke-øyane  i eit par dagar. Onsdag gjekk dei sørover igjen.

Sildeinnsiga til Vestlandskysten svikta meir og meir utover på 1960-talet. Vinteren 1965 - 1966 var siste året "Peder W" var på silda. Nå leiga Fiskerioppsynet skøyta og skipperen for å halda kontroll med brislingfisket på Vestlandet. På vår og sommarstid var fartyet på tokt i Ryfylke, Hardanger og Sogn og Fjordane for oppsynet.

Isak Voll lastar grønnsaker og poteter i Stavanger.

- Me var overalt i fjordane der det var brislingfiske. Inspektørane frå Fiskerioppsynet sjekka fangstane, fortel Peder Voll som var med faren Isak i mange år i ungdommen.

Potettransporten  dabba av utover på 1970-talet. Isak Voll la "Peder W" i opplag og tok seg jobb hjå L. Rødne og Sønner. Han var mellom anna på ambulansebåten som var stasjonert på Østhusvik.

I 1981 blei  "Peder W" seldt til John Gunnar Karlson frå Avaldsnes på Karmøy. Han dreiv båten vidare med same navn. I nærare 20 år gjekk  "Peder W" med fiskefôr til oppdrettarar i Ryfylke og Sunnhordland.

"Peder W" blir lossa ved Strandkaien i Bergen. Isak Voll kjører
vinsjen.


Etterkvart blei det vanskeleg å skaffa deler til Rubbestad-motoren som hadde stått i skøyta frå den var ny. Dermed blei 50 hestaren skifta ut med ein tre-sylindra danskbygd Callesen-maskin på 195 hestar. Dansken sto tidlegare i fiskeskøyta "Polly" frå Karmøy.  Den "nye" maskinen  gav  "Peder W" ein fart på 9-10 knop. Den gamle Rubben står nå på stas på ei motormuseum i Bodø-traktene.

Callesen-maskinen er godt i stand, fastslår Rune Voll.


I 1998 tok fiskefôrtransporten slutt. Men eigaren på Karmøy har teke godt vare på båten. Den har blitt brukt litt som turbåt, men elles hatt gode dagar.

- Eg var overraska då eg såg kor godt båten var i stand. Berre to av dei gamle rekkestøttene står igjen. Alle dei andre er skifta ut. Skøyta såg ut som om den skulle vera nesten ny, seier Peder Nordbø som er omtrent like oppglødd som sonen over å få  "Peder W" tilbake til familien.

Kvitsøy-skøyta "Jo Odd" som også var bygd i Erfjord, var svært lik på "Peder W". Men  "Peder W" hadde meir spring, den var brattare i baugen, seier dei som har greie på slikt. På Erøyvik Båtbyggeri, eller Varven i daglegtalen i Erfjord, blei det bygd skøyter frå 1945 til 1965. Den fyrste var "Ragnhild" som Bård Fyljesvoll hadde i mange år. Den siste var "Bøen Senior".

 "Peder W" er i følge Skipsregisteret 58,25 fot lang og 16,9 fot brei. Djuptgåande er 8,1 fot. Den er 44,79 bruttotonn.

"Peder W" på sildefiske ved Grip utanfor Kristiansund.


Alle bilda som ikkje er kreditert, har eg fått låna av Peder Voll.

Fleire har kommentert bloggen på facebook. Tek det med her:

Kjetil Edland Flottaste skøyta, som eg leverte poteter til Isak frå den var ny og til han slutta av. Den lett kjennelige lyden av Robben når "Peder W" var i Mastrafjorden. Velkommen tilbake.

Jan Høie Dette liga me. Peder W du! Endå ei skøyta frå Erøynå? i Erfjord. Kan henda u hadde meir spring enn JoOdd. Stas med høge baug. Mor til Odd, John Og Jostein Lundgren - eigarane av JoOdd - omtala skøyta til sønene som "den lille snurper". Ho var frå Sverige og ikkje lite kry. Hald fram med dette Jone. Du vekkjer gode minne

Torstein Randa Eg spurte Trygve og Torkjel Erfjord eingong, om Peder W og Joodd var heilt like. Nei, sa dei, det var noke med baugen. Dei måtte vel ta litt hensyn te ebnene så var tilgjengelige. Kjekt at fartøyet kommer tebake te Rennesøy, og håpe at hu komme i lika gode hender så hu har vore!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar