fredag 9. september 2016

Ka med kanalferie på Bømlo?

Idyllisk i Røyksundkanalen på Bømlo. (Eige foto)


Lever eg til neste år og har helså og ikkje har seldt båten, skal eg ta med meg kånå og dra på kanalferie til Bømlo. Nå har det vore fleire sure somrar på rad. Alt ligg til rette for at sommaren 2017 skal bli strålande. Det har me vestlendingar verkeleg fortjent.

Bømlo har alt som båtfolk vil ha. Store og små øyar, holmar i alle storleikar. All slags løgne navn i desse traktene. Her finn du øyane Aga og Agasøster, Vidare har du Fattigmannsvika, Svelto, Matløyso, Olvondo, Fleskøyno og Dørastokken.

 Du kan velja og vraka i naturhavner der du kan kasta dreggen og legga baugen mot land. Her er det nymotens gjestehavner og gamle handelsstader som Brandasund og Skjeret der Nillo regjerte i si tid.

Du kan lett bruka ei veka på å utforska Bømlo.

Me greidde å klora oss heilt opp til Bergen med båten på vår seine sommarferie i august. Fekk oss fin plass på Zakken innerst i Vågen på ein mandag og eit vindusbord på Holbergstuen med strålande utsyn over Torgalmenningen.

Neste dag var det strålande vêr. Eit raskt besøk i Mariakirken før me sette kursen sørover. Tenk der gifta me oss i 1972. Og kavar framleis med kvarandre etter snart 44 år.

Så gjekk turen sørover i sol. Forbi Flesland og Sotra og gjennom Austevoll. Me passerte Bekkjarvik og styrte mot Bømlo. Sørover gjennom Engesund har me gått mange gonger. Der er det så grunt at dei gamle fiskaskøytene skrapte nedi botnen når dei var lasta. Men botnen var så fin at det gjekk godt kvar einaste gong, har eg høyrt.

"Tonjer" gjekk mange år i rute på vestsida av Bømlo.

Denne gongen gjekk kursen lenger mot vest og inn i Nyleia der dei større båtane finn raskaste vegen sørover. Deretter gjekk me i sakte fart mellom holmane og glei nedover (på kartet) på vestsida. Ytra leiå som dei sa. I denne ruta var det Haugesund Damp sine båtar, "Stolmen" og "Tonjer" som gjekk i alle år i allslags vêr mellom Haugesund og Bergen. Dei tok heile vestsida for seg: Brandasund, Urrangsvåg, Øklandsvåg, Melingsvåg, Hiskjo, Mælandsvåg, Alsvåg, Finnås,  Lykling, Grutle og Espevær til slutt.

Når ein svingar rundt holmar og skjer med berre plottaren til hjelp, er det alltid ein viss fare for å enda i ein blindtarm i labyrinten. Det sundet du går i, har ikkje noko utløp. Du må tilbake same vegen som du kom. Slike tabbar har eg gjort mange gonger. For å unngå dette, hadde eg plukka fram eit gammalt, stort papirkart slik at eg hadde heile oversikten.

På den spesielt fine seinsommardagen vinka me til solslikkande seilbåt-entusiastar og tyske fisketuristar, ein og annan hytteeigar og lakseoppdrettarar i full fart med sine raske arbeidsbåtar.

Me gleid inn mot Kulleseidkanalen. Om den står det følgjande på Wikipedia:  Kulleseidkanalen ligger ved tettstedet Finnås  øya Bømlo i Bømlo kommune i Hordaland. Kanalen ble ferdigstilt i 1856 for å lette båtene sin ferd mellom østsiden og vestsiden av Bømlo. Kanalen ble utvidet og gjort dypere og breiere i perioden 1927-1935 og består av tre kanaler (Austre, midtre og vestre kanal). Total lengde for kanalanlegget er 1,7 kilometer.[1]
I dag er kanalen et lite handelssted og turiststed, med blant annet dagligvareforretning, bensinstasjon og en populær gjestehamn. Det er planer om å lage et badeland ved Kulleseidkanalen.

Kartet er henta frå Google.


 På nettsidene til Bømlo kommune står det ein  lang artikkel om heile historien til Kulleseidkanalen. Hadde me hatt lenger ferie og meir sol i vente skulle me overnatta i gjestehavna midt inn i  kanalen.Typisk at ein rek forbi og tenkjer neste gong, neste år og så vidare.

Klart for neste kanal: Røyksund-kanalen. Om denne står det følgjande i Wikipedia: Røyksundkanalen er en kanal ved Røyksund i Bømlo kommune i Sunnhordland. Kanalen ligger nord for Mosterhamn i Vestre Spissøysundet og skiller Moster fra det øvrige Bømlo. Her ligger Skogbu asylmotta og en populær småbåthavn og badeland. 

Badelandet i Røyksund-kanalen var flott og populært då det var nytt for snart 30 år sidan. Ungane våre kosa seg der i si tid. Det virka ikkje som om gjestehavna og badelandet greidde å halda seg heilt på topp i popularitet, men kanalen i seg sjølv er stadig ein idyll.

Men au au. - Kanalen er stengt på grunn av mudringsarbeid, sto det på eit svært skilt då me styrte inn i kanalen. OK. Då går me så langt me kjem, tenkte eg. Folk smilte då dei såg me rek forbi. Ingen som ropte og sa at me måtte snu. Kanskje arbeidet ikkje er starta ennå? Det såg lovande ut. Men plutseleg låg den svære blå lekteren midt i leia. Me må visst snu og gå tilbake?

Arbeidsfolka hjelpte oss forbi lekteren. Du ser at det er smalt for
gummibåten også. Den kom rett bak oss. 


Men nei. Plutseleg sto det to arbeidskledde mannfolk på lekteren og vinka på oss. Dei hjelpte oss forbi. Det var smalt, men alt gjekk fint. Me slapp gjennom og ferda gjekk vidare sørover.  

Nå har eg vore inne på nettet og lese at mudringsarbeidet i Røyksundkanalen for to år sidan. Planen er at arbeidet skal vera ferdig i 2017, fann eg også ut. Får håpa at småbåttrafikken slepp gjennom i sommarferien neste år. Viss ikkje, må me kanskje utsetja kanalferien på Bømlo eit år.

Kim veit? Den som lever, får sjå. 















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar