søndag 20. november 2016

Blei "Jo Odd" døypt i champagnebrus?



"Jo Odd" er den vakraste fiskeskøyta som har høyrt til på Kvitsøy. (Ukjend fotograf)
"Jo Odd" glei så fort nedover slippen på Erøy at gamle Ole Lundgren måtte springa det han vann for  å knusa flaska mot skroget før den flunkande nye skøyta gjekk på sjøen i Erfjord ein dag i 1954. "Jo Odd" frå Kvitsøy er ei av dei vakraste skøytene som blei bygde på Varven eller Erøyvik båtbyggeri. Den tre år yngre "Peder W" frå Rennesøy var svært lik, men den siste var brattare i baugen, blir det sagt.

Er det sant at "Jo Odd" blei døypt i brus? Kanskje ikkje, men eg blei så fascinert då eg blei fortalt om Lundgren-familien at eg måtte ta brusen med for å få ei forveten overskrift på denne bloggen. Er det mulig at bedehus-folk døypte båtane sine med alkohol-holdige drikkevarer? Med dette spørsmålet som bakgrunn får du litt meir enn soga om "Jo Odd" her. Det blir litt om Lundgren-familien også.

"Jo Odd" ferdig oppspanta på Varven på Erøy. (Foto: Ryfylkemuseet)


 Ein dag under den fyrste verdenskrig, for omlag 100 år sidan, kom den svenske rallaren Ole Lundgren (1889) og kona Anna Karoline (1891) til Kvitsøy. Her busette dei seg og blei buande resten av si tid. Dei fekk tre søner: John (1918), Jostein (1922) og Odd (1924). Den svenske rallaren dreiv med det han hadde gjort før han kom til Kvitsøy. Graving og muring. Mange husgrunnar tok Lundgren seg av og etterkvart blei han også gravar på kyrkjegarden.

Ole og Anna Lundgren.

Ved ein gudsteneste i 1965 blei Ole Lundgren takka av som kyrkjetenar og gravar. Han fekk både takk og gode ord frå formannen i menighetsrådet, Gunleiv Hauge, for sitt store arbeid for ordning og utsmykking på kyrkjegarden. Både Anna og Ole Lundgren døydde i 1968.

Då Ryfylke-bispen Sven Foldøen kom til Kvitsøy i 1919, blei det ein stor vekkelse på øya. Der blei også ekteparet Lundgren rivne med. Dei bøygde kne og blei trufaste bedehusgjengarar.

Som ein ser her: Det var ikkje akkurat nokon glad-kristendom Sven Foldøen nytta seg av når han forkynte Guds ord på Kvitsøy:

Frå nettstaden bibelsk-tro.no.

Eit søk i Aftenblad-arkivet viser at Olof Lundgren ofte var med på det årlege Tryggheim-stevnet. Dei var med i Misjonssambandet, med andre ord.

Lundgren-familien blei godt integrerte, som ein seier i dag. Sønnene tok ikkje etter rallar-faren. Dei blei fiskarar som dei fleste andre kvitsøybuane.

Lundgren-familien på Kvitsøy. Frå venstre: Anna, John, Odd, Jostein og Ole.

I 1948 kjøpte John Lundgren fiskeskøyta "Vailet" på 50 fot. Den hadde ein 75 hestar June Munktell om bord og fekk fiskerinummeret R-19-KV. Dette fartyet blei seldt til Sandeid og fiskerinummeret blei flytta over til den nybygde "Jo Odd".

Nybygget "Jo Odd" var eit syn då det kom til Kvitsøy. Det er opplese og vedteke med stort fleirtal at dette er den vakraste fiskeskøyta som har høyrt heime på øya i vest. Den hadde ein lengde på 17 meter, 5,1 meter brei og 2,5 meter djuptgåande.

Den stolte fru Lundgren kalla "Jo Odd" for "Den lille snurper".

Her ligg "Jo Odd" heime nedriggga og klar til å bli senka i Nedstrandsfjorden
i 1986. (Foto: Jakob Meling)

Det var John og Odd Lundgren som dreiv fiske med "Jo Odd". Jostein dreiv fiske rundt øya med mindre båt.

I 1953 starta rekefisket i havområdet ved Jærens Rev. "Jo Odd" blei for det meste brukt til reketråling året rundt. Det blei som eit fast arbeid for mange fiskarar i Rogaland. Frå Kvitsøy tok det sju-åtte timar å gå til trålfelta på Revet. Dei bruka å vera ute eit par dagars tid før dei kom heim til Kvitsøy og leverte fangsten. Ein god rekefangst kunne vera på fleire hundre kilo. På sommarstid var turane ofte litt kortare. For då minka det fortare på isen. Det var fleire fabrikkar som tok mot reke på øya. Den siste, som Torleiv Ydstebø dreiv, la ned i 2002.

Radio-dagboka.


Vêret måtte vera brukande når ein skulle driva reketråling på Revet. Kvitsøybuane drog opp trålen og gjekk heim når det blei kuling. Spesielt når det blei syd-ost kuling, var dei raske. Då letta reka frå botnen og umulig få i trålen og det var tungt å gå heim med den vindretninga og grov sjø. Men, blir det sagt, det var fiskarar lenger innante i fjordane som var mindre kresne på vêret.

Då  "Jo Odd" gjekk ut Erfjorden som ny sto det ein 50 hestars Rubb om bord. Den blei i 1969 skifta ut med ein Leyland på 150 hestekrefter.

"Jo Odd" blei senka i Nedstrandsfjorden i 1986. Livbøyen
var ikkje med til havsens botn.


For 30 år sidan, i 1986, var det slutt. Då blei "Jo Odd" kondemnert og senka i Nedstrandsfjorden. Den vakraste skøyta på Kvitsøy var historie.

Dei tre Lundgren-sønene var visst ikkje bedeshus-folk. Men dei var flinke og nøysomme arbeidsfolk. Etter at "Jo Odd" havna på havsens botn, tok dei seg anna arbeid. I dag er også dei døde og borte.
Det er ingen Lundgren-ætlingar igjen på Kvitsøy.

Men herma om "Den lille snurper" vil leva vidare i mange år ennå.

Odd Lundgren viser fram ein flott hummar. Foto: Jan Inge Hansen 



Jan Høie, utflytta kvitsøybu, skreiv denne kommentaren til bloggen på Facebook. Den tek eg med her:

Nokre merknadar til ei artig forteljing. At gamle Lundgren ikkje sprong etter JoOdd med sjampagne (brus eller vin) under sjøsettinga, kan ein vere svært viss på. Det var ikkje hans vis. Ei velsigning kan hende (ikkje dåp, det er eit sakrament) ville vere meir i stil med det sambandske.

 Elles meiner eg å ha høyrt at han var militærnektar i Sverige og valde å flytte til Noreg av den grunn. Han kom til Kvitsøy på ei brislingskøyte som hadde vore austafor og ned til svenskekysten. Så kom Anna, han var trulova med etter. Dette vart fortalt meg av mor mi.

 Anna blei aldri norsktalande og difor kjekk å herme etter for oss ungane. Trur vidare at JoOdd også var på sildefiske i 50 åra. Det må skytast inn at JoOdd høyrde til i Leiasundet, ikkje i Ydstebøhamn. For ein austiøybu (Leiasundet) som meg er dette særs viktig. Dei i Ydstebøhamn var vestlandsbuar, og det er noko heilt anna.

 Så ei lita historie om Jostein Lundgren som døydde for 2 år sidan godt over 90 år. Sprek til det siste. Svinga foten over sykkelstonga som ein ungdom og sykla stødig og lett. Meiner det var i 2012 eg såg han dra ruser rett utafor bryggja vår. Framme i baugen sto det ein hegre og fylgde med. Hegren tok i mot småfisk og krabbar som Jostein slengde til han. Eit lokalt TV selskap fekk nyss i dette med Jostein og kompisen hans og ville gjere opptak. Men det gjekk ikkje hegren med på. Eg spurde Jostein korleis det kunne ha seg at han hadde fått hegre som mannskap. "Me e så få her i Leiasundet atte me må halda saman me som e igjen" svarte han Jostein.

 Då han til slutt vart sjuk og kom på sjukehuset (lungebetennelse) var det ikkje råd å spore nokon journal på karen. Han hadde ikkje vore hjå doktor. Han vart sendt til sjukeheimen der han uttalte at han hadde ikkje tid til dette tullet, han skulle på makrellen han. Det vart ikkje meir makrell på Jostein. Han døydde dagen etter. Slik enda ein av dei flinkaste hummarfiskarane på Øynå. Me ungane hadde ein teori om at Jostein hadde så sterke briller (svært langsynt og colabotnar) at han såg tvers gjønå steinane der hummaren låg.


Sidelanternene til JoOdd ligg ikkje i Nedstrandsfjorden. Bror min sikra seg desse før skøyta vart senka. Lanternene hamna så på sjarken bror min bygde. Sjarken blei seinare selt til Sirevåg.

Jan Inge Hansen, nevø av Odd Lundgren, har skrive denne kommentaren på Facebook:

Takk for en god blogg. Da Odd Lundgren var min onkel , gift med Ingrid, min fars søster kjente jeg godt til Jo-Odd og var selv med den flere ganger som barn/ung , men gjennom bloggen fikk jeg vite mye av historien som jeg ikke viste fra før. 


Hegren som blei venn med Jostein
Lundgren. Foto. Jan Inge Hansen


Etter at min tante Ingrid døde 19 mars 2011 var jeg mye hos Odd på min barndoms øy Kvitsøy. Og da broren Jostein døde i august 2013 var jeg hos han ca 2 ganger i uka , enten hjemme eller på sykehjemmet . Har var sterkt redusert etter et lårbeinsbrudd et års tid før. Vi kom veldig nær og han fortalte mange historier fra barndommen, livet som stuert på de store hav og hvordan han fikk mulighet til å bygge Jo-Odd  han lærte meg en masse om hummer og fisket etter denne havets kardinal .


 Min egen båt, Jo-Odd Jr ligger i dag ved brygga der gamle Jo-Odd lå . Odd forærte meg barndoms hjemmet til han, John og Jostein for at fjernt boende slektninger skulle ha et sted å komme til når de søkte sine røtter på Kvitsøy. Dessverre har eg ikke blitt slik venn med hegren til Jostein som han var, men den er fremdeles der og følger meg av og til ut gjennom Leiasundet når eg går ut og trekker teiner. Eg innbiller meg at det er Josteins sjel som ønsker meg god fangst
 😊
Da Odd døde den 2 oktober 2014 satt eg ved hans side. En merkelig dag. Jeg så ut vinduet opp mot fyret jeg hadde vært med min bestefar som var fyrbetjent så mange ganger, fylte 62 år, hadde fått min første hummer og fikk et nytt barnebarn. Vi feiret Odds 90 års dag på sykehuset bare en uke før han døde, og heldigvis fikk han komme hjem til sin kjære Kvitsøy og fikk dø der han hadde sitt hjerte . Fred over hans minne 














1 kommentar:

  1. Husker godt "Jo Odd". Når jeg var på besøk hos mormor på Neset, tøffet Jo Odd ut Straumsund på vei "Austiøynå".

    SvarSlett